noregs handelshøgskole

Full tillit til Thøgersen etter påstandar om fryktkultur og inhabilitet

Fagforeiningane ved Noregs handelshøgskole (NHH) stiller seg bak rektor Øystein Thøgersen.

Fagforeiningane ved NHH meiner det er «god takhøyde og rom for å ta opp saker av alle slag» med NHH-rektor Øystein Thøgersen.
Publisert Oppdatert

Tysdag var det duka for årets siste styremøte ved Noregs handelshøgskole. Møtet gjekk føre seg digitalt på Teams.

Det siste halve året har Khrono skrive fleire saker om NHH og rektor Øystein Thøgersen. I samband med dette arbeidet har Khrono forsøkt å få dei fem fagforeiningane ved NHH i tale, men ingen har ønskt å kome med nokon kommentar.

På tysdagens styremøte vidareformidla styreleiar Karen Helene Ulltveit-Moe eit brev signert av Maj Brit Iden (NTL), Lone Haugsvær (Parat), Kjell J. Borlaug (Akademikerne), James Hosea og Sigrid Lise Nonås (begge Forskarforbundet).

NHH-styret samla seg på Teams i det siste møtet før jul.

I brevet står det følgande:

«Vi har de siste ukene blitt kontaktet av Khrono med forespørsel om å kommentere flere av sakene som omhandler NHH. Vi verken kan eller vil kommentere personalsaker. Sakene i Khrono kan imidlertid skape utrygghet blant ansatte på NHH, og vi finner det derfor riktig å opplyse styret om at vår opplevelse av ledelseskulturen på NHH ikke stemmer med det bildet som tegnes i Khrono.»

Vidare står det:

«Vi opplever et godt og konstruktivt samarbeid med arbeidsgiver, der det er god takhøyde og rom for å ta opp saker av alle slag. Vi kjenner oss ikke igjen i påstandene om at det hersker en fryktkultur ved NHH. Vi har full tillit til rektor Øystein Thøgersen og opplever at våre tilbakemeldinger til arbeidsgiver blir godt mottatt. Også i personalsaker oppleves det uproblematisk å målbære vårt syn.»

— Ingenting av substans

Det var professor og instituttleiar Leif Egil Hem som i november gjekk ut i Khrono og meldte om fryktkultur ved NHH. Rektor Øystein Thøgersen avviste påstandane.

I sommar var Thøgersen i søkelyset etter å ha utpeikt kjærasten sin og noverande ektefelle Linda Nøstbakken til eit styreverv i høgskolens forskingsselskap. Thøgersen sjølv kalla dette ein «dum feil», og Nøstbakken valde på si side å trekke seg frå styret.

Khrono har i haust også skrive om advokatutgiftene NHH har hatt i samband med varslingssaka mot Leif Egil Hem. Så langt  har NHH brukt nær to millionar kroner.

Søndag denne veka skreiv Khrono om tidlegare NHHE-direktør Tore Hellebø, som opplevde å bli pressa ut frå NHH, ein prosess som starta med eit møte mellom han, Thøgersen og avtroppande prorektor Linda Nøstbakken. 

Dei to sistnemnde var på møtetidspunktet i ein relasjon som fleire månadar tidlegare hadde begynt å utvikle seg til noko meir enn eit vanleg venskap. Jurist og ekspert på forvaltningsrett, Geir Kjell Andersland uttalte at han meiner Øystein Thøgersen var inhabil i samband med Hellebø-saka. Thøgersen sjølv har avvist dette.

I samband med opplesinga av brevet frå Fagforeiningane på tysdagens styremøte, peikte styreleiar Karen Helen Ulltveit-Moe på Hellebø-saka, før ho sa følgande til styret:

— Eg vil minne styret om at det er ingenting av substans i det siste oppslaget i Khrono som styret ikkje allereie er kjent med. Dette vart svært godt handsama i styremøtet i september. Det er snakk om forhold som ligg langt tilbake i tid, og det er ingen som har fremma krav om at NHH-styret eller andre skal sjå på dette (Hellebø-saka journ. anm) på nytt.

Ingen spørsmål

Ulltveit-Moe heldt fram med også å poengtere at rektor Øystein Thøgersen framleis vil vera habil i den vidare handsaminga av varslingssaka mot Leif Egil Hem, som i utgangspunktet skal opp på neste styremøte.

— Habilitet er ikkje ein tilstand, men noko som knyter seg til enkeltvise avgjersler. Utgangspunktet er at ein erklærer sjølv om ein er habil eller ikkje. Det er ingen tilhøve som tilseier at styret ikkje vil halde fram med å støtte Thøgersen i hans syn på at han er habil når det gjeld å handsame det pågåande sakskomplekset, sa Ulltveit-Moe.

Før møtet vart lukka for offentlegheita som følge av omsyn til personvern, avslutta Ulltveit-Moe med å spørje styret om det var spørsmål knytt til det som hadde blitt diskutert.

Ingen av dei 16 som var til stades på møtet rekte opp handa.

Khrono bad styreleiar Karen Helene Ulltveit-Moe om eit intervju måndag, men ho hadde ikkje moglegheit til å stille opp då.

Måndag var Khrono også i kontakt med dei fleste av styremedlemmene ved NHH. Ingen av dei ønskte å kommentere Hellebø-saka, og viste til styreleiar.

Powered by Labrador CMS