Krig i Midtausten: Forskingsfartøy i hamn på Sri Lanka

Njord V. Svendsen
krig kortnytt havforskningsinstituttet dr. fridtjof nansen

Det norske forskingsfartøyet «Dr. Fridtjof Nansen» kom natt til torsdag til hamn i Colombo på Sri Lanka. Skipet la for vel ei veke sidan frå kai i Muskat i Oman, etter at det ikkje lenger blei vurdert som trygt å operere i området etter krigsutbrotet i Midt-Austen.

«Dr. Fridtjof Nansen» skulle etter planen på forskingstokt i farvatna utanfor Oman då det vart avgjort at tryggleiksrisikoen gjorde det nødvendig å segle ut av området. Det var då 20 norske om bord. Kvar skipet skulle segle var lenge uklart.

«Dr. Fridtjof Nansen» måtte avbryte forskingstokt i Midtausten etter krigsutbrotet.

– Vi tok denne avgjerda utifrå ei totalvurdering av sikkerheitssituasjonen i området, og i samråd med Norad, FAO og Utanriksdepartementet. Det er på noverande tidspunkt ikkje mogleg å seia når skipet kan ta opp igjen den planlagde tokt-aktivitet i Oman, seier rederisjef Inge André Utåker.

Alle som er på «Dr. Fridtjof Nansen» blir ivaretatt om bord og ved ankomst Colombo. Havforskingsinstituttet samarbeider med, mellom anna, Sjømannskyrkja for å sikre god oppfølgjing. Det vil også vera eit tilbod på plass ved behov etter heimkomst til Noreg, ifølgje Havforskingsinstituttet.

Det blir no planlagt for at forskingsfartøyet vil kunne starte opp vitskapeleg arbeid i området rundt Sri Lanka så snart som mogleg etter dette.

Dr. Fridtjof Nansen er utleigd, via FN-organisasjonen FAO, til omanske styresmakter, for å kartleggja fiskeriressursane langs kysten av Oman.

Forskingsfartøyet er eigd av Norad og blir drifta av Havforskingsinstituttet. Primært blir Dr. Fridtjof Nansen nytta i «Nansen-programmet», eit samarbeid mellom HI, Norad og FAO.

Powered by Labrador CMS