Høgskulen på Vestlandet
Han vert dekan for nytt storfakultet
Jens Kristian Fosse skal leia det nye, samanslegne fakultetet ved Høgskulen på Vestlandet.
Jens Kristian Fosse er i dag dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Og når fakultetet vert slege saman med Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap frå nyttår og vert til Fakultet for teknologiske, naturfaglege og samfunnsvitskaplege fag, er det framleis Fosse som skal vera dekan. Det bestemte høgskulestyret 15. juni, melder høgskulen på eigne nettsider.
Det var sju søkjarar til stillinga, men ein trekte seg.
— Spanande
— Eg ønskjer å leia det nye fakultetet først og fremst fordi det skjer mykje spanande på HVL og i dei to fakulteta som vert slegne saman, sa Fosse til Khrono då søkjarlista vert kjend.
— Eg gler meg til å byrja i stillinga frå nyttår, seier Fosse til eigne nettsider no.
Fem fakultet
Det nye fakultetet vil få om lag 500 tilsette og 5 000 studentar. Som Khrono skreiv før styremøtet, låg det eit forslag i bordet om at fakultetet skal få fem institutt. Høgskulestyret vedtok dette. Kva institutta konkret skal heita, kjem ein tilbake til. Det vert eit av fleire prosjekt i utviklingsarbeidet som skal gjerast med det nye fakultetet.
Høgskulen ønskjer som kjent å verta universitet, og satsar på å senda søknad om dette på tampen av året. Men kva skal barnet då heita? Namnet Universitetet i Vestlandet er klart. No vedtok styret at den engelske forma vert University of Western Norway, og kortform og domene vert Univest.
— Styret var samde om at me arbeider langs det sporet og at me finn gode løysingar rundt det vidare arbeidet med både profilering og marknadsføring, sa styreleiar Arvid Hallén ifølgje HVL si sak.

Nylige artikler
Hva kan vi gjøre for forskernes søvnproblemer?
Universitetet i Innlandet legger ned Østlandsforskning
Helseministeren bekymret for utviklingen i USA. Ser mer til Europa
Dette regner UiB som den største risikoen
Forhandla om 41 millionar. Toppstillingar fekk mest
Mest leste artikler
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Stjerneforskere måtte slutte etter kontakt med Epstein
Berg-Hansen og jeg
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Sensitive teknologier: Slik er Norges forskningssamarbeid med «risikoland». Samarbeider mest med Kina om KI