Kina-senter flyttar frå UiO

Njord V. Svendsen
kina fudan european centre for china studies fudan kortnytt universitetet i oslo

Etter fem år med base ved Universitetet i Oslo (UiO) stenger Fudan-europeisk senter for kinastudier kontoret og ser seg om etter ein annan vert, melder Uniforum.

Det kinesiske Fudan-universitets europasenter vart først etablert ved Københavns universitet i 2013, og skulle vere ei plattform for å fremje akademisk samarbeid mellom Kina og Europa, ifølgje UiO. 

Då senteret brått pakka saman i København i 2020, var det etter avsløringar i dansk presse om dansk-kinesisk forskarsamarbeid der teknologi var blitt utvikla og tatt i bruk til menneskerettsstridig overvaking av minoritetar.

Etter at det vart kjent at senteret skulle flytte til Oslo, vekte det reaksjonar frå mellom anna kinaekspert Harald Bøckman som i Khrono kalla senteret for eit «brohode for kinesisk propaganda».

Leiar for Fudan-senteret, Chunrong Liu, seier til Uniforum at han er glad for støtta frå UiO.

— Når alt kjem til alt, så må forskinga vår bli driven av forskarar og bli eigd av forskarane og vere til fordel for forskarane, seier han.

I 2026 skal senteret flytte til eit anna europeisk universitet, ifølgje Uniforum.

– Vi veit enno ikkje kva land vi skal flytte til, seier Liu.

Powered by Labrador CMS