Adventsprat
Nøttesteik — på godt og vondt
Roman Linneberg Eliassen vil gjerne ha ein redaktør som statsråd for forsking og høgre utdanning, og meiner regjeringa må be sjølvplagiatstudenten om orsaking. Gjerne nakne, i vinterkulda.
Khrono har intervjua eit knippe interessante personar i akademia på e-post om året som snart er over og om året som kjem.
Intervjua kan du lesa fram mot jul.
Roman Linneberg Eliassen er bergensar og redaktør for Prosa, eit tidsskrift for sakprosa, utgjeve av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO). Han har skrive og omsett eit par bøker om økonomi, og no jobbar han med tekstar om norske og omsette bøker, alt frå kokebøker til tunge akademiske verk.
— Kva er det beste og det verste som har skjedd deg i jobbsamanheng i 2024?
— Eg vart kanskje uforholdsmessig glad då Dag Rune Olsen, rektor ved UiT, skreiv ein refleksjon om akademisk fridom i Khrono etter å ha lese om Wilhelm von Humboldt og omsetjinga av hans klassiske tekst i Prosa (både innleiing og omsetjing var av Regine Rørstad Torbjørnsen). Det verste vil eg ikkje tenkje på.
— Kva er det beste og verste som kan skje i 2025?
— Det beste kan eg ikkje førestilla meg, men det hadde vore bra om Dag Rune Olsen sende inn eit bidrag til Prosa. Men eg må kanskje refusera det, sidan det sikkert ikkje vil passa med dei temaa me har på blokka. Det verste torer eg ikkje tenkje på.
— Korleis pregar den økonomiske situasjonen i sektoren arbeidskvardagen din?
— På indirekte vis. Den økonomiske situasjonen i sektoren påverkar moglegheita til djuptgripande kunnskapsformidling, både gjennom pensumbøker og populærvitenskapelege bøker. I Prosa driv me med formidling av og debatt om fagkunnskap i offentlegheita. Kunnskapen må ut til folket - og då trengst både tid og pengar.
— Kven i akademia fortener ei julestjerne?
— Studenten frå «sjølvplagiat»-saka, for tort og svie, og regjeringa bør betala og trappa opp på døra med julestjerne, nakne, i vinterkulda.
— Om du kunne valt heilt fritt, kven vil du ha som den neste statsråden for forsking og høgare utdanning?
— Ein redaktør hadde vore noko, og då må det bli Tove Lie. Men han er ikkje so galen han som er no. Hoel treng berre litt meir pengar, og å kle på seg att etter å ha levert julestjerna til studenten. Generelt treng me nokon som skjønar klassisk danning, utan at dei er heilt Bernt Hagtvet.
Fire kjappe:
— Fullfør setninga: Om eg var
rektor for ein dag ville eg …
— … sett i verk drakoniske tiltak for å redusera karbonavtrykket til institusjonen.
— Kva står på julemenyen?
— Nøttesteik
— Kva gler du deg minst til med
jula?
— Nøttesteik
— Kva MÅ vera på plass for at det
skal bli ekte jul?
— Nøttesteik

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager