Debatt gunnar yttri

Eit nytt universitet i ei ny tid

Aldri før har vel utdanning og forsking spelt ei viktigare rolle i samfunnet enn nett no, skriv Gunnar Yttri.

Me står midt i ein pandemi. Den utfordrar oss. Me ser arbeidslivet endrar seg. Me står i omstillingar. Mange av oss kjenner at å skulla halda avstand gjer noko med oss, skriv Gunnar Yttri.
Me står midt i ein pandemi. Den utfordrar oss. Me ser arbeidslivet endrar seg. Me står i omstillingar. Mange av oss kjenner at å skulla halda avstand gjer noko med oss, skriv Gunnar Yttri.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I fem veker har eg kjent på gleda over å vera rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Ein stor høgskule med fem campus, kvar for seg særmerkte og moderne, som spreier seg fint utover Vestlandet: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord. Godt plassert i Noreg og med fint utsyn til verda. Her byggjer me det nye universitetet.

Me står midt i ein pandemi. Den utfordrar oss. Me ser arbeidslivet endrar seg. Me står i omstillingar. Mange av oss kjenner at å skulla halda avstand gjer noko med oss.

Ein god del av studentane våre har kome tilbake til dei ulike studiestadene, både her i HVL og elles i landet. Dei er i gang med studiane. Det er fint å sjå. Me jobbar alle med mål om at studentane våre ikkje skal bli forseinka i utdanningslaupa sine. Så veit me at mange har måtta studera aleine utan medstudentar det siste året. Det har vore svært tøft. Mange tilsette gir og uttrykk for at det er krevjande med heimekontor over lenger tid. Me saknar alle dei gode, fysiske fellesskapa. Så langt smitteverntiltaka har gitt rom for det, har me halde campusane våre opne.

Me lengtar etter det me før 12. mars 2020 tok for sjølvsagt. Levande campus gir dei beste rammene for danning og utdanning, for forsking og kunnskapsbygging. Men det er grunn til optimisme. Vaksinasjonsprogram, gode og kraftfulle smittevernstiltak, og skifte i årstider gir lysare utsikter.

Og aldri før har vel utdanning og forsking spelt ei viktigare rolle i samfunnet enn nett no. Det kunnskapsbaserte har rangen.

Universitet og høgskular har gjennom pandemien vore gjennom endringar, store og små. Me har lagt om undervising. Forsking og utviklingsarbeid har funne nye former. Me har redusert reisinga vår. Internasjonalisering har fått særskilde krav og me samhandlar med arbeidslivet på nye måtar. Kvardagen er endra. Me har lært nye ting, me har tenkt andre tankar, me har opna nye dører. Me har bygd fellesskap på nye måtar. Me har nytta eit arsenal av kunnskapar til å forma det digitale hamskiftet. Vi vil nå våre mål. Erfaringane frå den digitale omlegginga skal me hausta godt og klokt av.

Me lengtar etter det me før 12. mars 2020 tok for sjølvsagt. Levande campus gir dei beste rammene for danning og utdanning, for forsking og kunnskapsbygging

Gunnar Yttri, rektor ved HVL

Tilsette arbeider dagstøtt for å utvikla den aller beste undervisninga. Dei utviklar og tilbyr utdanning av høg kvalitet, frå korte kurs til doktorgradsutdanning. Både digitalt og analogt. Eg møter og høyrer om forskarar som stadig gjer små og store gjennombrot og oppdagingar kring problemstillingar som verksemder og samfunnet rundt oss treng svar på. Samskipnad og studentar jobbar på for gode og tenlege velferdstilbod.

Pandemien lærer oss at kunnskap veks når han vert delt. Med teknologi og kloke arbeidsformer byggjer me samla styrke over geografiske, faglege og institusjonelle avstandar. Det er ein helt ny måte å samhandla på. Stundom har det vore strevsamt, men eg tør påstå at me har lukkast med å byggja godt. Koronapandemien har utan tvil forløyst omfattande og ganske avansert bruk av informasjonsteknologi. Digitalisering krev kloke hovud og ein sunn og kunnskapsbasert tilnærming.

Men viktigast; bruken av IKT og teknologi under pandemien har gitt oss alle ei langt sterkare forståing av at det fysiske møte mellom menneske er eit gode me ikkje lenger kan ta for gitt.

Når det er sagt; me må erkjenne at me er ein del av eit større bilete. Både som sektor og som enkeltinstitusjon. Pandemien råkar ulikt både her i landet og internasjonalt. Det svingar fort. Frå rask nedstenging til forsiktig opning. Det er noko å tenka på og ha med seg i den store samanhengen.

I studentane våre ligg det ei formidabel kraft

Gunnar Yttri, rektor ved HVL

På 50 år har vår sektor vakse frå 50 000 til 300 000 studentar. I studentane våre ligg det ei formidabel kraft. Den krafta skal me ta godt vare på. Mange av våre studentar har med seg nett dette, ei kraft og svolt til å læra, ein vilje til å vera på veg, ein vilje å skapa noko nytt og betre, ein vilje til å dela, ei grøn og berekraftig haldning, ei drivande digital innstilling og ein ungdommeleg hang til å møta dagen, arbeidet og medmenneske med eit ope sinn, og å til å ringa inn det heile med leik og glede.

Det må me hegna om.

Me ser òg at livslang læring forpliktar oss meir. Arbeidslivet møter nye krav, og nye arbeidsplassar som me ikkje har visst om dukkar opp. Arbeidsløyse og omstilling vil utfordra oss i tida som kjem. Det skjer både i by og distrikt.

Og for å snakka om min eiga høgskule; Her skal me vera tilstades å bidra. Me vil leggja til rette for fleksible utdanningstilbod som svarar på behova i samfunnet. Fem campus gir store moglegheiter, og nærleik og styrke til arbeidslivet.

Eg er såleis stolt over å vera rektor i ein høgskule med høge ambisjonar, og eg gler meg til å arbeida med utgangpunkt i Bergen, hovudstaden på Vestlandet. Eg finn stor glede i og har sterk motivasjon for arbeidet som står føre. Det nye profesjons- og arbeidslivretta universitetet me byggjer på Vestlandet skal vera den beste kombinasjonen av fysiske og digitale lærestader. Det vil gjera oss til ein sterkare utdanningsinstitusjon, ein sterkare forskingsinstitusjon og ein betre samarbeidspartnar.

Vårt nye universitet ligg litt fram i tid. Men me er på god veg. Så er ikkje universitet det einaste målet me siktar etter. Mest av alt skal me ha auge for alt det fine og viktige tilsette og studentar får til i det daglege, alle dei småe, gode stega. Alle dei gode møta. Dei som skjer både digitalt og fysisk. Både her og no – og inn i den nye tida.

Powered by Labrador CMS