pandemi

No deler regjeringa ut 230 student-millionar

Regjeringa fordeler 230 millionar kroner som skal gå til lågterskeltilbod, psykisk helsehjelp og stillingar til studentar. Sjå fordelinga her.

Statsråd Henrik Asheim saman med studentleiarar i Bergen. Studentpolitikarane har vore uroa for både einsemd og økonomi, og no får utdanningsinstitusjonane pengar Asheim håpar kan hjelpa. Han seier at 2021 ikkje har starta slik ein håpa på.
Statsråd Henrik Asheim saman med studentleiarar i Bergen. Studentpolitikarane har vore uroa for både einsemd og økonomi, og no får utdanningsinstitusjonane pengar Asheim håpar kan hjelpa. Han seier at 2021 ikkje har starta slik ein håpa på.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Regjeringa fordeler no 230 millionar kroner til studentsamskipnader, fagskular, universitet og høgskular. Pengane skal gå til fleire sosiale lågterskeltilbod for studentar, helsetilbod knytt til psykisk helse og pengar til å løna studentar for å driva med fagleg og sosial oppfølging av studentar.

Fakta

Her er fordelinga til statlege universitet og høgskular

(Beløp i kronar)

  • Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo 398.000
  • Høgskolen i Innlandet 8.010.000
  • Høgskolen i Molde 1.486.000
  • Høgskolen i Østfold 3.621.000
  • Høgskulen i Volda 2.388.000
  • Høgskulen på Vestlandet 8.138.000
  • Kunsthøgskolen i Oslo 288.000
  • Nord universitet 5.743.000
  • NHH 1.794.000
  • Norges idrettshøgskole 569.000
  • NMBU 3.144.000
  • Norges musikkhøgskole 386.000
  • NTNU 21.237.000
  • OsloMet 10.977.000
  • Samisk høgskole 60.000
  • Universitetet i Agder 6.860.000
  • Universitetet i Bergen 9.732.000
  • Universitetet i Oslo 13.555.000
  • Universitetet i Stavanger 6.219.000
  • Universitetet i Sørøst-Norge 9.050.000
  • UiT Norges arktiske universitet 8.582.000
  • Forsvarets høyskole 448.000
  • Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS 195.000
  • Politihøgskolen 1.120. 000
  • Totalt 124.000.000

Kilde: Kunnskapsdepartementet

— Eg håpar dette bidreg til å gjera kvardagen betre for studentar over heile landet, seiere forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ei pressemelding.

8,5 millionar til psykisk helse

I februar vedtok Stortinget ein krisepakke for studentane. Den kom etter at svært mange studentar har fått det økonomisk mykje verre, fordi dei har mista deltidsjobbane sine.

Samstundes har det kome mange rapportar om at studentar slit psykisk, etter eit år der mange har vore mykje åleine.

No får både utdanningsinstitusjonane og studentsamskipnadane pengar. Samskipnadane får pengar til sosiale lågterskeltilbod og til å tilsetja studentar som skal få plass desse tilboda. Dei får òg pengar til å styrka arbeidet med psykisk helse.

20 millionar skal gå til sosiale lågterskeltilbod, 50 millionar til å løna studentar og 8,5 millionar til psykisk helse.

Deler etter studenttal

Høgskulane og universiteta får pengar fordelt etter studenttal. Statlege universitet og høgskular får 124 millionar, medan dei private får 16.

— Det er ingen tvil om at lange periodar med nedstengingar har ført til at fleire studentar har behov for, og ønskjer om, tettare fagleg oppfølging, seier Asheim.

Han seier at pengane til dømes kan gå til å løna studentar for å få på plass faglege debattar og tettare fagleg oppfølging.

Fakta

Her er fordelinga til private høgskular

(Beløp i kronar)

  • Handelshøyskolen BI 6.173.000
  • MF vitenskapelig høyskole 452.000
  • VID vitenskapelige høgskole 1.545.000
  • Ansgar høyskole 134.000
  • Barratt Due Musikkinstitutt 48.000
  • Bergen Arkitekthøgskole 71.000
  • Dronning Mauds Minne Høgskole 476.000
  • Fjellhaug Internasjonale Høgskole 161.000
  • Høgskulen for grøn utvikling 34.000
  • Høyskolen for dansekunst 23.000
  • Høyskolen for Ledelse og Teologi 110.000
  • Høyskolen Kristiania 4.232.000
  • Lovisenberg diakonale høgskole 356.000
  • NLA Høgskolen 848.000
  • Steinerhøyskolen 110.000
  • Atlantis Medisinske Høgskole 79.000
  • Bjørknes Høyskole 608.000
  • Høyskolen for yrkesfag 41.000
  • Lillehammer Institute of Music Production and Industries (LIMPI) 36.000
  • Nordland kunst- og filmhøyskole 25.000
  • Noroff 202.000
  • Norsk barnebokinstitutt 37.000
  • Norsk Gestaltinstitutt 105.000
  • NSKI Høyskole 71.000
  • Skrivekunstakademiet 23.000
  • Totalt 16.000.000

Kilde: Kunnskapsdepartementet

— Dette løyser eigentleg to problem: Ønsket om meir fagleg oppfølging og fleire jobbar som vil gi inntekt til studentar som slit på arbeidsmarknaden, seier Asheim.

Sjå oversikt her

NTNU får mest, med 21 millionar kroner. Universitetet i Oslo får 13. BI får mest av dei private institusjonane.

Av studentsamskipnadane er det Studentsamskipnaden SiO som får mest, følgd av samskipnaden i Trondheim, Gjøvik og Ålesund (Sit).

Sit ønskjer å bruka nokre av midlane til å laga fadderveke også for dei studentane som begynte å studera hausten 2020. Dette sa Sit-direktør Audhild Kvam under formannskapsmøte i Trondheim kommune tysdag, skriv Universitetsavisa.

— Me ønskjer å syta føre eit tilbod til dei som starta i fjor, og me vil uansett støtta dei linjeforeiningane som ønskjer å ha ein fadderperiode med tilbod også til andreeårsstudentane, sa Kvam.

I tillegg til universitet og høgskular, får fagskulane òg midlar, totalt 10 millionar kroner. Både fagskulane og dei private høgskulane får eit grunnbeløp på 20 000 kroner, resten av summen vert delt ut etter studenttal.

Heile oversikta kan du sjå her.

Saka oppdatert 3.3 kl 8.45 med opplysningar frå Trondheim

Powered by Labrador CMS