Høgskulen på Vestlandet

Høg temperatur på styre­møte om kontor: — Svært dårleg prosess

— Det er ganske provoserande når ein sit på kontoret til klokka sju, åtte, ni på kvelden, at ein ikkje vert talt med fordi ein var til lunsj.

Sissel Rosland er representant for tilsette i HVL-styret. Ho engasjerte seg i saka om kontorplassar i dagens styremøte på høgskulen.
Publisert Oppdatert

Det sa Sissel Rosland då Høgskulen på Vestlandet (HVL) drøfta arbeidsplassar og areal på dagens styremøte.

Tilsette ved høgskulen kan måtte booka kontor, skreiv skreiv Khrono før møtet. Då saka om arealprosjekt vart drøfta i styret, var temperaturen høg.

I februar vart det vedteke retningslinjer for tildeling og bruk av arbeidsplassar ved HVL. Der heiter det mellom anna at «høgskolen har besluttet å gjennomføre sambruk og deling av arbeidsplasser», og «i tilfeller der ansatte skal tildeles egen fast arbeidsplass (...)».

— Det er sagt at dei som brukar kontora sine, skal få kontor. Men det ligg ikkje i retningslinjene. Er det slik at dei fleste skal ha kontor? Meiner de at retningslinjene gir eit bilete av det? Dette har vore ein svært dårleg prosess, sa Sissel Rosland, professor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett og representant for vitskapeleg tilsette i styret.

Teljing av tilsette

I sommar skreiv Khrono at det har vore gjennomført sensormålingar i HVL sitt nyaste bygg i Bergen, K2. Bruken av dei opne kontorlandskapa som er i bygget skal evaluerast, og tala viste at det særleg fredagar og måndagar er mange ledige plassar.

I styremøtet nemnde Rosland teljinga av dei tilsette.

— Det har vorte talt ved ulike tidspunkt: Når tilsette er ved skrivaren, på do, til lunsj. Her ein dag var me fleire som ikkje vart talde fordi me åt. Det er ganske provoserande når ein sit på kontoret til klokka sju, åtte og ni om kvelden, og så vart ein ikkje talt fordi ein åt, sa ho, og la til:

— Dette er ikkje bra personalbehandling? Synest de dette er ei klok behandling av tilsette?

Helge Skugstad, direktør for økonomi og arealforvaltning, tilbakeviste teljinga.

— Det går ikkje føre seg teljing av tilsette som er på do eller som et lunsj, sa han.

Tidlegare i møtet viste han til at retningslinjene for bruk av arbeidsplassar ikkje er nye.

— Dette med deling er nytt. Men at ein ikkje skal ha private møblar og utstyr på kontoret er ikkje nytt. Me har 500 cellekontor, og det må vera ein standard på det, sa Skugstad.

— Bulldosartaktikk

Det var ikkje berre Rosland som var tydeleg i møtet.

— Eg har aldri opplevd ei sak som demotiverer så mykje, og eg har jobba her i tjue år, sa professor Tom Are Trippestad, som òg er representant for vitskapeleg tilsette.

— Dette er bulldosartaktikk, sa han, og viste til at ei spørjeundersøking om kontorbruk som er gjort av tilsette ved høgskulen, ikkje er lagt fram for styret.

Sissel Rosland viste til den same undersøkinga i sitt innlegg.

— Det er nokre av dei beste folka våre som reagerer. Mange seier at dei til dømes ikkje kjem til å ta på seg oppgåver som etter- og vidareutdanning. Dei seier at HVL ikkje lenger er den institusjonen dei kjenner, sa Trippestad, og spurde leiinga om dei har tenkt på kva saka kostar institusjonen, mellom anna i form av ambisjonar, folk og satsingar.

— Me må ikkje tvihalda på retningslinjer som lagar ein uro og vert handheva slik at me får negativ omtale, sa Hege Myklebust, førsteamanuensis og representant for dei vitskapeleg tilsette.

Myklebust peika på at det ikkje treng å vera ein motsetnad mellom å ha ein fast plass og at andre kan bruka plassen om ein ikkje er der sjølv.

— Det er ikkje nok plass til at alle har cellekontor heile tida. Korleis ein går til prosessen, kven som styrer prosessen og involveringa vert viktig. Som andre har peika på: Dei faglege leiarane må inn, sa Myklebust.

Store kostnader

Det var Tina Åsgård, som sat i styret i førre periode, som først bad om ei sak om retningslinjene for tildeling av arbeidsplassar til styret. Saka kom ikkje i august, og Sissel Rosland etterlyste henne så i september, opplyste rektor Gunnar Yttri.

I ei innleiing peika han på kostnadane knytt til areal.

— Me har behov for god ressursprioritering. Arealkostnadane er tyngande for oss, og i tillegg har me ein berekraftskontekst. Det skal vera mogleg å dela arbeidsplassar, og ved god utnytting kan det vera mogleg å halda fagmiljø saman.

Yttri fortalde i møtet at han får e-postar frå tilsette som er svært lite nøgde med retningslinjene, og han får e-postar frå tilsette som er svært nøgde. Han var tydeleg på at prosessen må vera føreseieleg.

— Usikkerheit gir uro, negative overraskingar gir uro og lite føreseielegheit gir uro, sa rektoren.

Til det konkrete spørsmålet om spørjeundersøkinga svara han at dette er ei undersøking arbeidsgruppa som er sett ned for å gå gjennom arealbruk ved campus Bergen, har fått på sitt bord.

— Eg meiner det hadde vore forstyrrande å ta den inn her. Men eg er ikkje blind for resultata, sa Yttri.



Powered by Labrador CMS