høgskulen på vestlandet
Halvtanna år etter at bokhandelen måtte ut, har ingen flytta inn
Høgskulen trong lokala til andre ting, var beskjeden hausten 2023. Snart to studieår seinare er det framleis ikkje bestemt kva lokala til bokhandelen skal brukast til. Tilsette reagerer, og no får styret snart ei sak på sitt bord.

I august 2023 kom beskjeden, og i februar 2024 skjedde det: Bokhandelen Akademika skulle ut frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine lokale på Kronstad i Bergen. Årsaka var at høgskulen trong lokala til andre ting, sa direktør for økonomi og arealforvaltning, Helge Skugstad, til Khrono i august 2023.
Men lokala er framleis ikkje i bruk verken til undervisning eller forskingsaktivitet, som det vart sagt at dei skulle brukast til.
Khrono har fått tips om dette frå fleire hald, og då redaksjonen var på besøk på Kronstad 22. mai, var nokre tilsette frå Institutt for kunstfag i gang med å montera ei utstilling i dei tomme lokala.
Visningsrom
— Det er mange som er interesserte i kva desse lokala skal brukast til, og det er noko av bakgrunnen for at prosessen har teke lang tid, seier Jon Hoem til Khrono.
Han er professor og leiar i forskargruppa Materialitet, teknologi og berekraft (MaTecSus), som no stiller ut arbeid frå eit skapande seminar i Mjøsvågen på Osterøy.
Hoem seier at Institutt for kunstfag, der han er tilsett, har føreslege at dei tomme lokala kan nyttast som eit sosialt rom med moglegheit for å visa ulike sider ved høgskuleverksemda, og at det er mange som er interesserte i dette ved alle fakulteta ved HVL.
— Dette kan vera eit visningsrom og ein møteplass for alle fagmiljø, seier han.
Hoem understrekar at dei tilsette har fått lov til å ta lokala i bruk.
— Men det er sjølvsagt òg ei form for posisjonering i dette. No viser me døme på kva lokala kan brukast til, seier han.
— Fram mot utstillinga handsam har eitt fagmiljø jobba saman. Me håpar vi fleire vil nytta moglegheitene som lokala byr på, og ikkje minst håpar me på samarbeid på tvers av ulike fagmiljø.

Fekk ikkje pensum til semesterstart
— Trist å følgja med på, seier Eigil Hole Lønning.
Stipendiaten var den første som skreiv innlegg om saka i Khrono. Då var han oppteken av at ein høgare utdanningsinstitusjon treng ein bokhandel.
— Det eg vert trist av å følgja med på, er det spesifikke fråfallet av ein bokhandel lokalt og den generelle trenden med at institusjonar er meir opptekne av effektivitetsmålingar som ikkje har kontaktflate med slik vitskapleg tilsette erfarer kvardagen sin, seier han.
Han er sjølv i innspurten med avhandlinga si og seier at han kjenner på tapet av bokhandelen.
— Det er mykje vanskelegare å få bestilt inn nisjebøker. Dei tilsette som jobba i Akademika her hadde ein kompetanse som eg ikkje har, og oftare enn ikkje fann dei bøker eg ikkje fann sjølv, seier han.
Førsteamanuensis ved Handelshøgskulen HVL, Tom Skauge, seier at han no står i fare for å måtte byta ut det han meiner er den beste pensumboka for eit av sine kurs.

