Noregs handelshøgskole

Rektor og prorektor var på veg til å bli kjærastar. Stilte i same møte og pressa ut direktør 

Tore Hellebø vart utskjelt, ribba for tillit og utan varsel bedd om finne seg ein annan jobb — alt i løpet av ein halv times digitalt møte. NHH-rektor Øystein Thøgersen var inhabil, meiner jurist. 

— Det er bra om vi får ein open diskusjon om habilitet og utøving av leiarroller. Kanskje kan det bidra til å hindre at andre hamnar i liknande situasjonar som eg gjorde, seier Tore Hellebø, tidlegare direktør for NHH Executive,

«Ein dum feil», var rektor ved Noregs handelshøgskole (NHH), Øystein Thøgersens, kommentar i sommar.

Khrono hadde då avdekt at han hadde utnemnd kjærasten sin, tidlegare prorektor i Thøgersens rektorat, Linda Nøstbakken, til styreverv i NHHs forskingsselskap hausten 2022.

Khrono kan no fortelje at den inhabile utnemninga av Nøstbakken til styrevervet ikkje er den einaste hendinga som kan ha vore problematisk i samband med relasjonen mellom dei to, som i dag er ektefellar.

2. juli 2020 var Thøgersen i eit møte med ein av direktørane sine, Tore Hellebø, som rektoren tilsette i 2019 for å leie NHHs avdeling for etter- og vidareutdanning, NHH Executive (NHHE). I same digitale møte var også avtroppande prorektor for utdanning, Linda Nøstbakken.

Thøgersen og Nøstbakken var på møtetidspunktet i ein relasjon som fleire månader tidlegare hadde begynt å utvikle seg til noko meir enn eit vanleg vennskap. Dette var ikkje gjort kjent for andre sentrale medarbeidarar og leiarar på NHH.

Khrono har fått tilgang til referata frå møtet og korrespondanse som gjekk i etterkant av møtet. I møtet gav Nøstbakken — utan at Thøgersen protesterte — direktør Hellebø flengande kritikk etterfølgd av beskjed om at han burde finne seg noko anna å gjere på. Nokre månadar seinare slutta Hellebø ved NHH.

Jurist: — Inhabil

Khrono har snakka med to juristar om saka. Ein av dei er ekspert på forvaltningsrett, Geir Kjell Andersland, som er godt kjend med både akademia generelt og Noregs handelshøgskole spesielt.

Han understrekar at jobben hans som NHH-direktør på 1990-talet ikkje er relevant for denne saka.

Andersland si vurdering er at Øystein Thøgersen var inhabil i samband med saka som til slutt enda med at Tore Hellebø slutta ved NHH.

Geir Kjell Andersland.

— Dersom opplysningane Khrono presenterer stemmer, er det mi vurdering at han var inhabil, ja, fastslår Andersland.

Han understrekar at grunnføresetnaden for å meine dette, er at forholdet mellom Thøgersen og Nøstbakken var noko meir enn eit bekjentskap, noko som rektor sjølv altså har stadfesta at det var.

— Det neste er at det ligg føre ei eller anna form for konflikt i det aktuelle møtet, og ikkje minst det som hender etterpå. Det er det tydeleg at det gjer her, og Nøstbakken går ganske hardt til verks. Thøgersen protesterer ikkje på det som kjem frå Nøstbakken, verken i sjølve møtet eller i etterkant. Nøyaktig kva som skjer etter møtet, veit vi ikkje, men enden på visa er at Hellebø til slutt går av som direktør, seier Andersland.

Ikkje tillit

På agendaen for det aktuelle møtet i juli 2020 stod evaluering av arbeidet med å få på plass ei internasjonalt anerkjend akkreditering til NHHE sine MBA-program. 

Nøstbakken gjer det klart at «me opplevde at NHHE gjorde ein slett innsats», som det er formulert i det 12 sider lange referatet Nøstbakken sjølv har laga frå møtet. I rolla som prorektor for utdanning hadde Nøstbakken ansvaret for kvalitet og dermed all akkreditering av NHHs utdanningstilbod. 

Hellebø blir halden personleg ansvarleg for det ho omtalar som «fadesen».

Til slutt i møtet gjer Nøstbakken det klart at ho ikkje lenger har tillit til Hellebø. Ho legg til at ho veit at han heller ikkje har tillit hos andre sentrale personar knytt til NHH og NHHE, utan å seie kven dette er.

Før ho brått loggar av det digitale møtet, avsluttar Nøstbakken med å anbefale Hellebø å finne seg ein annan jobb «jo før jo heller».

I slutten av september 2020 annonserte NHH at akkrediteringa, som var tema på møtet mellom Hellebø, Nøstbakken og Thøgersen i juli, var på plass. Dette var allereie kjent då møtet fann stad. 

