Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet veks ut av eigne bygg. Her vil dei bygga nytt
Høgskulen på Vestlandet treng meir plass. Eit nytt, felles bygg med fagskule og vitensenter kan verta løysinga.
Lokala til Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Bergen er dimensjonert for om lag 7600 studentar. Men no er det om lag 11.000 personar som studerer på Kronstad, der HVL har bergencampus.
Det betyr at det trengst meir plass. HVL ønskjer seg eit nytt bygg på det som vert kalla nordtomten. Det er like ved det som no er det nyaste bygget på campus Kronstad, K2.
Dette er ei av sakene høgskulestyret skal drøfta når det har møte torsdag 23. april. Møtet ser du direkte her frå klokka 9.
Tre aktørar
HVL treng mellom 5000 og 700 kvadratmeter til forsking og undervisning. Men planen er at dei ikkje skal bygga nytt bygg åleine. Det er nemleg to andre aktørar som er på flyttefot i Bergen: Fagskulen Vestland ønskjer å samlokalisera sitt tilbod, og fylkeskommunen har allereie vedteke å gå vidare med planane om eit bygg på vel 12.000 kvadratmeter. Det melde dei sjølve tidlegare i vår. Ei samlokalisering på Kronstad er eitt av to alternativ.
Den andre aktøren er VilVite, vitensenteret i Bergen. Allereie for eit par år sidan vart det kjent at det må ut av lokala der det held til i dag i 2032. VilVite har i dag om lag 8000 kvadratmeter til utstillingar, formidling og kontor.
I saksframstillinga til høgskulestyret heiter det at gjeldande reguleringsplan opnar for at ein kan utnytta tomta 250 prosent. Det vil gi eit bygg på om lag 18.000 kvadratmeter. Om dette vert auka til 345 prosent, vil ein kunne få eit nybygg på inntil 25.000 kvadratmeter, noko som vil kunne gi plass til alle tre aktørane.
«Til samanlikning er utnyttingsgraden for «K2» på rundt 500 %. Synergiane i ei samlokalisering av HVL campus Bergen, Fagskulen Vestland Vil og Vite vil vere store og gje ein betydeleg betre heilskapleg bruk av bygget enn om kvar av aktørane utviklar eigne bygg», heiter det.
Viktig for Universitetet på Vestlandet
Felles laboratorieløysingar med fagskulen og samarbeid med VilVite knytt til lærarutdanningar er to fordelar HVL ser med eit felles bygg.
— Sett i samanheng med det generelle behovet for meir areal til forsking og undervisning, vil eit nybygg på denne tomta vera til stor hjelp når det framtidige Universitetet på Vestlandet skal løysa viktige samfunnsoppdrag, heiter det i saksframstillinga.
Intensjonsavtale
Det er Statsbygg som eig tomta, og dersom ein skal få til noko saman, er det første som må gjerast at tomta vert gitt til Vestland fylkeskommune, som så må vera byggherre.
Det høgskulestyret i første omgang skal ta stilling til, er ein intensjonsavtale. Dette hastar, heiter det i saksframstillinga. Fylkeskommunen skal fatta ei endeleg avgjerd om plassering i møtet sitt i juni. Før den tid må regjeringa hatt tid til å avhenda tomta. Høgskulestyret vil også få saka tilbake til sitt bord.
Dette skal drøftast
Vegen mot universitetsstatus er ei anna av sakene på dagsordenen. Høgskulen melde dessutan nyleg sjølve at Nokut har vore på besøk, og at håpet er å få universitetsstatus i løpet av året.
På sakskartet elles står mellom anna saker om prosjekt medverknad og styring, rekrutteringsstillingar og søkjartal.
Dette er heile sakskartet:
- 12/26-B — Godkjenning av innkalling og saksliste til styremøte 3/2026
- 13/26-B — Æresdoktorat ved HVL
- 14/26-B — Utvikling av nordtomten i Bergen
- 15/26-B — Styrking av tiltak innan forsking — løypemelding
- 16/26-B — Etatsstyringsmøtet 2026 — deltakelse og innspill
- 17/26-B — Satsingsforslag 2028
Orienteringssaker
- O-11/26 — Beredskap og informasjonstryggleik — status
- O-12/26 — Søkertall 2026
- O-13/26 — Rekrutteringsstillingar ved HVL
- O-14/26 — Orientering om prosjekt medverknad og styring i HVL
- O-15/26 — Innhaldet i administrative fellestenester og institusjonsmidlar
- O-16/26 — Nokut-tilsyn med kvalitetssystem og kvalitetsarbeid i HVL — rapport frå sakkunnig komite
- O-17/26 — Universitetsprosjektet — munnleg statusoppdatering
- O-18/26 — Årsrapport fra Internrevisjonen
- O-19/26 — Årsrapport Studentombodet 2025
Referatsaker
- O-20/26 — Orienteringar frå rektor — styremøte 3/2026
- E-23/26 — Eventuelt — styremøte 3/2026

Nylige artikler
Internasjonal stipendiat i Norge: – Føler meg isolert
Kommunesektoren trenger mer kompetanse på forskning
Ny søkerrekord for BI
Ny rapport: Amerikanske universiteter må ta ansvar for fallende tillit
Khronos KI-skole starter opp igjen
Mest leste artikler
Ho er inkompetent og upåliteleg, meiner professoren. — Maktmisbruk, svarer ho
Foreleseren kaster ut alle som bruker skjermer under forelesningene
Studenter skriver bevisst dårligere for å unngå KI-mistanke. — Ikke gjør det
Nav står fast på at ekstern sensor ikke får sykepenger
Han er 85 år og har nettopp levert en doktoravhandling