storbritannia
Heile familien flytta til Oxford: — Kan ikkje berre sitja i ro på kontoret i Noreg
Barn må ikkje vera ei hindring for at ein reiser utanlands når ein har forskingstermin, seier professor Tore Wig.
Oxford (Khrono): Tore Wig er halvsjuk.
Ingenting unormalt i det i slutten av november, som det er når Khrono møter professoren i Oxford. Den andre årsaka er halvtanna år gamal og fersk barnehagejente.
Dette året er Tore Wig og sambuaren Sirianne Dahlum, begge professorar på Institutt for statsvitenskap ved Universitetet i Oslo, på forskingsopphald ved Universitetet i Oxford — nærare bestemt ved Nuffield college.
— Når ein har forskingstermin er det forventa at ein får nye impulsar. Ein har ekstra tid og rom til å forska, og her er me i eit av verdas beste miljø, seier Wig.
— Og ein må ut, det er heilt naudsynt med tanke på både nettverk og forskingsmiljø. Ein kan ikkje berre sitja i ro på kontoret i vesle Noreg og følgja med via Internett.
Sju gongar så dyrt
Den vesle familien har skaffa seg leilegheit utanfor sjølve universitetsområdet i Oxford. Det hadde vore mogleg for dei å bu heilt nær, men det hadde vorte trongt når ein reiser med barn. Som tilsett kan ein òg eta både lunsj og middag gratis på universitetet, men det nyttar paret seg sjeldan av.
— Eg ser at me hentar tidlegare i barnehagen enn ein del andre foreldre. Me gjer som ein gjer i Noreg, hentar i 16-tida, seier Wig.
Til skilnad frå mange norske barnehagar opnar ikkje barnehagen før klokka 8.45. Prisen er òg heilt annleis.
— Det kostar om lag 15.000 kroner i månaden for ein barnehageplass.
— 15.000?
— Ja. Alle barnehagane er private. Men ein må hugsa at britane har eit lågare skattenivå enn me har i Noreg. Samstundes ser ein jo kor god velferdsstat ein har, seier Wig.
Lærer engelsk
Dottera har ikkje gått i norsk barnehage. Faren seier at ho trivst godt i den engelske og at ho stadig snappar opp engelske ord.
— Å læra eit andrespråk er ein fordel òg for utviklinga av eige språk, seier han, og fortel at det er mykje fokus på læring i barnehagen.
— Det britiske skulesystemet har nok ein større prestasjonskultur enn den norske. Dette gjeld òg i barnehagen, me får stadig rapportar om den kognitive utviklinga.
Kort veg til mykje
I Oxford er det gang- eller sykkelavstand til det meste. Det er grøntområde og leikeplassar, og barn er meir enn velkomne med på pub — som er noko anna i England enn i Noreg.
Det er med andre ord fullt mogleg å ta med seg familien utanlands, seier Wig.
— Me tenkte at det er eit greitt tidspunkt no, før me får skulebarn. Då blir det nok litt meir logistikk. Men samstundes er det viktig at det å ha barn ikkje vert ei hindring for at ein som forskar skal kunne reisa ut.
Wig forskar mellom anna på borgarkrig og diktatur, og ved Nuffield er han no ein del av ei forskargruppe om politikk i diktatur. Han er framleis ung forskar, 39 år, og oppteken av å bygga nettverk.
— Her får eg vore med i workshops og eg får kollegaer og venner som eg kan ta med meg vidare, seier han.
I tillegg er det ein del ting som rett og slett er nærmare når ein er i England. Wig har fått presentert forskinga både i Essex, Leeds og ved University College London. På den måten har han fått tilbakemelding frå ulike fagmiljø.
— Ein kan verta litt satt av å vera i same miljø heile tida. Så her kan ein få til ting, seier professoren.