internasjonalisering

Dramatisk nedgang i talet på studentar utanfrå EU/EØS

Studieavgifta skremmer internasjonale studentar. Ved Universitetet i Agder har berre fire studentar tatt imot og betalt for plass, mot 84 i fjor.

Ved Universitetet i Agder kjem 4 av 14 000 studentar til å betale studieavgift frå hausten 2023.
Publisert Oppdatert

Fleire av dei største norske universiteta opplever eit markant fall i talet på studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits. Stortinget vedtok før sommaren å innføre studieavgift for denne gruppa av studentar.

Det er nettavisa Panorama som har innhenta tal frå lærestadene.

Universitetet i Agder (UiA) tok i 2022 imot 84 nye studentar frå land utanfor EU/EØS/Sveits. I år har berre fire takka ja og betalt studieavgift for hausten. Trenden er lik ved OsloMet, Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU).

Frå 137 til 34

OsloMet får for eksempel berre ni nye studentar i denne kategorien i år. Det er ein nedgang frå 83 i fjor. Tala frå NMBU tyder så langt på ein reduksjon frå 137 i 2022 til 34 nye studentar i 2023.

Det står ikkje på søkartala: Ved OsloMet får 550 internasjonale søkarar frå land utanfor EU/EØS/Sveits tilbod om studieplass frå hausten, mot 173 i fjor. Men berre ein brøkdel har altså bestemt seg for å ta imot studieplassen.

Fakta

Studieavgift

  • Regjeringa har vedtatt at det skal innførast studieavgift ved norske universitet og høgskolar for alle studentar som ikkje er på utveksling og kjem frå land utanfor EU/EØS og Sveits
  • Kunnskapsdepartementet har tatt utgangspunkt i at ei slik avgift vil føre til at 70 prosent av dei som blir rekruttert i dag ikkje vil komme.
  • Totalt vil det føre 2600 studieplassar over til studentar frå Noreg og EØS/EU-land.
  • Departementet meiner universitet og høgskolar til sammen vil hente inn 300 millioner kroner i studieavgift, og dei har fått tilsvarande kutt i sine budsjett.
  • Solberg-regjeringa prøvde å innføre studieavgift i 2014, men måtte trekke forslaget.

UiO melder om ein nedgang frå 140 nye studentar i fjor til 75 i år, som har betalt studieavgift eller er blitt gitt fritak. Ved UiB er tala ikkje klare, men ifølgje universitetet ligg det an til ein markant nedgang også her.

— Absurd

Panorama har særleg sett på utviklingsstudiar, som tradisjonelt har hatt ein viss andel studentar frå andre kantar av verda:

På masterprogrammet Global Development, Crisis and Change kom 11 studentar frå land utanfor Europa i fjor. I år kjem ingen.

— Det kjennest absurd å undervise om felles løysingar på globale problem med berre europearar til stades, seier førsteamanuensis Arnhild Leer-Helgesen ved UiA til Panorama.

For eit femårig studium i utviklingsstudiar kan ein student frå for eksempel Kenya eller USA, etter innføringa av studieavgift, måtte punge ut opp mot 1,5 millionar kroner.

Ifølgje studieleiaren ved Senter for utvikling og miljø ved UiO, Gudrun Cecilie Eikemo Helland, har dei fått fleire meldingar frå kandidatar som først har takka ja, men deretter trekt seg fordi det blir for dyrt.

— Ein amerikanar betalte studieavgift for førsteåret, men sende seinare e-post og sa at ho ikkje vil ha råd til å betale andreåret, og dermed måtte trekke seg, seier Helland til Panorama.

Universitetsavisa har sett nærare på situasjonen ved Kunstakademiet i Trondheim (KIT), som er ein del av NTNU. Der er 75 prosent av studentane borte, etter innføring av studieavgift. Ingen nye studentar frå land utanfor EU/EØS er tatt opp. KIT har vanlegvis ein høg andel studentar i denne gruppa.

Vil prioritere

Innføring av studieavgift vart gjort trass store protestar frå universitetsrektorar og studentar. Fleire har argumentert med at å ta betalt frå studentane bryt med det hevdvunne gratisprinsippet i norsk utdanning.

I Europa er det berre Tyskland som no ikkje har studieavgift for studentar som ikkje kjem frå EU/EØS/Sveits.

Regjeringa har argumentert med at det er nødvendig med hardare prioriteringar. Tiltaket vil ifølgje utrekningane til Kunnskapsdepartementet hente inn 300 millionar kroner til universitet og høgskular, som følgje av at langt færre vil ha råd til å studere i Noreg. Dette vil også gi 2600 studieplassar til disposisjon for studentar som er frå Noreg, Sveits eller  andre land i EU/EØS.

Ifølgje Panorama var det i 2022 omlag 7500 studentar i Noreg frå land utanfor Europa. 5235 kom frå Asia, 1042 frå Afrika, 593 frå Sør-Amerika, og 77 var frå Oseania. 900 studentar var frå europeiske land som ikkje er del av EU/EØS.

Powered by Labrador CMS