Debatt ● 10 tilsette ved UiB

Kva gjer UiB for å støtte palestinsk akademia?

I strategien til Universitetet i Bergen står det at vi «står sammen internasjonalt med kolleger og studenter for akademisk frihet.» Akkurat no ser denne setninga ut til å vere tomt preik, skriv ti tilsette ved universitetet.

Ruiner i Gaza
Vatn blir delt ut ved det islamske universitetet i Gaza, som har fungert som ein tilfluktsstad for fordrivne palestinarar. Biletet blei tatt i april.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Forfattarane av innlegget står nedst i saka

I juni i år blei det kjend at norske universitet og høgskular skal samarbeide om atterreisinga av høgare utdanning og forsking i Palestina gjennom det nyetablerte Norsk konsortium for palestinsk høyere utdanning (NorPal). Eit stort fleirtal av norske universitet og høgskular hadde på dette tidspunktet blitt med i NorPal, men Universitetet i Bergen (UiB) var ikkje blant desse.

Dette overraska og skuffa dei av oss tilsette som har jobba for å ansvarleggjere UiB med tanke på Israel sitt pågåande folkemord mot palestinarane. Sidan universitetsleiinga har sagt eit tydeleg nei til akademisk boikott, har vi utfordra dei på kva UiB i så fall vil gjere for å avhjelpe den fortvilte situasjonen palestinske akademikarar, studentar og tilsette står i, basert på ønskja til sektoren sjølv, og korleis dei på sikt kan vere med å bidra til å bygge opp att ein UH-sektor på Gaza som per i dag er fullstendig øydelagt.

I forkant av rektorvalet ved UiB i vår fekk vi gjennom samtalar og debatt eit inntrykk av at det rektorlaget som til slutt gjekk sigrande ut av valet, var positive til å støtte dei palestinske kollegaene sine gjennom ulike tiltak. Dei var opptekne av at regjeringa måtte få på plass noko à la Nansen-programmet for Ukraina, og rektor Margareth Hagen har også etterlyst «et internasjonalt koordinert arbeid for gjenoppbyggingen av sektoren i Gaza» i Klassekampen.

Det nye rektoratet ved UiB er på plass, men så langt ser vi ingen solidariske initiativ frå den kanten. På direkte spørsmål om kvifor dei ikkje har forplikta seg til NorPal, får vi vage svar om at dei «følger med», er i «tett dialog» med konsortiet og er opptekne av «grundige prosessar». I staden for å forplikte seg tidleg og vere med på arbeidet med å utforme konsortiet har UiB valt å sitje på gjerdet. UiB-leiinga si passive haldning framstår i aukande grad som underleg når verdssamfunnet gjennom FN erklærer Israels handlingar som folkemord, og motstanden mot folkemordet aukar både globalt og i den vestlege verda.

Leiarar ved OsloMet etterlyste i midten av september eit krafttak frå norske styresmakter for å hjelpe palestinske akademikarar og studentar. Noka slik offentleg etterlysing av eit Nansen-program for Palestina har vi ikkje sett frå UiB. UiB har meldt seg inn i Global University Academy, som skal støtte høgare utdanning for blant andre palestinske flyktningar, men så vidt vi kan sjå ligg det ingen info på UiB sine sider om kva ein har forplikta seg til her.

Slik vi ser det, burde UiB ønskje NorPal velkomen med opne armar og melde seg inn utan atterhald. Konsortiet er allereie godt i gang med det internasjonalt koordinerte arbeidet for atterreisinga av Gaza som Hagen etterlyste i januar i år: Representantar frå konsortiet har delteke på fleire internasjonale konferansar med fokus på mobilisering av støtte til palestinsk akademia, og det er oppretta dialog med The Emergency Committee for Universities in Gaza.

NorPal har også ved meir enn eitt høve blitt invitert for å snakke om initiativet ved arrangement som samlar den høgare utdanningssektoren i Europa og Palestina. Fleire europeiske institusjonar innan høgare utdanning applauderer denne typen initiativ og ønskjer å etablere liknande samarbeid i eigne land. Det vil sjå merkeleg ut om UiB ikkje vil delta i noko dei sjølve har etterspurt.

Vi utfordrar rektoratet ved UiB til å svare oss på det følgande:

  • Kvifor sit de på gjerdet når det gjeld NorPal, som ein av få norske institusjonar, i staden for å gripe sjansen til å bli med på utforminga av arbeidet? Det framstår som usolidarisk. I tidlegare saker om boikott av israelske universitet har UiB-leiinga argumentert med forskinga sin nøytralitet, men i tilfellet gjenoppbygging kan ikkje dette argumentet brukast: Palestinarar har same rett som alle andre til utdanning og forsking.
  • 10. oktober skal NorPal ha eit styremøte der dei skal diskutere ein ny samarbeidsavtale. Stiller UiB, ikkje berre som observatør, men også som eit aktivt og engasjert medlem?
  • 27. oktober arrangerer Det Norske Videnskaps-Akademiet møtet How can we help researchers in Gaza? What works?, der NorPal skal fortelje meir om arbeidet sitt. Kjem nokon frå rektoratet på dette arrangementet?

Akkurat no ser denne setninga i UiB sin strategi ut til å vere tomt preik: «Vi står sammen internasjonalt med kolleger og studenter for akademisk frihet.» Korleis kan de seie nei til akademisk boikott av Israel i den akademiske fridomen sitt namn, og samtidig ikkje vise aktiv solidaritet med akademikarar og studentar som anten ikkje har akademisk fridom eller ingen stad å utøve han?

Innlegget er skrive av:

Kamilla Stølen, rådgivar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking og Senter for vitskapsteori, UiB
Inga Berzina, universitetslektor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, UiB
Trond Lødøen, førsteamanuensis ved Universitetsmuseet, UiB
Kjetil Rommetveit, professor ved Senter for vitskapsteori
Kari Jegerstedt, førsteamanuensis og senterleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, UiB
Pelle Valentin Olsen, førsteamanuensis, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. UiB
Marry-Anne Karlsen, førsteamanuensis, Institutt for sosialantropologi, UiB
Kjersti Aarstein, førsteamanuensis, Senter for kvinne- og kjønnsforsking, UiB
Terje Einarsen, professor, Det juridiske fakultet, UiB
Gisle Selnes, professor, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar, UiB

Powered by Labrador CMS