eigedom

Planla høgskule. No kan det verta leikeland og bowling

For 11 år sidan kjøpte NLA Høgskolen ein stor tomt i Bergen. No er det bestemt at dei i alle fall ikkje skal flytta dit med det første.

Prosjektet har fått namnet Paraplyen, og i namnet vert det også vist til Begen som regnby. Inne er de tenkt både gokart, bowling og leikeland. Dette er aktørar som kan leva side om side med kontordrift, seier NLA Høgskolen sin eigedomsdirektør.

I mange år var det NRK som heldt til i eit rundt bygg på Minde i Bergen. Bygget vart eigentleg bygd for Martens bakeri. Det er teikna av Geir Grung, ein av dei mest kjende bergensarkitektane, og er freda.

I 2015 kjøpte NLA Høgskolen og BOB bygningsmassen, som i tillegg til det runde kontorbygget består av eit firkanta bygg. Dette var brukt til produksjon. 

Nokre år seinare flytta NRK ut. NLA Høgskolen flytta på si side frå Breistein, der dei heldt til i det som opprinneleg var ein institusjon for psykisk utviklingshemma, til bygget som først var sjukehus for spedalske. Her har dei leigekontrakt i 15 år.

Og no ser det ut til at planen om å flytta til Minde i alle fall er lagt på is. Lokala ligg ute for leige, under tittelen «Bergens nye destinasjon for aktivitet, opplevingar og lek».

Veit ikkje om eller når det vert flytting

I utleigeannonsen, som Bergens Tidende skreiv om først, står det lista opp at lokala kan passa for aktørar innan mellom anna trampolinepark, klatring, bowling, VR, escaperoom og leikeland. Illustrasjonane i annonsen viser mellom anna bowling og kafé.

— Reguleringsplanen har tatt forferdeleg lang tid, og er framleis ikkje vedteken. Det har vore utruleg krevjande for oss, seier NLA sin eigedomsdirektør, Torbjørn Hovland, til Bergens Tidende.

Hovland seier også at NLA i alle fall ikkje kjem til å realisera planane om høgskule i ein kort tidshorisont.

Til Khrono seier Hovland, i ein e-post sendt frå kommunikasjonsavdelinga, at den lange reguleringsprosessen saman med renteoppgang og auka kostnader har gjort at høgskulen har vald å få for ei førebels løysing med utleige som gir dei inntekter.

— Per no er det vanskeleg å seia noko om når NLA kan flytta inn, seier han.

 — Vert det ikkje mykje ombygging dersom de skal ha inn hoppeland og bowling no? 

— Arealet er omlag 16.000 kvadratmeter, og dette kan gi ulike moglegheiter for ulike aktørar. Hoppeland og bowling er døme på ulike konsept i bygget, som kan verka saman med ordinær kontordrift. 

Slik kan det sjå ut i det gamle bakeriet og NRK-bygget.

Vil selja

BOB skal etter planen bygga leilegheiter på parkeringsplassen ved det runde bygget. I tillegg skal det som heiter Wergeland kulturarena inn i deler av bygget. Her får ein plass til Vestlandets kor- og korpsbevegelse, og frie sceniske grupper.

Då NLA flytta til Bergen sentrum i 2024, vart den gamle Vestlandsheimen lagt ut for sal. Det er snakk om seks bygningar og eit tomteareal på 56 mål. Åsane Tidende har tidlegare skrive at prislappen ligg på omlag hundre millionar kroner.

— Hovland, korleis går det med sal av denne bygningsmassen?

— Me leiger ut lokalet til asylmottak, og har ein god bruk av bygningane. Dette er ein god og effektiv bruk av lokala, og me er glade for at me kan bruka bygningane til eit samfunnsnyttig formål.

Powered by Labrador CMS