Storeslem til UiT i sykkelstativ-kåring

Joar Hystad
uit norges arktiske universitet kortnytt

Eit sykkelstativ ved UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø er kåra til Noregs beste. Det prisvinnande stativet står utanfor Teorifagbygget, hus 2, i Breivika, og gjekk heilt til topps i ei kåring med meir enn 60 innsendte kandidatar.

Det skriv UiT på si heimeside.

UiT tok også andreplassen i konkurransen, med sykkelparkeringshuset i Midtparsellen i Breivika.

— Vi synest det er veldig morosamt og positivt å få denne anerkjenninga, uttalar Fredrik Juul Walløe, direktør ved Avdeling for bygg og eigedom ved UiT.

Sykkelstativet som fekk førsteplassen har vore testa ut det siste året. Gjennom ein app kan brukarar reservere plass og parkere sykkelen tørt og trygt i eit eige rom.

— Klimatiske forhold i Tromsø gjer at fleire nyttar elsyklar med breie dekk og større lastesyklar. Det har vi teke omsyn til i utforminga av sykkelparkeringane, seier campusplanleggar Sigurd Salberg Pedersen.

Kåringa er initiert av NTNU-forskar Jarvis Susłowicz, med støtte frå Syklistforeininga. Juryen kåra samstundes Noregs verste sykkelstativ. Det står utanfor ein skule i Nesodden kommune.

Direktør Fredrik Juul Walløe og campusplanleggar Sigurd Salberg Pedersen i Avdeling for bygg og eigedom ved UiT.
Powered by Labrador CMS