Meir enn vennskap

Det som ikkje var kjent for Hellebø på møtetidspunktet, var at Thøgersen og Nøstbakken allereie då hadde ein relasjon som ifølge Thøgersen sjølv hadde vore i utvikling frå eit vanleg vennskap til noko meir i fleire månadar.

Linda Nøstbakken og Øystein Thøgersen (skjermdump Facebook) 2020.
Linda Nøstbakken og Øystein Thøgersen gifta seg i august 2022. Her svarer dei på pandemispørsmål frå studentane på Facebook 28. mars 2020.

I ein e-post som Thøgersen sende Khrono i sommar, stadfesta rektoren at forholdet mellom han og Nøstbakken «begynte å endre seg fra et vennskap til noe mer etter at det ble klart at Nøstbakken var på vei bort fra NHH». Dette var i februar 2020.

Kjærleiksrelasjonen mellom rektorparet var dermed i emning minst fire månader før møtet med Hellebø.

— Vi hadde ingen problematiske aspekt knytt til habilitet eller noko slikt før sommeren var over, seier Øystein Thøgersen i eit intervju med Khrono no.

Thøgersen innrømte i sommar at han var inhabil då han utnemnde Nøstbakken til styreverv i NHHs forskingsselskap, Samfunns og næringslivsforskning (SNF), hausten 2022. Nøstbakken trekte seg frå vervet kort tid etter at Khrono tok kontakt.

Nøstbakken vart første gong utnemnd av Thøgersen til styrevervet i SNF i 2019.

«Ren trakassering»

Overhalinga Tore Hellebø opplever å ha fått i møtet med Nøstbakken og Thøgersen 2. juli 2020, fører til at han tar opp saka like etter møtet.

Han meiner Nøstbakkens kritikk er usakleg og vart gitt ei form «som fremstår som ren trakassering». Hellebø melder til HR-sjefen, med kopi til verneombod og rektor Thøgersen, om at han vurderer å varsle om dette.

I ein eigen e-post tar Hellebø kontakt med rektor, som er hans direkte overordna, og seier seg lei for situasjonen som er oppstått. 

Han ber om at rektor stadfestar at han har tillit, og legg til at han håpar på ei orsaking frå Nøstbakken.

Det får han ikkje.

Linda Nøstbakken var prorektor i Øystein Thøgersens rektorat frå 2017 til ho slutta på NHH i 2020.

I sitt referat frå møtet mellom dei tre skriv Nøstbakken i staden at ho står «fullt og fast» ved det ho sa i møtet. Ho gjentar fleire gonger at Hellebø ikkje lenger har sjansar til å lukkast i jobben. 

Ifølgje Nøstbakken gjer Hellebø gjennom tilbakemeldingane sine etter møtet «vondsinna forsøk på diskreditere» henne. Ho legg til at «det er noko eg ventar at NHH tek tak i».

Etter sommarferien, 16. august 2020, sender Thøgersen eit brev til HR-sjefen, med sitt eige referat frå møtet. Heller ikkje der kjem det noko orsaking. I staden stiller Thøgersen seg bak Nøstbakkens kritikk av Hellebø.

Hellebø: — Ikkje konflikt

Til Khrono seier Hellebø at han for lengst er ferdig med saka. 

— Men om det er slik at Thøgersen og Nøstbakken var eit par, set det unekteleg møtet vi hadde — og prosessen vidare — i eit nytt lys. Då må det i det minste vere grunn til å stille spørsmål ved korleis dei utøvde leiarrollene sine, seier han.

Hellebø inngjekk ein sluttavtale med NHH og trekte seg frå direktørstillinga 1. november 2020. Han driv i dag Utdanningssenteret på Geilo, i tillegg til å ta ulike konsulentoppdrag.

— Det kom nok brått og uventa på mange av medarbeidarane at eg slutta. Slik saka utvikla seg, vart det til slutt ei hensiktsmessig løysing for min del, seier han.

Hellebø seier han opplevde møtet med Thøgersen og Nøstbakken som irrasjonelt.

— Eg hadde ikkje nokon konflikt med Nøstbakken i utgangspunktet, i alle fall ikkje som eg var klar over. Det er alltid rom for forbetring i slike akkrediteringsprosessar, og det er heilt sikkert element her eg kunne ha gjort betre. Eg trudde møtet skulle handle nettopp om forbetringspunkt med utgangspunkt i evalueringsrapporten, seier Hellebø.

Det var det britiske akkrediteringsorganet Association of MBAs (AMBA) som besøkte høgskolen for å setje kvalitetsstempelet sitt. 

Hellebø forklarer at han bestemte seg for likevel ikkje å varsle formelt om hendinga i møtet.

