Praksis
Marthe skaffa seg praksisplass sjølv to timar unna storbyen — fekk nei
Høgskulen på Vestlandet sa nei fordi praksisplassen var for langt unna Bergen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Marthe Rygg Johnsen studerer til å bli sosionom ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Denne hausten er det duka for praksis og praksisplass fiksa Johnsen sjølv, på det ho kallar draumeplassen Solund.
Kommuna heilt ytst i havgapet i det tidlegare Sogn og Fjordane fylke, to timar med hurtigbåt frå Bergen.
Men høgskulen sa nei. Det skriv NRK Vestland.
— Dei får ikkje studentane ut i distrikta på denne måten, ved å halde dei i storbyane, seier Johnsen til NRK Vestland.
Viser til reglar for å sikre kvalitet
— Det er skulen som finn praksisplassar og tildeler dei til studentane, seier Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, til NRK Vestland.
Årsaka til at det er slik er fordi høgskulen må sikre kvalitet, god oppfølging og like vilkår for alle studentane, forklarer Naustdal.
Difor må studentane på sosionomstudiet ha praksis i området kring Bergen, eller i gamle Hordaland fylke, skriv NRK Vestland.
Det var dette Johnsen også fekk til svar frå HVL då ho bad om å få praksis i Solund i staden, fortel ho til Khrono.
Førebels har ho ikkje fått beskjed om kor ho skal ha praksis.
— Ikkje til hinder
I Solund er ordførar Gunn Åmdal Mongstad i stuss over at høgskulen, som skal tene ein mykje større region enn berre Bergen, ikkje har lagt seg meir i selen for å få dette til.
Også forsking- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) forventar at høgskular og universitet strekk seg langt i slike saker.
— Dei nasjonale reglane våre er ikkje til hinder for at studentar som ynskjer det skaffar sin eigen praksisplass, seier Asheim til NRK Vestland.

Nylige artikler
Kompetanse, lokal lønnsdannelse og handlefrihet trengs for å skape fremtiden
KI har kommet for å bli, men på hvilke premisser?
Filmtips for late juledager
Artikkel om vindskala mest lest i 2025. SNL-sjefen er flau over nummer to på lista
Khronos store julequiz
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene