Debatt ● Marte C.W. Solheim og Rune D. Fitjar
Eit fjerde samfunnsoppdrag
Universitet og høgskular skal medverke til miljømessig, sosial og økonomisk berekraftig utvikling. Faren er at det kan verte lausrive, vanskeleg å implementere og lite målbart.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Universitet og høgskular spelar ei sentral rolle i å møte dei store samfunnsutfordringane vi står overfor, slik som klimakrisa. Nedfelt i ny formålsparagraf har berekraftig utvikling fått sitt eige punkt i tillegg til forsking, undervisning og samfunnskontakt. Ved å tenke på det som noko lausrive og eige, kan ein ende opp med at det skjer ingenting.
Universitet og høgskular har tre samfunnsoppdrag; undervisning, forsking og innovasjon/formidling. I den reviderte universitets – og høgskulelova frå 2021, har det blitt lagt til eit fjerde. Nemleg at føremålet til universitet og høgskular er å medverke til ei miljømessig, sosial og økonomisk berekraftig utvikling.
Det er betimeleg å spørje korleis det vert arbeidd for å nå dette fjerde punktet i praksis. Faren er at det kan verte lausrive, vanskeleg å implementere, lite målbart og det kan falle mellom tre stolar.
Innleggsforfattarane
Berekraftig utvikling er viktig, men er òg eit område som til tider kan bere preg av vidløftige og uhandgripelege moteord, meir enn konkrete tiltak og handlingar. Det kan gjere det krevjande å få tak i kva som konkret fremjar omstilling.
Når berekraftig utvikling no er kome som eit eige føremål, kan ein spørje kva slags mekanismar og tiltak dette skal utløyse, om det ikkje skal vere innan undervisning, forsking eller innovasjon og samfunnskontakt?
Ein ny Unesco-rapport ført i pennen av ei verdsvid, breitt samansett forskargruppe trekk fram at medverking frå utdanningsinstitusjonar til dei sosiale, økonomiske og miljømessige transformasjonane er heilt naudsynte for å løyse berekraftsutfordringane.
I rapporten vert det lagt vekt på at det ikkje er nok å seie at høgare utdanningsinstitusjonar spelar ei viktig rolle for å nå berekraftsmåla. Ein må spesifikt identifisere på kva måtar dette skal skje. I tillegg trekk dei fram at det er viktig med ein holistisk framgangsmåte for å få dette til.
Sagt med andre ord, ein kan ikkje sitje på kvart sitt nes og styre på med sitt, men må integrere berekraft i brei forstand i utdanning, forsking og innovasjon. Unesco-rapporten understrekar behovet for tverrfaglege formar for produksjon og deling av kunnskap, viktigheita av å bli opne institusjonar, fremje epistemisk dialog og integrere ulike måtar å ha kunnskap på.
Krav om sterkare nærvær i samfunnet gjennom proaktivt engasjement og samarbeid med samfunnsaktørar vert vektlagt. Dette er, slik vi les det, i tråd med at berekraftig utvikling står sentralt i alle kjerneområda til universiteta.
Ved Universitetet i Stavanger er grøn omstilling sjølve motoren i strategien. Omstillingsarbeidet skal vere ein del av alt vi gjer, vere seg undervisning, forsking og innovasjon, og ikkje lausrive frå kjerneoppdraga.
Vi arbeider med grøn omstilling både spissa og i breidde: På den eine sida skal alle fagmiljø omstille verksemda si i grøn retning. Eit døme er arbeidet med integrering av berekraft, innovasjon og entreprenørskap i utdanningane.
Som del av det stiller vi no krav til alle studieprogram om læringsutbytte knytt til grøn omstilling. Samtidig legg vi til rette for utvikling av nye emne og modular som kan bli del av studieprogramma.
På den andre sida skal vi utvikle ny spisskompetanse gjennom tverrfagleg samarbeid. Vi har nyleg etablert ein grøn omstillings-lab, som samlar teknisk-naturvitskaplege, samfunnsvitskaplege og humanistiske fagmiljø som arbeider med grøn omstilling. Her skal fagmiljøa samarbeide om nye forskingsprosjekt, utdanningsemne, ph.d.-nettverk og samarbeid med arbeidsliv og befolkning.
Her står tverrfagleg samarbeid for å arbeide fram korleis nye utfordringar og moglegheiter skal utnyttast i eksisterande og framtidsretta næringar sentralt. Eit sterkt fagleg forankra fokus for ei institusjonell satsing er viktig om ein skal lukkast. I tillegg er tett dialog og samarbeid med omgjevnadane viktig. Arbeidet må henge i hop, vevast samlast, og skapast ikkje i isolasjon, men ved å knyte seg nærare andre.
Andre døme er ei UiS-leia satsing på berekraftig havbruk som er eit Grøn-plattform- prosjekt som skal sjå nærare på fiskevelferd samt reduksjon av miljø – og klimaavtrykk i havbruket. Prosjektet involverer ei rekkje havbruksselskap, leverandørverksemder, forskingsinstitusjonar, myndigheiter og sentrale aktørar.
Desse skal mellom anna samlast gjennom ansvarleg innovasjonslaboratorium der ein dreg nytte av konsept og retningslinjer for ansvarleg forsking og innovasjon og levande laboratorium.
Eit ansvarleg innovasjonslaboratorium er eit nytt konsept som mogleggjer samskaping av kunnskap mellom deltakarane og er utvikla for å lære av innovasjon i sanntid der deltakarane får kunnskap gjennom ein gjentakande prosess, med von om å redusere usikkerheit knytt til innovasjonar.
Deling av kunnskap mellom deltakarar frå ulike ståstadar og institusjonar speglar attende på Unesco-rapporten sitt fokus på å fremje epistemisk dialog samt å integrere ulike kunnskapsgrunnlag og forståingar.
Det som nokre av våre døme syner, er ulike måtar berekraftig utvikling kan integrerast i dei tre samfunnsoppdraga til høgare utdanning, og at dette er noko som må aktivt og målretta må knytast til eksisterande samfunnsoppdrag skal det bli ein realitet.
Det er mange gode argument for at formålsparagrafen skal reflektere dei utfordringane som samfunnet no står overfor, og la det stå svart på kvitt at institusjonar for høgare utdanning har eit viktig samfunnsoppdrag knytt til ei berekraftig utvikling.
Herunder til dømes viktigheita av å målretta arbeide for berekraftige praksisar knytt til korleis ein organiserer arbeidet ved institusjonane. Men det er betimeleg å spørje korleis det vert arbeidd for å nå dette fjerde punktet i praksis.
Faren er at det kan verte lausrive, vanskeleg å implementere, lite målbart og det kan falle mellom tre stolar.
Les også:
Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside
Nyeste artikler
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner
Menneskene først: Teknologiens sanne verdi ligger i å forstå virkelige problemer
Klar for et kvantesprang?
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord