Debatt ● Nils H. Korsvoll og Marte C. W. Solheim

Hugs garantien i Arendal, Hoel!

Det er viktig når statssekretæren seier at forskarar i Noreg også om ti år sjølve skal få styre kva me forskar på.

Nils H. Korsvoll (t.v.) og Marte C.W. Solheim fra Akademiet for yngre forskere deltok på flere debatter i løpet av Arendalsuka. Her flankert av generalsekretær Bjørn Kristian Danbolt til høyre.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel var forsiktig med konkrete lovnadar då han svara sektoren i «Spør statssekretæren» under Arendalsveka, men på spørsmål frå Akademiet for yngre forskere (AYF) garanterte han at forskarar også i framtida skal få avgjere kva dei forskar på.

Vidare sa Hoel seg samd i at det er fleire urovekkande tendensar internasjonalt når det gjeld politisk styring av forskarar og fagfelt, og at dette er noko me må ta på alvor. Me i AYF meiner garantien frå statsekretæren er eit gledeleg og naudsynt signal frå politisk hald og leiing, i ei tid der politiske grep som før var utenkelege no blir tekne og det stadig nærare Noreg.

I juli kom AYF og våre nordiske søsterakademi med eit opprop mot den veksande tendensen til politisk styring av forsking. Oppropet vart utløyst av den svenske regjeringa si avgjerd i juni om å kutte finansieringsordningar for utviklingsforsking, utan noko førevarsel, men peiker også på auka styring av forskingsmiddel og på det danske folketinget sitt vedtak i 2021 mot såkalla aktivistisk forsking.

Dette er grep som utfordrar akademisk sjølvstende og fri forsking, og me er glade for at den norske regjeringa ikkje berre ikkje har gått til liknande grep her, men at den også er samd i at dette er ei utvikling me må vakte oss vel for. Eit viktig signal, sidan vi den seinare tida også har sett kutt i til dømes internasjonalisering også her i Noreg. I eit nyleg opprop i Khrono ropar forfattarane varsko på vegner av norsk utviklingsrelatert forsking og undervisning, mellom anna med kutta i Norglobal-programmet i fjor og utviklinga innan andre program (NORPART og NORHED).

Den 15. oktober sluttar AYF seg til Stockholm Charter for Academic Freedom, der me saman med dei unge akademia i Europa (European National Young Academies) slår fast dei grunnleggjande fridommane for vitskapleg utdanning, forsking og formidling. Dette krev både juridisk vern og rettar, men også sjølvstende og føreseielege økonomiske rammer.

Fri forsking er ein grunnpilar for eit moderne samfunn og demokrati, og eit opplyst, kunnskapsstyrt ordskifte. Fri forsking er samstundes også avhengig av kritikk og å bli utfordra, men dette må ligge i fagdebatten. Difor må me halde fram med å verne forsking mot press og maktmisbruk, frå styresmakter, næringsinteresser eller andre grupper, og me tek med oss statssekretæren sin garanti for dette med oss vidare i arbeidet.

Powered by Labrador CMS