Sverige skal styrke vernet om forsking

Njord V. Svendsen
kortnytt forskning sikkerhet sverige

Sverige startar eit arbeid for å finne ut korleis forsking og innovasjon betre kan vernast i ein krevjande geopolitisk situasjon, melder den svenske regjeringa i ei pressemelding.

«Teknologiutviklinga har i dag tydelege tryggingspolitiske dimensjonar. Regjeringa har derfor vedteke at ei særskilt utgreiing skal sjå nærare på korleis opplysningar som gjelder slik forsking og innovasjon kan vernast», heiter det.

– Sveriges langsiktige konkurransekraft bygger på sterk forsking, innovasjon og internasjonalt samarbeid. Difor er arbeidet med å styrke tryggleiken avgjerande for både næringslivet og forskarsamfunnet. Med denne utgreeing tar regjeringa eit viktig steg i rett retning, seier Lotta Edholm, minister for vidaregåande utdanning, høgare utdanning og forsking.

– Sverige er eit leiande innovasjonsland som utviklar og tar i bruk ny teknologi for å styrke konkurransekrafta og skape nye jobbar. Det er slik vi aukar velstanden vår, sikrar velferda og bygger tryggleiken vår. Det skal vi ikkje la nokon ta frå oss. Denne utgreiinga er eit nødvendig steg for å sikre dette, seier energi- og næringsminister Ebba Busch.

Regjeringa vil også sjå på tryggleik knytt til kommersialisering. Utgreiinga skal vere klar om eit år.

Lotta Edholm står i mørk dress med grønt skjerf foran en grå bakgrunn.
Statsråd Lotta Edholm.
Powered by Labrador CMS