uit
Far og son tok master i juss samtidig
Jone Slettli (36) og faren Fred Erik Fredly (62) vart begge nyleg ferdige med jussutdanninga ved UiT Noregs arktiske universitet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Det er jo litt spesielt å verte juristar samtidig, seier far Fred Erik i ei nettsak hos UiT Norges arktiske universitet.
Like før juli starta kunne både han og sonen Jone Slettli ta imot beviset på at dei er ferdigutdanna med master i rettsvitskap. Den spesielle historia vart òg omtala i avisa iTromsø.
Hoppa av for 12 år siden
Faren begynte på juss i 2005, men hoppa av etter nokre år. Det gjekk 12 år før han kom tilbake og no fullførte utdanninga han starta på den gongen.
— Eg har hatt full jobb i Harstad kommune heile tida, og dei har vore ein framifrå arbeidsgjevar som eg ikkje kan få rosa nok. Det same kan eg òg seie om juridisk fakultet på UiT som har vore verkeleg fleksible og som stiller opp for studentane sine, seier Freddy til uit.no
Når han no 12 år seinare har tatt ein master i rettsvitskap så skildrar han det slik:
— No kjennest det som om ringen er slutta, seier han.
Begge med anna utdanning
Både han og sonen har ei anna utdanning frå før. Faren er utdanna sivilingeniør og har ein master i prosjektleiing. Sonen er utdanna kokk og næringsmiddelkontrollør. I likheit med faren har han kombinert utdanninga med jobb.
— Det er godt å vere ferdig. No kan eg begynne på neste kapittel, seier Slettli, og fortel at det blir eit kurs i teknisk teikning (BIM).

Nylige artikler
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Ho fortalde om hetsen. Då stoppa det
Edgar Hovland (1938 — 2025)
Vi må ta tak i realitetene i lærings- og vurderingsformene i høyere utdanning
Hull i oversikt over forskning på samfunnssikkerhet og beredskap
Mest leste artikler
Epstein-oppvask i akademia: Stadig flere blir strippet for oppgaver
De fleste har enekontor og faste plasser. Men det er to unntak
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv
Professor mot professor på NHH. Leverte varsel etter debatt om skatt
Handelshøyskole beklager Epstein-kobling: — Vi er rystet