studiestart

Dom over årets rektortalar: Nokre liknar på infoskriv

Retorikkekspertane ville gjerne hatt meir spissa innhald, kortare talar og mindre informasjon. — Kronprinsen klarte seg med fem minutt, seier professor.

Dag Rune Olsen, rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, tok imot den ferske statsråden til studiestart. Olsen sin tale til ferske studentar var 3 minutt og 20 sekund — innanfor dei fem som retorikkprofessor Kjell Lars Berge meiner ein kan bruka.
Publisert Oppdatert
Fakta

Desse talane vart analysert

  • Petter Aasen, rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg
  • Dag Rune Olsen, rektor ved UiT Noregs arktiske universitet
  • Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved Høgskulen i Volda
  • Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet
  • Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo
  • Lars-Petter Jelness-Jørgensen, rektor ved Høgskolen i Østfold
  • Anne Borg, rektor ved NTNU
  • Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen
  • Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger
  • Christen Krogh, rektor ved OsloMet
  • Sunniva Whittaker, rektor ved Universitetet i Agder
  • Hanne Solheim Hansen, rektor ved Nord universitet

Svadaretorikk og paternalisme. Det var dommen då to retorikk-ekspertar analyserte rektorane sine studiestart-talar i fjor. Sjølvsagt var det nokre unntak, men hovudkonklusjonen frå professor Kjell Lars Berge og postdoktor Ida Vikør Andersen var at det som kom frå rektorane var for tamt, og at dei ikkje i stor nok grad nytta situasjonen til å løfta viktige problemstillingar og markera seg i ei breiare offentlegheit.

Korleis har det gått i år?

Dag Rune Olsen, rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, varsla på førehand at han skulle ta med sitat frå Jürgen Habermas. Andre rektorar siterte Garborg og Arkimedes. Men var talane betre enn i fjor?

— Eg synest Kjell Lars si oppsummering frå i fjor; paternalistisk konfirmasjonstale, er ei presis oppsummering også i år.

Det seier Charlotte Hidle, stipendiat ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

Kjell Lars Berge sjølv seier at det er mindre formaningar i år enn i fjor. Men han saknar framleis noko:

— Det er ingen som set desse talane inn i ein aktuell kunnskapspolitisk kontekst. Akademia har gått gjennom store endringar med Ola Borten Moe som statsråd. Dette er noko rektorane har meint noko om, men dei vil tydelegvis ikkje vera politiske no.

Synest mange er for lange

Hidle plasserer rektorane sine velkomsttalar i den epideiktiske tradisjonen. Tilbake til antikken var dette talar som skulle lovprisa — eller kritisera — noko i notid, og som skulle konstituera ein fellesskap eller identitet.

— Det er mykje som skjer for studentane. Mange er i ein ny by, dei møter nye menneske. Det er òg mykje informasjon frå studiestadane, i form av kanskje både fakultetsvise og fagspesifikke informasjonsmøte, før det er informasjon om faddergrupper og fadderveke, seier Hidle.

— Og så får dei i tillegg ein tale frå rektor med både praktisk og historisk informasjon. Det får meg til å lura på kor mykje studentane klarar å få med seg om årstal og foreiningar.

— Med få unntak trekkjer ein ikkje fram dei klassiske danningsideala. Ein snakkar om at ein skal utdanna seg til lærarar og ingeniørar og koma seg ut i samfunnet — det er litt yrkesskule over det heile, seier Berge.

Han sukkar litt over sjølve stilen i mange av talane. Det vert for kvardagsleg, seier retorikkprofessoren.

— Men retorisk høgstil er jo ikkje noko ein nyttar lenger.

— Vågar å vera tydeleg

Skjematisk, er ein av hovuddommane frå stipendiat Charlotte Hidle.

Hidle trekkjer fram to talar som gode: Talen Dag Rune Olsen hadde ved opninga ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT) i Tromsø og talen Gunnar Yttri hadde ved Høgskulen på Vestlandet sin campus i Bergen.

Talen til UiT-rektoren er kort. Eg synest mange av talane er for lange, seier Hidle.

Ho trekkjer fram at Olsen held seg til studentperspektivet gjennom heile talen. Og sjølv om han til ei viss grad brukar den kanskje noko oppbrukte reise-metaforen, er den ikkje berre brukt som ein språkleg blome.

— Han brukar omgrepet «ekspedisjon», og det vert eit større bilete. Han held seg dessutan til eitt punkt: Akademisk ytringsfridom.

Også Berge synest talen frå UiT er god.

— Den har litt kraft i seg, ein vågar å vera tydeleg. Her har ein eit gjennomtenkt poeng, seier han.

