Sosiologi
Ottar Brox er død
Ottar Brox døydde fredag kveld, 91 år gamal.
Sosiologen Ottar Brox er død.
Det stadfester sonen hans, Johan, til avisa Nordlys fredag kveld.
Brox vart 91 år gamal.
Den markante sosiologen vart fødd i 1932, og kom frå Torsken på Senja i Troms.
Brox var professor ved UiT Noregs arktiske universitete (UiT) frå det vart opna i 1972 og fram til 1984.
– Veldig trist
— Først og fremst er det veldig trist, seier Nils Aarsæther, professor emeritus ved Institutt for Samfunnsvitenskap ved UiT, til Nordlys.
UiT minna fredag kveld Brox:
— Han var ein av våre første professorar, ein av pionerane våre, og vart i 2003 utpeika til æresdoktor ved UiT. Få, om ingen, har sett så stort preg på samfunnsforskinga og debatten om Nord-Noreg som Ottar Brox, skreiv universitetet på Facebook-sida si.
Seks tiår i offentleg debatt
Brox var òg politikar for SV, og han var svært viktig, seier nestleiar i SV, Torgeir Knag Fylkesnes, til Nordlys. Brox sat på Stortinget frå 1973-77.
— Han har i meir enn seks tiår vore sentral i den offentlege debatten, som forskar, stortingsmann, forfattar og debattant.
I 2023 kom det ein film om Brox. Ottar Brox - Kampen for kysten. Her vert mellom anna starten av den vitskapelege karrieren hans, som vit.ass ved dåverande Landbrukshøgskolen i Ås, skildra, og møtet mellom Brox og rettleiaren hans, Fredrik Barth.
— Me får vera med på at han diskuterer saka, både med politikarar i Oslo og med lokale fiskarar i Mehamn og Gamvik. Og det er nettopp det at me får sjå dette spennet i typen samtalepartnarar som gjer filmen interssant som akademikarportrett, skreiv Khrono sin filmmeldar Jan Storø.
Saka er oppdatert 17. februar kl 9.34

Nylige artikler
Når det er krig i Europa, må forskningspolitikken endres
Unge forskere vil ha tydeligere skille mellom jobb og fritid
Eksamener avlyst på grunn av datainnbrudd
28 søkere ønsker å bli ny kommunikasjonssjef på Universitetet i Oslo
NTNU har fordømt 7. oktober-terroren, men styrer ikke hva ansatte mener
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)