Henriette Seim stiller til val i NSO
— Det er ikkje alltid kult å seia at ein er NLA-student, seier Henriette Seim. No stiller ho til val i Norsk studentorganisasjon.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Alle studentar i Noreg stiller ikkje på lik linje, seier Henriette Seim.
23-åringen er på siste semester av ei bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved NLA Høgskolen. Ho viser til at høgskulen ho studerer ved ikkje er blant dei største og mest kjente – men har fått mykje mediemerksemd det siste halvåret, særleg knytt til homofilispørsmålet.
— Det er ikkje alltid kult å seia at ein studerer ved NLA, seier Seim.
Landsmøte utsett
No stiller ho til val i Norsk studentorganisasjon (NSO), som likestilling- og velferdsansvarleg. NSO skulle hatt landsmøte like etter påske, men førebels er dette utsett på ubestemt tid. Grunn: Koronautbrotet.
— Det er spesielt å stilla til val no, seier Seim.
Ho sit i studentparlamentet og læringsmiljøutvalet ved NLA, og i den læringsmiljøpolitiske komiteen i NSO.
— No er eg ferdig med ei bachelorgrad, og kjenner at eg har meir å bidra med. Eg stiller til val meir på motivasjon enn røynsle, eg har ikkje hatt heiltidsverv slik mange andre har, seier Seim.
SHoT viktig
Ho peikar på Studentane si helse og trivselsundersøking (SHoT) som ei av sakene som vil vera viktig òg det komande året.
—Men eg kan ikkje finna opp hjulet på nytt. Det er allereie i gang ein del kule prosjekt som eg vil vidareføra, seier Seim.
Nylige artikler
Fire ønsker for regjeringens nye instituttstrategi
Utenforskapsfloken og høyere utdanning
Mener akademikere kan være sine egne verste fiender
Mener framtidens forsker vil styre et team med KI-agenter
Sykehusene må rigges for fremtiden
Mest leste artikler
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)
KI har ikke erstattet universitetet — den har avslørt det
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme