mikroemne

Nokon kjem til å ta studie­poeng om Jon Fosse

Litteraturforskarar ved Universitetet i Stavanger tilbyr no mikroemne i noko dei sjølve er interesserte i: Jon Fosse.

Han vart nemnd i fleire år, og i 2023 vart det, endeleg vil nokre seia, Jon Fosse som fekk Nobelprisen i litteratur. No tilbyr Universitetet i Stavanger mikroemne på 2,5 studiepoeng i Jon Fosse sin litteratur.
Publisert Oppdatert

Noko av det første Samlaget gjorde etter at det vart kjent at Jon Fosse fekk nobelprisen i litteratur, var å få trykt opp Fosse sin litteratur i pocketform. Det betyr nok at det er mange som no har ein Fosse i bokhylla — som dei kanskje ikkje har lese.

No er det hjelp å få, i alle fall dersom ein bur i eller rundt Stavanger: Universitetet i Stavanger og kulturhuset Sølvberget inviterer saman til mikroemne om forfattarskapen til Fosse.

Eit mikroemne gir 2,5 studiepoeng. Men det er òg mogleg å følgja undervisninga utan å ta eksamen.

— Me er tre litteraturvitarar som hadde lyst til å laga mikroemne om noko av det me er interesserte i i samtidslitteraturen, seier Ingrid Nielsen, professor ved Universitetet i Stavanger.

— Me ønskte òg å ha undervisning på ein måte der me ikkje treffer dei tradisjonelle studentane, men òg ålmenta.

To drama og ein roman

Tre dagar no i slutten av april vert det difor førelesingar midt i Stavanger sentrum, om tre av verka til Fosse. Dei er utgangspunkt for tre tema: Heimen, der ein særleg skal gå gjennom dramaet Namnet, sjøen, der studentane på førehand skal ha lese romanen Morgon og kveld, og melankoli, der romanen Naustet er utgangspunkt.

— Me vil sjå på korleis tematikk og skrivemåte heng saman, og me vil bruka samtale med studentane som ein viktig del av desse seminara. Seminara skal ikkje berre vera strengt faglege, men òg kunne seia noko om det som er tematikk i liva våre, seier Nielsen.

For dei som tek eksamen vert denne òg i samtaleform.

— Det viktigaste i livet kan ikkje seiast, berre skrivast, sa Fosse sjølv då han heldt tale i Stockholm i desember.

Han snakka om stilla, om pausane, og om at tekstane hans på eit vis kjem til han, og så må han gripa dei.

Og: 

— Eg har for så vidt alltid visst at dikting kan redda liv, kanskje har den til og med redda mitt eige. Og om mi dikting også kan hjelpa til med å redda andres liv, ja så kan ingenting gleda meg meir enn det, sa Fosse.

Ikkje for ekspertane

Då Khrono snakka med Nielsen tidlegare i veka var det om lag tjue interesserte som hadde meldt seg. Vel halvparten av desse har sagt at dei vil ta eksamen. Professoren er svært glad for interessa, for det var ikkje før etter påske at informasjonen gjekk ut.

— Er det ein fordel å ha lese ein del Fosse frå før?

— Nei, eg tenkjer at dette kan vera ein start på å lesa Fosse, seier Ingrid Nielsen, som saman med professorkollega Hadle Oftedal Andersen og universitetslektor Sigrid Sandemose skal ha dei tre seminara.

— Det kan sjølvsagt vera ein fordel å ha lese andre av Fosse sine verk, men dette er ikkje emne som skal vera for Fosse-ekspertane.

Midt i sentrum

— Dette er eit kjempetilbod, slår Espen Røsbak, leiar for program og formidling hos Sølvberget, fast.

Han seier at Sølvberget, som er både kulturarena og bibliotek, ønskjer seg fleire studentar til sine arrangement. Samstundes trur han det er mange som ikkje er klassiske studentar som er interesserte i noko av det universitetet kan by på.

— Me skal ikkje vera ein arena for universitetsstudium. Men me har ofte forskarar som formidlar hos oss, og neste vår skal me òg ha eit samarbeid med UiS om emne i ytringsfridom. Når ein no drøftar ordningar for meir fleksible studiepoeng opnar ein for meir slikt samarbeid, seier Røsbak.

Ingrid Nielsen fortel at ho mellom anna har vorte kontakta av lærarar som ønskjer seg fagleg påfyll. Andre vil ta mikoremnet som ein del av ei ordinær universitetsgrad.

— Me ønskjer å opna universitetet mot studentar me vanlegvis ikkje møter, og kanskje bygga ned nokre barrierar, seier ho.

I fagmiljøet hennar, Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, er det stor interesse for å laga frie emne i mindre volum, seier ho, og det er planar om å laga fleire til hausten.

Og Sølvberget, dei har eit fast publikum som kjem til lokala midt i Stavanger sentrum. Akkurat plasseringa er ein fordel, meiner Espen Røsbak.

— Eg trur det er mange som er interesserte i slike emne, til dømes pensjonistar. Me har tillit hos folk i Stavanger og det er enkelt å koma seg til oss.

— Men å byrja med Fosse, handlar det om å smi medan jarnet er varmt?

— Ja, seier Røsbak og humrar.

Endringslogg: Lagt til at også universitetslektor Sigrid Sandemose skal ha undervisning. Endra 18.april kl 19.57

Powered by Labrador CMS