Habermas og Bon Jovi

Gunnar Yttri brukte i innleiinga til talen omgrepet «høgtidsstund». Hidle meiner at det er nettopp det opninga av det akademiske året er, og at Yttri treffer publikum.

— For ein god del av desse talane har eg lurt på kven talaren har sett føre seg at er publikum. Men talen til Yttri er kort, utan informasjon eller historiske data, men han gir ei kjensle av tilhøyrsle, seier ho.

Stipendiaten seier det er viktig å tenkja på at rektorane som skal halda tale på den første studiedagen er ein ukjend person for studentane. Det er ikkje ein person med sterk etos, altså ein person med autoritet og truverd.

— Eg synest Yttri i sin tale skisserer eit ideal og gir ei kjensle av at dette er ei viktig hending, seier Hidle.

I Yttri sin tale finn Kjell Lars Berge noko av den danningstanken han etterlyser.

— Eg synest dette er ein original tale og det er eit sprekt grep.

Yttri sin tale kan du lesa her.

Studiestart ved Høgskulen på Vestlandet, campus Kronstad, 2023

Fleirbrukstale

— Yttri siterer Arne Garborg, Olsen Habermas. Fleire rektorar siterer Arkimedes. Har desse sitata noko føre seg?

— Sitatet om Habermas er fagleg presist, og eg synest OsloMet-rektor Christen Krogh nyttar Arkimedes som ein analogi på noko større, seier Hidle.

Krogh nytta sitatet «gi meg et fast punkt å stå på, så skal jeg flytte jorden».

— Men så er det ein rektor som har eit sitat frå Bon Jovi. Det vert berre ein floskel, her har ein googla «sitat om livet». Kva 19-åring i dag har eit forhold til Bon Jovi?

Dag Rune Olsen humrar litt når han får høyra at bruken av Habermas får skryt.

— Dette er ein litt spesiell tale, det er ein fleirbrukstale som vart framført ved fleire av våre campus, seier han.

UiT-rektoren trekkjer fram ytringsfridom som heilt avgjerande for argumentasjon — som igjen gir ny kunnskap — som fører til Habermas-sitatet om trua på det beste argumentet.

— Læring er òg ein prosess, eller ein ekspedisjon, som er eit bilete som passar eit arktisk universitet, seier Olsen.

— Kor lenge klarar ein å halda på merksemda på ein slik opningsdag?

— Denne talen varte i tre minutt og tjue sekund, og så lenge må eg klara det! Men langdryge talar har aldri noko godt ved seg, sjølv om dei er gode.

Olsen seier at han sette tematikken, men at det er fleire som har skrive deler av talen, og at han har nytta intern taleskrivekompetanse.

— Du var oppteken av taleanalyse på førehand, som ein av fleire. Er det stas å få skryt?

— Ja, det er det, mest fordi eg er oppteken av å lytta til fagfolk, seier Olsen.

Garborg med variasjonar

— Det viktigaste skrytet har kome frå studentar, frå tilsette og frå andre som var til stades, seier Gunnar Yttri.

Rektoren ved Høgskulen på Vestlandet talte under opninga i Bergen, saman med både ordførar og studentleiar. Tida han har til rådvelde er mellom tre og fem minutt.

— Eg ville snakka om nokre evige, menneskelege sanningar. Eg har teke meg stor fridom med eit dikt av Arne Garborg og brukar det til å seia noko om den einskilde student sitt eige ansvar for å vera ein del av ein fagleg fellesskap, seier Yttri.

Han seier at han i tillegg har spelt inn ein tale, som vart vist til studentar på alle HVL sine fem campus. Denne hadde litt meir høgskulefokus.

— Kven skreiv talen du framførte i Bergen?

— Den er skriven av meg. Eg har gode folk på kommunikasjonsavdelinga som hjelper meg med talar. Nokre gongar får eg forslag til manus, andre gongar, som no, sende eg frå meg tekst for å få innspel.

Hidle meiner at bruken av Arne Garborg fungerer.

— Det står til dette overordna. Opninga er eit arrangement med kapper og korsong — og så brukar mange høvet til å lesa opp noko som kunne vore ein intro-e-post. Yttri klarar å skapa ei kjensle av at dette er stort og viktig.

Les talen høgt

I fjor var det Lars-Petter Jelsness-Jørgensen ved Høgskolen i Østfold og Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger som vart trekte fram som gode talar. Begge desse sa at dei brukte mykje tid på talen, og skreiv mykje sjølv.

— Hidle, er dette ein tale rektorane bør skriva sjølve?

