Æresforskar i Australia

Hilde Kristin Strand
høgskulen i volda australia æresforsker kortnytt

Siv M. Gamlem, professor ved Høgskulen i Volda, er utnemnd til Honorary Fellow (æresforskar) ved forskingssenteret for vurdering og evaluering (AERC) på Universitetet i Melbourne. Det melder høgskulen på eigne nettsider.

Universitetet i Melbourne er rangert som eit av dei tjue beste i verda i ei fersk rangering (QS World University Rankings).

– Det var både gledeleg og litt overveldande å få vite at eg var tildelt denne æra. Eg er audmjuk og takksam – og svært glad for samarbeidet med dyktige forskarar ved AERC, seier Gamlem.

Professor Gamlem, som til dagleg forskar og underviser ved Institutt for pedagogikk og leier forskingsgruppa Læringsprosessar og vurderingshandlingar på HVO, forskar spesielt på tilbakemelding som fremjar læring, og korleis vurdering kan både støtte og hemje læring i skulen.

Powered by Labrador CMS