— Eg såg det som meir fornuftig å legge dette bak meg og heller sjå framover. Nøstbakken skulle jo heller ikkje jobbe vidare på NHH.

Kjende seg makteslaus

Hellebø er ein av fleire personar som er nemnde i eit varslingsbrev som instituttleiar og professor ved NHH, Leif Egil Hem, sende til Kunnskapsdepartementet i oktober. 

Hellebø seier han har godtatt å bli tatt med i dette brevet.

— Eg kjenner meg igjen i kjensla av maktesløyse. Det er bra om vi får ein open diskusjon om habilitet og utøving av leiarroller. Kanskje kan det bidra til å hindre at andre hamnar i liknande situasjonar som eg gjorde, seier Hellebø.

— Eg kjenner meg igjen i kjensla av maktesløyse, seier tidlegare NHHE-direktør, Tore Hellebø.

I sitt varslingsbrev på 113 sider sendt til Kunnskapsdepartementet skuldar Hem rektor Thøgersen for maktmisbruk og for å ha skapt fryktkultur. Bakgrunnen for påstandane er handteringa av ei varslingssak mot Hem sjølv, som han meiner tok form som ein «hekseprosess» og gjengjelding i regi av rektor. Rektor Øystein Thøgersen har avvist skuldingane.

Departementet har svart at dei ikkje ser brevet som eit varsel etter arbeidsmiljølova og har spela ballen tilbake til NHH. NHH-leiinga seier dei ikkje vil gå vidare med varselet frå Hem. Derimot vurderer dei sanksjonar mot instituttleiaren. Saka skal etter det Khrono har fått opplyst opp i NHH-styrets møte 30. januar 2024.

Hellebø seier han ikkje ønsker å kommentere Hem si sak.

— Men når eg i Khrono ser at rektor svarar på påstandane om fryktkultur med å tvert imot peike på «stor takhøgd for å ytre seg i alle saker», stiller eg meg undrande. Det var ikkje mi oppleving. Utover dette har eg stor respekt for NHH som ein anerkjend utdanningsinstitusjon. Eg er takknemleg for tida eg fekk arbeide saman med mange flinke og hardtarbeidande kollegaer.

Thøgersen: — Ingen betydning

Til Khrono avviser rektor Øystein Thøgersen at det er noko «sjølvstendig samanheng» mellom det som hende i møtet 2. juli 2020 og prosessen som enda med at Hellebø slutta i jobben.

Han seier også at han og Nøstbakken ikkje omtalte seg som kjærastar på dette tidspunktet, men at dei først kunne reknast som det «utpå hausten» 2020.

— Temperaturen i møtet var høg, og det var stormfullt. Men eg vil poengtere sterkt at møtet ikkje hadde noko sjølvstendig betydning for Hellebø sitt arbeidsforhold, seier Thøgersen til Khrono.

På spørsmål om han hadde tillit til Hellebø før møtet, gjentar Thøgersen det same, at møtet ikkje var relevant for utviklinga av Hellebøs arbeidsforhold.

— Møtet hadde inga betydning for tillit eller ikkje tillit, seier han.

— I Nøstbakkens referat står det at hennar vurdering er at det beste Hellebø kan gjere for NHH er å finne seg ein annan jobb, jo før jo heller. Stiller du deg bak dette i ditt referat frå møtet?

— Nei, mitt referat frå møtet gir ikkje grunnlag for ein slik konklusjon. Eg vil av prinsipp ikkje gå i detaljar om Hellebøs tilsetjingsforhold på NHH, seier Thøgersen, og legg til at han står ved innhaldet i sitt skriftlege referat frå møtet.

— Vi hadde ingen problematiske aspekt knytt til habilitet, seier NHH-rektor Øystein Thøgersen.

På spørsmål om korleis hans personlege forhold til Nøstbakken var i juli 2020, og når det begynte å utvikle seg, viser Thøgersen til at han står ved svara han gav i Khrono i sommar.

— Vi kan beskrivast som kjærastar frå utpå hausten 2020, sjølv om vi ikkje omtalte oss som det.

— Du har sagt at forholdet begynte å utvikle seg frå noko meir enn vanleg vennskap i februar 2020?

— Ja.

— Kan du slå fast at det ikkje har vore noko meir enn vanleg vennskapeleg forhold mellom deg og Nøstbakken før 2020? 

— Her kan eg berre vise til det eg har svara på dei førre spørsmåla.

— Hellebø seier at om det var slik at de var eit par, så set det prosessen hans i eit nytt lys og gir grunn til å stille spørsmål ved utøvinga av leiarrolla di. Kva er din kommentar til det?

