Forsking
Norske forskingsmiljø henta heim 6 milliardar kroner frå EU i 2023
— Norske forskarar markerer seg i europatoppen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Det siste året har norske forskings- og innovasjonsmiljø fått nær 6 milliardar kroner frå EUs forskingsprogram Horisont Europa, i hard konkurranse med forskingsaktørar i andre europeiske land.
I alt har 10,6 milliardar av forskingskronene i programmet gått til Noreg så langt.
Horisont Europa varer frå 2021-2027 og har eit totalbudsjett på rundt éin billion norske kroner. Regjeringa har som mål at at norske deltakarar skal hente heim 2,8 prosent av pengane som blir lyste ut. Med dei siste resultata er returdelen no på 3,23 prosent, opplyser Kunnskapsdepartmentet i ei pressemelding.
Det gler forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.
— Norske forskarar markerer seg i europatoppen. Konkurransen er hard, og då er det ekstra gledeleg å sjå at Noreg lukkast så godt i verdas største forskings- og innovasjonsprogram. Det vitnar om høg kvalitet på forskinga, og eg er utruleg stolt over innsatsen frå dei norske miljøa, seier Hoel.
Han trekk også fram at norske aktørar i aukande grad tar på seg leiarrolla i forskingsprosjekt.
Sintef fekk mest
Mest midlar har forskingsinstitutta fått, med Sintef på ein klar førsteplass. Forskingsinstituttet har åleine konkurrert seg til nær 1,5 milliardar kroner mellom 2021 og 2023.
På plassane etter kjem Cepi (Coalition for Epidemic Preparedness Innovations), NTNU, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen.
Regjeringa peikar på at institutta er flinke til å ta med seg andre aktørar i søknadane, spesielt næringslivet, og at dette har mykje å seie for suksessen.
Universiteta og høgskulane har ifølgje pressemeldinga hatt svært god utteljing innanfor globale utfordringar og konkurransedyktig næringsliv.
Dessutan har den norske returdelen aldri vore høgare innan framifrå forsking, med rekordhøge returdelar både i Det europeiske forskingsrådet (ERC) og for mobilitetsverkemiddel under Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA).
Noreg nummer ti
På lista over land som hentar ut mest pengar fra Horisont Europa, er Noreg nummer ti. Tyskland, Frankrike og Spania hentar ut mest. Også land som Sverige og Østerrike ligg før Noreg på lista.
— Det er utruleg imponerande at Noreg er mellom dei ti landa som konkurrerer seg til mest pengar i Horisont Europa, seier næringsminister Jan Christian Vestre, i pressemeldinga.
— Dette syner at vi er ein ettertrakta partnar innanfor europeisk forskings- og innovasjonssamarbeid. Finansieringa bidreg til å styrke den nasjonale kompetansen vår og aukar konkurransekrafta, legg han til.

Nylige artikler
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Stipendiaten fikk en melding på LinkedIn som skulle snu opp ned på alt
Tre enkle tiltak for å satse på russiskfaget
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager