Debatt ● Veronica Kvalen Pilskog
Nye kanalar er ei lettvint løysing
Denne veka vart Viten-TV opna. Å lansere ein ny kanal for forskingsformidling høyres lovande ut, men er det løysinga?

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Denne veka var den offisielle opninga av Viten-TV , ein ny kanal for formidling av forsking. Bak satsinga står Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Stavanger og UiT Noregs arktiske universitet. Kanalen skal bidra til å gjere forsking tilgjengeleg for eit bredt publikum, men med allereie mange eksisterande plattformer kan vi spøre: Er ein ny kanal den beste måten å løyse formidlingsutfordringane på?
Eit grunnleggande prinsipp i kommunikasjon er at ein må kjenne målgruppa si. Då må ein stille seg spørsmål som kven er målgruppa, kva behov har dei, og kva kanalar brukar dei i dag? Eg er svært nysgjerrig på kva slags strategiarbeid desse fire institusjonane har gjort før ein bestemte seg for å etablere Viten-TV.
Å bygge ein ny kanal krev betydelege ressursar. Så langt har utviklinga av Viten-TV kosta over 4,6 millionar, og i 2025 er det budsjettert med ytterlegare 2,5 millionar kroner. Med slike kostnadar bør vi spøre oss om det er ei fornuftig investering. Hadde det ikkje vore betre å brukt desse midlane på å styrke forskingsformidling i allereie etablerte kanalar?
Hadde det ikkje vore betre å brukt desse midlane på å styrke forskingsformidling i allereie etablerte kanalar?
Når vi snakkar om formidling av forsking, manglar det ofte ikkje plattformer, men evne til å formidle forsking på ein spennande og forståeleg måte. Og til dette finst det mange dyktige formidlarar, både kommunikasjonsarbeidarar og journalistar. Vi treng meir samarbeid, ikkje meir fragmentering.
Med dei store investeringane som er lagt i prosjektet, håpar eg sjølvsagt at Viten-TV blir ein suksess. Men då trur eg det bør ligge ein grundig utarbeidd strategi til grunn, om ikkje kan Viten-TV fort bli ein ny kanal som druknar i eit allereie overfylt medielandskap.
Khrono rettar: I den opprinnelege versjonen av innlegget (publisert kl. 09:57), sto det at Viten-TV er budsjettert med ytterlegare 25 millionar kroner. Det er feil. Det skulle ha stått 2,5 millionar. Dette er retta opp i kl. 10:42.
Nylige artikler
Når det er krig i Europa, må forskningspolitikken endres
Unge forskere vil ha tydeligere skille mellom jobb og fritid
Eksamener avlyst på grunn av datainnbrudd
28 søkere ønsker å bli ny kommunikasjonssjef på Universitetet i Oslo
NTNU har fordømt 7. oktober-terroren, men styrer ikke hva ansatte mener
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)