— Eg har forståing for at Hellebø vil reise spørsmålet knytt til dette møtet, men min relasjon til Nøstbakken hadde den dynamikken som eg nettopp har vist til. Eg hadde ikkje oppleving av bindingar eller ein særleg relasjon av betydning for dette møtet i juli.

Nøstbakken: — Heilt usamd

Linda Nøstbakken seier til Khrono at ho framleis står inne for alt ho sa i møtet med Tore Hellebø og Øystein Thøgersen.

— Men eg vil beklage at eg blei sint, og eg forstår at Tore Hellebø fann det ubehageleg, seier Nøstbakken.

Ho presiserer at ho gjennom våren 2020 hadde eit sterkt ønske om at Tore Hellebø skulle lukkast i jobben. Ho kallar den tidlegare NHHE-direktøren for eit friskt pust, og understrekar elles at ho meiner at møtet ikkje kan sjåast i direkte samanheng med at Hellebø slutta ved NHH den etterfølgande hausten.

Nøstbakken er usamd med Hellebø i at det som skjedde i møtet grensa til trakassering.

Ho seier også at ho og Thøgersen ikkje definerte seg som eit par sommaren 2020.

— Eg forstår heller ikkje kvifor dette møtet skal rippast opp i etter tre år, seier Nøstbakken, som meiner Khrono går altfor langt når det no blir laga journalistikk av dette.

Ho legg til at det ikkje berre er ho som meiner det, utan at ho ønsker å utdjupe det ytterlegare.

— Det svekker tilliten

Jurist Geir Kjell Anderslands vurdering er at Thøgersen har vore inhabil.

— For å setje det litt på spissen; Thøgersen kunne vore heilt usamd med Nøstbakken i møtet, og han kunne ha kjempa for at Hellebø skulle halde fram i jobben. Men det gjorde han ikkje — tvert om. Er det sikkert at Thøgersen hadde handsama denne saka på den same måten dersom han ikkje hadde hatt den aktuelle relasjonen til Nøstbakken? Ja, det er godt mogleg. Problemet er berre at det — som følge av forholdet — er mogleg å så tvil om det. Det i seg sjølv svekker tilliten.

Andersland poengterer at eit kontrollspørsmål når det gjeld inhabilitet er å spørje kva den moglege inhabiliteten faktisk har betydd.

— Nøstbakken ytra fleire gonger på møtet at Hellebø burde finne seg noko anna å gjere, noko han etter ein vidare prosess også gjorde. Ville utfallet vore det same dersom Thøgersen og Nøstbakken ikkje hadde ein slik relasjon som Khrono viser til? Berre det faktum at vi kan stille akkurat det spørsmålet, gjer at alt dette blir tvilsamt, seier Andersland, før han gjentar:

— Mi vurdering er at Thøgersen er inhabil i denne saka, fordi det personlege forholdet til Nøstbakken er eigna til å svekke tilliten, understrekar Andersland.

Bernt: — Ikkje nødvendigvis inhabil

Ekspert på forvaltningsrett, professor emeritus Jan Fridthjof Bernt, meiner både måten kritikken mot Hellebø blir formidla på og at ein så raskt slår fast at han bør slutte i jobben, kan vere problematisk.

Men det gjer ikkje nødvendigvis rektor, eller prorektor, inhabil i juridisk forstand.

— Eit sentralt spørsmål i habilitetsvurderinga er, i tillegg til det som hende på det omtalte møtet, rektors eventuelle vidare rolle fram mot Hellebøs avslutning av arbeidsforholdet, seier han.

Khrono er kjent med at Hellebø i september blei kalla inn til møte med blant andre Øystein Thøgersen for samtalar om «minneleg løysing».

— Reglane om inhabilitet gjeld ikkje berre når ei avgjersle blir treft — i denne samanhengen i samband med sluttavtalen — men også alle føregåande trinn i saksbehandlinga. Det må leggast til grunn at rektor allereie ved å ta del i det digitale møtet slik det er referert, har medverka til at inhabilitetsreglane gjeld, seier Bernt.

Om den aktuelle situasjonen medfører inhabilitet, er derimot eit meir flokete spørsmål, meiner Bernt. Dersom kritikken mot Hellebø kan seiast å vere av fagleg karakter, vil ikkje eit eventuelt nært forhold mellom rektor og prorektor i seg sjølv hindre dei i å ta del i sakshandsaminga, ifølgje professoren.

— I ei varslingssak mot prorektor, derimot, ville rektor truleg ha vore inhabil, men det er ikkje tema her. Og ved ei behandling av eit varsel ville både han og prorektor ha vore inhabile. 

Det er Forvaltningslovens paragraf 6 om «særeigne forhold som er egnet til å svekke tilliten» som er gjeldande i vurderinga av habiliteten.

Powered by Labrador CMS