Høgskulen i Volda

Open konflikt mellom oppsagd direktør og rektor

Sjølv om høgskuledirektør Ann Kristin Emblem er sagt opp av eit samrøystes styre, sit ho framleis i stillinga og har førebudd saker til styremøtet tysdag. I sakspapira kjem det fram at det framleis er konflikt mellom henne og rektor.

Prorektor Eirik Søvik og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim under styremøtet i mars 2024. Til høgre fungerande direktør Kjell Einar Dagfinnrud. No er direktør Ann Kristin Emblem tilbake i stillinga si.
Publisert Oppdatert

Saka er oppdatert, sjå nedst på sida. 

Det må kunne seiast å ha vore ein turbulent vinter ved Høgskulen i Volda. Etter å ha hatt åtte ekstraordinære møte i høgskulestyret, vart høgskuledirektør Ann Kristin Emblem sagt opp at eit samrøystes styre 22. april.

Det var måndag venta at Emblem ville møta i styremøtet 7. mai, men tysdag morgon melde rektor at den oppsagde direktøren likevel ikkje stiller. Emblem har ikkje fått ein særskilt sluttpakke, men har ordinær oppseiingstid på seks månader. Det opplyser prorektor Eirik Søvik til Khrono.

Du kan følgja styremøtet her frå klokka 10.15:

Handsama i mange møte

Saka som har vore til handsaming fleire gongar i styret, har hatt tittelen «klagesak». Som Khrono har skrive handlar den om at ein tilsett varsla fordi han meinte at direktøren hadde blanda seg inn i eit forskingsprosjekt. Styret vedtok å henta inn ekstern advokathjelp, og i ein rapport, som Khrono har fått tilgang til, vart det konkludert med at direktøren hadde handla på ein måte ho ikkje burde.

Direktøren har tidlegare sagt til Møre-Nytt at ho kjem til å klaga på oppseiinga. Det har ikkje lukkast Khrono i å få ein kommentar frå henne til denne saka.

Vil ikkje møta direktøren

Khrono har òg skrive at fagforeiningane har brote samarbeidet med direktøren. No reagerer dei på at direktøren framleis er i arbeid.

Me ventar på ei avklaring, seier Helle Ulvestad i Parat.

— Me i Parat har vore, og er, kritiske til direktøren, men me støttar stillingsvernet, som òg sikrar rettar dersom ein vert sagt opp. Men på den andre sida er det vanskeleg å forstå korleis det skal verta ved høgskulen framover. Me ventar på ei avklaring, seier Helle Ulvestad, hovudtillitsvalt for Parat.

— NTL stiller ikkje i møte der direktøren møter. Det står me fast på, seier hovudtillitsvalt Sylvi Hovdenakk i NTL.

Ho får støtte frå Torill Engeset i Forskerforbundet.

— Forskerforbundet sine tillitsvalde ved høgskulen, stiller ikkje lenger i møte med direktøren. Det er no rektor, som òg er styreleiar, som representerer arbeidsgivar i partssamarbeidet, seier Engeset.

Ulvestad i Parat understrekar at direktøren har rett til å stå i stillinga si i oppseiingstida.

— Det er avklart at direktøren ikkje kjem til å stilla i møte i informasjons- og drøftingsutvalet. Me i Parat kjem heller ikkje til å stilla i drøftings- eller forhandlingsmøte med direktøren. Men elles deltek me i andre møte me vert kalla inn til, seier ho.

Vil legga fram syn i møtet

I klagesaka mot direktøren var fleire, mellom andre rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim, inhabile. Forholdet mellom direktør og rektor har vore krevjande, har Khrono skrive. I sakspapira til tysdagens møte kjem det fram at framleis er slik.

«Rektor er ikkje einig i direktør sitt saksframlegg, og vil legge fram sitt syn i styremøtet», heiter det i saka med tittelen orientering om avtale mellom Sunnmøre kulturnæringshage AS og Avdeling for kulturfag.

Saka var oppe som munnleg orientering i førre ordinære styremøte, i starten av mars. Då vart saka handsama bak lukka dører.

— Dette var ikkje ei førebudd sak. Me ville kvalitetssikra svara me kunne svara ut. Debatten ville kunne gi fleire spørsmål enn ein kunne svara på, sa rektor Tonheim til Khrono like etter møtet.

I saksframstillinga no kjem det fram at styret bad om å få ei skriftleg sak. 

Avlyste styreseminar

Eigentleg skulle styret no hatt styreseminar i samband med styremøtet. Dette er avlyst. Møtet er i staden eit dagsmøte i Volda, med følgjande agenda:

39/24 — Godkjenning av innkalling og sakliste
40/24 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret — 25.02.2024 — 06.03.2024 -07.03.2024 — 21.03.2024 — 11.04.2024 — 16.04.2024
41/24 — Orientering frå rektor
42/24 — Riksrevisjonen si beretning for 2023 for Høgskulen i Volda
43/24 — Godkjenning av oppstart av doktorgradsprogrammet: «Utdanning, språk og kultur»
44/24 — Master i natur, kultur og sosial berekraft — orientering om status
45/24 — Forskarutdanningsmelding 2023
46/24 — Orientering om avtale mellom Sunnmøre kulturnæringshage og HVO/AKF — Utgreiing om saka
47/24 — Etatsstyringsmøte 10. juni 2024
48/24 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
49/24 — Ymse


Endringslogg:
7. mai 2024, klokka 0925: Tysdag 7. mai opplyste rektor at Ann Kristin Emblem likevel ikkje kjem til å møta i styremøtet same dagen. Måndag kveld hadde den oppsagde direktøren ikkje meld fråfall, og Khrono skreiv at ho kom til å stilla i møte.

Powered by Labrador CMS