Debatt ● Lars Magne Lundheim

Fusk og fanteri

Det alvorlege problemet med fusk basert på kunstig intelligens er ikkje at ein student lurer systemet og får seg ein ufortent god karakter. Det alvorlege er at studenten lurer seg sjølv.

På lunsjrommet slår Arne Midjo av en prat med professor Lars Lundheim. Temaet handler fort om metoden med å be om tilgivelse framfor tillatelse. Lundheim sier han har gode erfaringer med å bruke skjønn.
Det skjer to ting når eg skal halda ei førelesing, skriva ein artikkel eller førebu meg til ein disputas, skriv kronikkforfattaren. Eg er då i ein prosess der eg skaper eit produkt. Samstundes endrar prosessen meg sjølv.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

«Kunstig intelligens» vert for tida mykje debattert i universitetsmiljø. Spesielt gjeld dette bruk av generative språkmodellar, som er det eg har i fokus i det fylgjande. 

Det som oftast kjem opp er dette med fusk. Det nest hyppigaste temaet er at «me me må innsjå at KI er eit kraftig verkty og heller læra studentane å bruka det». Målberarane av den siste haldninga er gjerne slike som sjølve allereie har hatt nytte av til dømes ChatGPT. 

Og kva er det dei brukar dette verktyet til? Blant døme eg har høyrt er desse: Laga powerpoint-presentasjonar til førelesingar, setja opp disposisjon til artiklar og rapportar og dessutan generera samandrag av eit vitskapleg felt som førebuing til opponentoppdrag ved doktordisputasar.

Felles for desse oppgåvene er at bruk av KI sparer tid. Og det skal visstnok vera med å gje idear. 

Jau då, eg tvilar ikkje på at det sparer tid. Og dersom produktet målt i sidetal og førelesingsminutt er det vesentlege, seier eg berre hipp hurra og gratulerer med dagen.

På attenhundretalet vart mange handverk automatiserte og industrialiserte. Soleis kunne til dømes tilverking av friser og anna arkitektonisk utsmykking, som tidlegare vart utført av treskjerarar, overlatast til maskinell produksjon. Dermed vart stilelement som tidlegare berre fanst i høgstatusbygg gjorde tilgjengelege i bustadar for «folk flest». 

Kvar vil eg med denne analogien? Jau, når treskjeraren arbeider, skjer det to endringar: Det skjer ei endring i materialet, der eit emne vert forma til eit kulturuttrykk. Samstundes skjer det ei endring hjå handverkaren. Treskjeraren får det me kallar røynsle eller erfaring eller øving. Det er det du taper ved å overlata ein aktivitet til maskinar.

Sameleis når eg skal halda ei førelesing, skriva ein artikkel eller førebu meg til ein disputas. Eg er då i ein prosess der eg skaper eit produkt. Samstundes endrar prosessen meg sjølv. Eg får, gjennom å leita etter uttrykksformer og poeng, sjølv nye tankar. Eg utviklar meg, eg øver, eg får røynsle, erfaring.

I norskfaget, både på ungdomsskule og gymnas, var ein viktig aktivitet det å skriva stil. Føremålet var då ikkje sjølve stilen, den endringa som blekk og papir skulle gjennomgå, men den endringa som skjedde med skrivaren.

Cellisten Pablo Casals øvde på instrumentet fleire timar kvar dag heile livet. Han skal ein gong ha fått spørsmålet om kvifor han i høg alder framleis heldt på med dette. «Eg innbiller meg at eg gjer framsteg» skal han ha svara. Ved å overlata lysarka, disposisjonen og andre førebuingsaktivitetar til maskinen, gjeng eg glipp av dei framstega, den utviklinga, den skjerpinga av intellektet som sjølve skapingsprosessen gjer med den skapande.

Eisenhower er kjend for sitatet «Plans are worthless, but planning is everything.» Kva meinte han med det? Jau, sjølve planleggingsprosessen gjer noko med planleggjarane. Og det er denne endringa av utøvaren som er det viktige med planlegginga — ikkje den ferdige planen. Eg har høyrt om folk som brukar ChatGPT for å leggja planar. Ver so god: «The plan is worthless.»

I debatten vert ofte innføringa av lommekalkulatoren for femti år sidan trekt fram. Alle innser i dag at det å overlata rutinekalkulasjonar til maskinen frigjer mental kapasitet til meir krevjande oppgåver. Burde me ikkje tenkja tilsvarande om KI? Det er ein viktig skilnad her. Kalkulatoren brukar du når du er komen so langt i ein prosess at du er ute etter eitt tal, eitt rett svar. Eit svar på reknestykket 283x74 er anten rett eller gale. 

I kreative prosessar er det alltid meir enn eitt mogeleg godt svar, og skapinga gjeng nettopp ut på å utforska og velja mellom alle desse gode svara. Kva er det eg har på hjarta akkurat i dag, akkurat i denne situasjonen, akkurat for denne målgruppa? Dette lyt eg arbeida meg fram til. 

Og dette kan ikkje overlatast til nokon annan, ikkje til ein kollega — og i alle fall ikkje til ein instans som ikkje ein gong har prøvd å vera menneske.

Likevel er det denne spanande prosessen mange no ser ut til å ville overlata til maskinar — for å spara tid. Og denne praksisen meiner dei òg at me skal oppmoda studentane våre å gje seg inn på.

Det alvorlege problemet med fusk er ikkje at ein student lurer systemet og får seg ein ufortent god karakter. 

Det alvorlege er at den lærande, ved ikkje sjølv å gjera jobben, gjev frå seg høvet til at jobben skal gjera noko med den som skal læra. Og dermed lurer studenten seg sjølv.

Er det rart studentane svarar med fusk dersom me sjølve praktiserer det same fusket?

Powered by Labrador CMS