Kjell Lars Berge las rektortalar i fjor òg. Han understrekar at aller helst ville han analysert dei som ein tale - ikkje som tekst. Men om nivået har vorte betre? Det er i alle fall stor variasjon, er svaret.

— Det må vera noko genuint, noko dei har lyst til å formidla. Men mange hadde nok drege nytte av å nytta retorisk fagkompetanse ved sin institusjon, seier ho og smiler.

— Skal ein framføra eit infoskriv er det ikkje så nøye kven som har skrive.

Og sjølv om ho meiner at mange av talane er skjematiske, er det nokre som skil seg ut. Jelsess-Jørgensen i Østfold let mellom anna ChatGPT skriva ein del av talen.

— Eg er spent på korleis dette vart framført. Eg synest ChatGPT-delen er for lang, men det er eit interessant grep, seier Hidle.

Kjell Lars Berge trekkjer fram talen frå Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen om språkleg god.

— Her har ein jobba med språket, det er noko litterært over det. Men veldig original er talen ikkje.

Det var heller ikkje meininga, seier Hagen. Det var statsminister Jonas Gahr Støre som var hovudtalar ved opninga.

— Eg hadde seks minutt og skulle primært ønska velkommen. Det er ein spesiell tale å halda, ein møter ei heilt ny gruppe som ein ikkje har snakka med før, så eg er oppteken av å bruka dei store, enkle orda og korte setningar, og gi eit grovriss av kva det betyr å vera student og kva som er UiB sine hovudverdiar, seier Hagen.

Charlotte Hidle gir henne skryt for å seia at kunnskap er noko som vert skapt i dialog med studentane. Dette er viktig, seier Hagen.

— Eg er oppteken av ein meiningsfull dialog begge vegar. Forskinga vert rikare i møte med studentane.

— Øver du på førehand når du skal halda ein slik tale?

— Ja, det gjer eg. Eg prøver alltid å få lese gjennom talane mine på førehand, og når eg ikkje rekk det, irriterer det meg etterpå. Denne talen las eg høgt. Då endrar ein gjerne litt på nokre setningar, orda må vera naturlege for meg.

Hagen understrekar at talen er skriven for å verta framført munnleg, og gjennom å øva finn ho ut kor det mellom anna er naturleg å ta pausar og kva ord ho bør legga trykk på.

7.000 studentar samla på Muséplass. Rektor Margareth Hagen hadde seks minutt før statsministeren skulle ta over. — Hadde eg hatt meir tid, ville eg teke opp tema som krig og klimakrise. No var mi rolle å ønska velkommen til ein ny del av livet.

Kronprinsen klarte seg med fem minutt

Kjell Lars Berge trekkjer òg fram talen frå Odd Helge Mjellem Tonheim ved Høgskulen i Volda. Han nyttar ei rammeforteljing om ein ung gut som vert student.

— Når ein nyttar eit slikt grep illustrerer ein det ein prøver å seia noko om. Når det fungerer, har det ei stor emosjonell kraft, seier Berge, og viser til talen Obama hadde då han vart innsett som president.

«If there is anyone out there who still doubts that America is a place where all things are possible», sa Obama — den første afroamerikanaren som vart president i USA.

— Men er Tonheim sin tale for lang?

— Ja, det er han. Ein har maks fem minutt. Tenk på talen kronprins Haakon heldt då han gifta seg. Den var nøyaktig fem minutt. Ein får sagt mykje på den tida.

Det er klart ein kjenner det i magen, seier Odd Helge Mjellem Tonheim. Han skulle halda sin aller første opningstale. I minutta før øvde han for seg sjølv på kontoret.

— Eg kan trøysta med at talen var mykje lenger, seier Tonheim sjølv, og humrar.

— Men eg er heilt samd, han burde vore eit par minutt kortare. Men eg var komen dit at då måtte eg ha kutta ein av dei tre delane av rammeforteljinga.

Den ferske rektoren fortel at han hadde to hovudmål med talen. Han ville seia noko om kva som er profilen til høgskulen, og han ville setja fokus på mental helse. Dette er noko han har jobba mykje med som prorektor for utdanning.

— Men eg ville ikkje berre snakka om det, eg ville kontekstualisera. Og om det er slik at berre ein person no får ein ny venn, er det verd det.

— Korleis var det å halda den første opningstalen som rektor?

— Det var veldig kjekt, og eg opplevde at studentane var interesserte. Eg var nok meir nervøs då eg gjekk opp enn då eg faktisk stod der. Den største utfordringa var faktisk å stå i ro! Eg er veldig glad i å bevega meg medan eg snakkar, både når eg føreles og elles.

Powered by Labrador CMS