Debatt ● Gunnar Yttri
Regionar i forskingspolitisk blindsone
Forskingspolitikken har i mange tiår vore viktig for å løfta heile landet. Men kvar er dei regionale ambisjonane og verkemiddela i systemmeldinga?

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Kvar er dei regionale ambisjonane og verkemidla i systemmeldinga? Spørsmålet er brennaktuelt når Stortinget i desse dagar handsamar Meld. St. 14 (2024—2025) Sikker kunnskap i en usikker verden. Ein raud tråd i meldinga er forskinga si rolle for beredskap og tryggleik, verdiskaping og omstilling.
Det vert presisert at næringslivet må investera meir i FoU. Nett difor er fråværet av regionale perspektiv særleg merkande.
Det er grunn til å stussa over dette for regjeringa har tidlegare lagt an regionale satsingar i forskingspolitikken. Distriktsmeldinga (2024) ber til dømes bod om at forsking skal brukast til å utvikla heile landet. Dette er det god tradisjon for.
Regional utvikling og levande distrikt har vore viktig i norsk kunnskapspolitikk. Frå slutten av 1960-åra kom utbygginga av distriktshøgskular, lærarskular, sjukepleieskular og ingeniørskular, og Universitetet i Tromsø. Dette skulle bidra til å styrkja næringsliv, offentleg sektor og busetjing i heile landet. Seinare vart det òg etablert regionale oppdragsforskingsinstitutt, som Nordlandsforsking, Rogalandsforsking og Vestlandsforsking.
Ved inngangen til 2020-talet dokumenterte både distriktsnæringsutvalet og demografiutvalet den store verdien av høgare utdanning og forsking for verdiskaping og busetjing. Begge utvala var oppnemnde av Solberg-regjeringa og begge problematiserte at ein stor del av forskingsmidlane går til dei mest sentrale områda.
Bodskapen kan samanfattast slik: Nasjonale ordningar åleine er ikkje tilstrekkeleg for omstilling og vidareutvikling av næringslivet i distrikta.
Både regjeringas distriktsmelding og Strategi for å øke næringslivets investeringer i forskning og utvikling (2024) tek denne bodskapen på alvor. I nemnde strategi slår regjeringa fast at dei vil «vurdere sammensetningen av de næringsrettede virkemidlene, blant annet om forskningsvirkemidlene totalt sett bidrar tilstrekkelig samarbeid og spredning av kunnskap, og treffer næringslivet i ulike deler av landet».
Tiltaket synest vera særleg viktig fordi ordninga med regionale forskingsfond er lagt ned.
Er regionane i Noreg dermed hamna i ei forskingspolitisk blindsone? Ogso utlysingar i Noregs forskingsråd gir grunn til å reisa spørsmålet.
Det gjeld utviklinga av eit av dei aller største og viktigaste næringsorienterte verkemidla i Noregs forskingsråd, Innovasjonsprosjekt i næringslivet, på over 1 milliard kroner årleg. Fram til 2023 var det i utlysingane understreka at «Vi vil også prioritere næringsområder eller regioner som er svakt representert i porteføljen». I 2024-utlysinga har ein stroke formuleringa om å prioritera svakt representerte regionar.
Ein medviten og ambisiøs forskingspolitikk bør sjølvsagt ha tydelege regionale ambisjonar og verkemiddel. Politikken bør også ta opp i seg relevante studiar.
Eit arbeid leia av innovasjonsforskar Rune Dahl Fitjar ved Universitetet i Stavanger dokumenterte i 2024 regional skeivdeling av forskingsmidlar. Fitjar og kollegaene fann at dei offentlege forskingsmidlane i Noreg i større grad er konsentrerte om hovudstadsregionen enn i mange andre europeiske land.
Om ein då i forskingspolitikken verkeleg har mål om å leggja til rette for at næringslivet skal investera meir i FoU, er det verd å merka seg det markante funnet av at næringslivet sine eigne FoU-investeringar er jamnare fordelt utover landet enn dei offentlege. Stortinget har såleis eit tydeleg fagleg grunnlag for å løfta det regionale perspektivet i handsaminga av systemmeldinga.
Nylige artikler
Trusselvurdering: Sjå opp for gjesteforelesarar
Som man roper i skogen, får man svar
Kjent studie om diskriminering i akademia er feil, ifølge forskere
25 prosent nedgang i doktorgradsavtaler ved universitetene
Varsler utredning etter fagskolekonkurs
Mest leste artikler
Skal selge «siving-ringer» for flere millioner kroner i år
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Stjerneforskere måtte slutte etter kontakt med Epstein
Slutt for denne lønnede utdanningen: — Dette er så viktig
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet