USA
Fleire amerikanske studentar til Storbritannia
14 prosent fleire amerikanske studentar har søkt seg til studiar på lågare grad i Storbritannia etter Donald Trumps angrep på universiteta i USA.
Ferske tal viser at talet på amerikanarar som søker seg til britiske universitet er rekordhøgt, skriv Financial Times.
Ifølgje informasjon frå det samordna opptaket i Storbritannia torsdag hadde nær 8000 amerikanske studentar søkt på kurs til lågare grad som startar til hausten.
Det er ein auke på 13,9 prosent, og det høgaste talet på søkarar sidan den første registreringa i 2006.
Samanhengen mellom rekorden i talet på søkarar og Donald Trumps angrep på høgare utdanning i USA er klar, ifølgje ekspertar Financial Times har snakka med.
— Trump-administrasjonens handlingar og retorikk gjer USA mindre attraktiv, som fører til at studentar leitar andre stader, særleg i Storbritannia, seier visepresident i Keystone Education Group, som er eit internasjonalt studentrekrutteringsbyrå.
Samstundes viser tala generelt at færre utlendingar søker om visa til Storbritannia. Økonomisk krise ved britiske universitet har ført til oppseiingar og nedlegging av studieprogram det siste året. Studieavgiftene ligg an til å bli auka for først gong sidan 2017, og regjeringa har lagt fram planar om å innføre avgift på inntekter frå internasjonale studentar.
Tala frå det samordna opptaket viser ein samla oppgang på 2,2 prosent når det gjeld søkarar frå land utanfor Europa.

Nylige artikler
Kritisk til flunkende nye studentboliger
Forskerne diktet opp en sykdom. KI trodde den var ekte
Professorer mener de blir sensurert. Nå slutter de
Det handler om studentenes læringsmiljø, ikke om teknologimotstand
Bare menn hadde disse studiene som førstevalg
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Disse studiene har bare kvinner satt øverst på listen
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Forskeren ble stadig mer irritert, forsøkte til slutt å forgifte kollegaen