Debatt silje nathalie luvåsen

Kor positivt er det med rekordlåg strykprosent?

Eg kan ikkje la vere å lure på kva som er grunnen til at så mange stod på eksamen når ein les om mangel på motivasjon, einsame studentar og psykiske problem.

Heimeeksamen og tilgang på hjelpemiddel, er nok truleg den forklaringa som har redda mange studentar på eksamen i 2021, i følge lektorstudent Silje Nathalie Luvåsen.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Studentar gir rekordtal til høgare utdanning. Khrono skreiv 05.11.21 at det var fleire studentar i høgare utdanning og rekordlåg strykprosent. Det siste er interessant, og det er tre teoriar som dukkar opp hos meg.

  1. Studentar har meir kunnskap enn tidlegare
  2. Studentar jobbar mindre enn før korona
  3. Studentar har heimeeksamen og tilgang på alle hjelpemiddel. Samstundes som strykprosenten er låg, viser studiebarometeret at studentar slit med motivasjon og er meir einsame enn før.

Ein legg meir i studiet dersom ein er motivert. Nummer to vil nok gjelde nokre studentar, men langt ifrå nok til å forklare kvifor fleire står på eksamen. Nokut skreiv 11.02.21 at studentar bruker omtrent like mykje tid på studiet som tidlegare. Det vil seie at mindre jobb antakeleg ikkje påverkar i særleg stor grad.

Eg trur heller ikkje at studentar nødvendigvis har meir kunnskap enn tidlegare. Dei fleste har hatt opplæring innanfor den same læreplanen. Det kan kanskje forklarast med at det er fleire søkjarar, og kanskje jamt over er kunnskapsnivået høgare, men dette blir berre spekulasjonar.

Det siste punktet, studentar har hatt heimeeksamen og tilgang på hjelpemiddel, er nok truleg den forklaringa som har redda mange studentar. No kan ein sitje heime, eller på studiestaden, med internett, bøker, notat og medstudentar. Det er ikkje nødvendigvis sånn at studentane har kunnskapen dei treng, men dei veit korleis dei skal leite fram svar på eksamensoppgåver. Dei er gode til å navigere i terrenget, og veit kvar dei skal leite eller kva dei skal søkje på.

Eg seier ikkje at det er ein dårleg eigenskap, men ein bør vel tenkje seg om to gonger før ein ropar om rekordlåg strykprosent? Ein har tilgang til alle hjelpemiddel i arbeidslivet, og det er eit godt argument for å avskaffe skoleeksamen.

Problemet er at innanfor ein del yrke må ein kunne eksamensstoffet. Det er ikkje alltid nok å finne fram i terrenget med kart og kompass, i nokre høve må ein hugse kvar ein skal gå, korleis ting ser ut og finne fram utan hjelpemiddel.

Det er positivt at utdanningsinstitusjonane får meir pengar. Men eg kan ikkje la vere å lure på kva som er grunnen til at så mange stod på eksamen, når ein les om mangel på motivasjon, einsame studentar og psykiske problem. Hurra for oss, men er det fortent?

Les også:

Les flere debattinnlegg på Khronos debattside

Powered by Labrador CMS