— Det er ei bok som ikkje finst i trykt versjon, men som vert trykt på bestilling. Hos Akademika hadde me eit heilt strålande system der dei fekk tilgang til våre pensumlister og så bestilte inn, slik at det var klare bokpakkar til semesterstart. Når studentane no må bestilla sjølv hos ein annan bokhandel, kan det gå fleire veker før dei har fått pensum.
I haust fekk to tredelar av masterstudentane som tek eit av kursa han har ansvar for, pensum først då kurset nesten var ferdig.
Skauge seier at det er fint at lokalet no er i bruk, og at det tidvis har vore brukt til utstillingar.
— Men beskjeden som gjekk ut til oss tilsette, var at Akademika måtte ut fordi lokala hadde andre, viktige bruksområde. Det har ikkje skjedd noko viktig her, seier førsteamanuensen.
— Ingenting som hasta
— Prosessen har teke litt lenger tid, seier arealdirektør Helge Skugstad.
Han seier at saka i utgangspunktet ikkje berre handla om at høgskulen skulle nytta arealet til andre formål. I august 2023 sa han til Khrono at Akademika hadde fått tilbod om andre lokale på Kronstad, men takka nei.
I juni skal høgskulestyret få ei orientering om saka.
— Dette er lokale som skal brukast til felles formål, seier Skugstad.
— Det kan vera formidling, utstillingar, temakveldar, og det kan brukast til standsområde i samband med til dømes karrieredagar og til eit mottakingsrom i samband med konferansar og doktorpromosjonar. Poenget er at dette er sentrale, gode lokale midt i indrefileten hos oss, og dei ønskjer me vert brukt.
— Kvifor har det teke så lang tid å få inn ny aktivitet?
— Det er eit godt spørsmål, sier Skugstad.
— Det handlar mellom anna at me er i ferd med å vurdera fleire typar areal og bruken av dei. I det biletet inngår óg det aktuelle arealet.Det var heller ikkje noko som hasta, men no greip me tak i saka igjen i vår.
Han seier at viktige føringar for arbeidet er at aktivitetar og bruksområde for arealet må støtta opp om HVL sin strategi, kjerneverksemd og universitetsambisjon og at arealet skal vera tilgjengeleg for eit breitt spekter av brukargrupper og aktivitetar. Det er eit ønske at lokalet skal kunne fungera som eit utstillingsvindauge for utdanning og forsking, og bidra til å fremja samarbeid med regionalt næringsliv og offentleg forvaltning.

Har teke saka opp fleire gongar
Lagnaden til bokhandel-lokala skal opp i styret etter at professor Sissel Rosland stilte spørsmål om saka i førre styremøte. I ein e-post til Khrono skriv ho at ho har teke opp saka i styret ved fleire høve.
Også Rosland viser til at argumentet frå høgskuleleiinga var at høgskulen trong lokalet i første etasje til viktigare formål.

— Når lokalet nå har stått tomt det meste av tida sidan bokhandelen flytta ut, framstår dette argumentet svært underleg. Slik situasjonen er kan eg ikkje sjå at HVL har spart noko som helst på å avslutta samarbeidet med bokhandelen, tvert i mot har me tapt fordi me mista eit viktig tilbod. Eg stilte derfor spørsmål om saka på siste styremøte og etterlyste ei forklaring, seier ho.
Rektor kunne ikkje svara på ståande fot i møtet, og no kjem det altså ei orientering i det siste styremøtet i vårsemesteret.
Styrerepresentanten seier at fleire tilsette har teke opp saka om bokhandel med henne. Mange saknar bokhandelen og er skuffa over at deira stemme ikkje vart høyrt.
— Det vert også reagert på det som framstår som ein rein vikarierande argumentasjon frå leiinga. Slike saker og denne type argumentasjon er dårleg eigna til å bygge tillit mellom leiing og tilsette, seier Rosland.
Kan verta pop up-utsal
Som Khrono har skrive før, har fleire universitet og høgskular dei siste åra kvitta seg med bokhandel på campus. Ein av dei er Norges Handelshøyskole (NHH). Der skal lokala verta studentarbeidsplassar, men høgskulen vil legga til rette for at det kan koma pop-up-bokhandel på campus i samband med semesterstart.
Arealdirektør Skugstad seier at han veit at det er tilsette ved HVL som framleis ønskjer seg ein bokhandel der.
— Det vert alltid diskusjon i slike saker, seier han.
— Er pop-up-utsal noko de vil legga til rette for?
— Ja, me ønskjer samarbeid om det, dersom det er noko Akademika eller andre ønskjer. Så det står ikkje på oss.
Etter at denne saka vart publisert, opplyser Skugstad om at det er inngått avtale om at Akademika kjem til campus Kronstad i veke 34.
Endringslogg: Lagt til at Akademika skal ha pop up-tilbod i august. Endra 26. mai kl 10.45
Nylige artikler
Mener akademia ikke har peiling på KI-juks. — Store sjanser for justismord
Uppsala oppfordret til Irsael-reaksjoner. — Bør handle kraftfullt
Fikk inspirasjonspris og 250.000 kroner
Fakta og spekulasjon i debatten om covid-19-virusets opprinnelse
Sild, potet og kunstig intelligens
Mest leste artikler
Professor ved UiO anmeldt for rasisme: — Jeg husker ingenting
Jobber for å hente dansk toppforsker fra USA til Norge
Ny sjokkmåling for Frp blant studentene: — En sensasjon
Over 450 «forskningskonferanser» i Oslo denne uka: — Svindel
Du får ikke lønnsøkningen før til høsten. Mange må vente helt til desember