utveksling

Ny rekord: Internasjonale studentar vil til Noreg

Fleire enn 11.000 kom til Noreg for å studere i 2025. Berre 15 prosent av dei kom frå andre verdsdelar enn Europa.

Talet på studentar som kjem frå land utanfor Europa har gått nedover dei siste åra.

Studentar frå den store verda vil til vesle Noreg, men dei fleste kjem frå vår eigen verdsdel.

I 2025 kom heile 85 prosent av dei internasjonale utvekslingsstudentane frå Europa, ifølgje Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) som har henta fersk statistikk frå Database for høyere utdanning (DBH).

Det er ein markant auke. For tid år sidan kom 77 prosent frå europeiske land.

Den klart største andelen av utvekslingsstudentar kjem frå Tyskland. 2300 tyske utvekslingsstudentar kom til Noreg i fjor. Det utgjer 20 prosent, og er på nivå med tidlegare år.

Færre frå USA

Nest etter Tyskland sender Frankrike flest studentar til Noreg. 1630 franske studentar kom for å studere her i 2025 — det er ny rekord.

— Tyskland og Frankrike er viktige samarbeidsland for Noreg, så er dette gode tal, seier avdelingsdirektør i HK-dir., Magnus Fodstad Larsen i ei pressemelding.

Dei tre føregåande åra har Nederland vore nummer tre på lista, men i fjor var det Italia som sende tredje flest utvekslingsstudentar til Noreg. For første gong var dei over 1000 i talet.

Frå USA kjem det derimot færre enn før. Rett nok har antalet aldri vore særleg høgt.

— I 2016 kom over 300 amerikanske studentar hit, i 2026 kom 200. Det gir ein nedgang på 34 prosent på ti år, seier Fodstad Larsen.

Ser ein på fordelinga mellom verdsdelane, er det frå Asia flest studentar kjem, nest etter Europa. Dei utgjer med 852 studentar i 2025 likevel ein liten andel. Dernest følgjer Nord-Amerika med totalt 388 studentar.

Frå afrikanske land kom det 195 utvekslingsstudentar i fjor. 180 kom frå Latin-Amerika og Karibia og 85 frå Oceania.

Stipend til trygt land

— Noreg blir opplevd som trygt og fredeleg. Det er hovudgrunnen til at utvekslingsstudentar vel Noreg. Deretter følgjer norsk natur og høg kvalitet på utdanninga, seier Fodstad Larsen, og viser til rapporten International students in Norway.

I den rapporten står det også at 90 prosent av utvekslingsstudentane reknar tilgang på undervisning på engelsk som viktig for valet om å studere i Noreg.

Det er særleg utdanningsprogrammet Erasmus + som utover dette gjer Noreg attraktivt for europeiske studentar. Gjennom dette programmet kan studentar i heile EU/EØS få stipend. Åtte av ti utvekslingsstudentar som kom til Noreg i fjor hadde Erasmus+-stipend og ni av ti av dei europeiske, ifølgje HK-dir.



Powered by Labrador CMS