Stenger universitet for å spare energi

Njord V. Svendsen
energi bangladesh krig kortnytt

Universiteta i Bangladesh framskundar ferien i samband med Id-al-Fitr. Grunnen er energikrise som følgje av krigen i Midt-Austen.

Måndag opplyste styresmaktene i landet at alle offentlege og private universitet stenger, melder Reuters. Det er fleire dagar før den islamske høgtida Id-al-Fitr og den planlagde ferien.

– Bangladesh vil stenge alle universitet frå måndag, og dermed framskunde Eid al-Fitr-ferien som del av krisetiltak for å spare straum og drivstoff, midt i ei forverra energikrise knytt til konflikten i Midtausten.

Styresmaktene opplyste at avgjerda gjeld alle offentlege og private universitet i landet. Tiltaket skal ikkje berre redusere straumforbruket, men òg lette trafikkpresset, som fører til sløsing med drivstoff.

Ifølgje styresmaktene brukar universitata store mengder straum til studentbustader klasserom, laboratorium og aircondition. Ei tidleg stenging vil dermed lette presset på kraftsystemet i landet.

Som eit ledd i sparetiltaka har regjeringa også bede andre utdanningsinstitusjonar om å stenge og spare energi i høgtids-perioden.

Bangladesh importerer 95 prosent av energien. Fredag innførte landet avgrensingar på sal av drivstoff etter at folk gjekk til panikkjøp og hamstring, ifølgje Reuters.

Powered by Labrador CMS