Statsbudsjett

Rektorar misnøgde med budsjettet: — Ein svart dag

Isolasjonisme, gravøl og sterk uro, var ord som blei brukt etter framlegging av statsbudsjettet torsdag.

Ingen av dei tre rektorane som møtte fram i Stortinget torsdag er spesielt nøgde med framlegg til statsbudsjett. F.v.: Klaus Mohn, Margareth Hagen og Curt Rice..
Publisert Oppdatert

Det var lite å juble over for dei fleste rektorane og kunnskapstoppane etter framlegging av statsbudsjettet torsdag. Fleire av dei var til stades på Stortinget og deltok i Khrono si direktesending.

— Vinteren kjem. Dette er ein svart dag, særleg for Universitetet i Stavanger, men òg for heile sektoren, seier ein lett opprørt rektor ved UiS, Klaus Mohn i ein av sine første kommentarar til regjeringas forslag til statsbudsjett.

Sjå dei viktigaste framlegga i budsjettet for kunnskapssektoren her.

Rektor Curt Rice ved NMBU meiner budsjettet ber bod om isolasjonisme med alle kutta på internasjonaliseringsområdet.

— Det er litt spesielt at vi skal drive med månelanding som er viktig for verda, men at vi ikkje skal fortelje verda om det. For vi skal ikkje reise. Vi skal ikkje ta imot internasjonale studentar. Vi skal kutte ned på HK-dir sine internasjonale program. Vi skal rett og slett byrje å isolere oss! Det er inga klok tilnærming når det gjeld berekraft og når det gjeld Noregs rolle i den internasjonale utviklinga, seier han.

40 mill. i minus i Stavanger

For Universitetet i Stavanger inneber budsjettframlegget 40 millionar kroner mindre enn i år.

— Vi blir ramma av alle inndekkingar, men blir ikkje prioriterte på noko vis.

— Blir dette resultatet etter endeleg budsjettvedtak, så må vi ta rev i seila og kutta ned på ressursbruken. Det betyr at vi går harde prioriteringar i møte, seier Mohn.

Han viser til at det rett nok ligg ein liten realauke i løyvingane, men det er ei låg forventing til inflasjonen i budsjettet.

— Kostnadane skal ikkje bli mykje høgare før dette betyr stagnasjon og nedgang for sektoren, seier rektor Mohn, som også er utdanna økonom.

— Kva synest du er dei verste signala når det gjeld forsking, for å byrje der?

— Eg blir rett og slett litt forvirra her, for eg ser ingen samanheng mellom mål og ambisjonar slik dei ligg i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning og i dei innleiande kommentarane i budsjettdokumentet. Vi får ikkje hjelp til å sjå noko mønster her i prioriteringane slik dei ligg i regjeringa sin politikk, seier han.

Isolasjon og spesiell månelanding

Satsinga på berekraftig fôr, som blei lansert i langtidsplanen, er bra for Noreg og verda, meiner NMBU-rektor Rice.

Samstundes som Noreg skal arbeide for å løyse denne berekraftsutfordringa gjennom ei ny «månelanding», reagerer han på det han meiner er ei isolasjonistisk haldning frå regjeringa.

For framlegget om skulepengar for internasjonale studentar vil ramme NMBU sterkt. Rundt 20 prosent av studentane ved universitetet kjem frå utlandet, og ein stor del av desse er studentar på masternivå som vil bli trefte av kravet om skulepengar.

— Eg synest det er litt spesielt at dei vel ut dei fattigaste landa i verda og skal ta skulepengar frå akkurat desse studentane, seier Rice.

— Realnedgang for USN

Rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg, Petter Aasen, seier at budsjettforslaget frå regjeringa for 2023 vil innebere ein realnedgang for USN.

— Kutta rammar oss, og satsningene treffer oss ikkje, seier rektor Petter Aasen, til usn.no.

USNs tildeling i forslaget til statsbudsjett for 2023 er på 2,164 milliardar kroner. Det er 6 millionar lågare enn løyvinga for inneverande år korrigert for den innlagde prisjusteringa.

— Budsjettforslaget gir grunn til bekymring, særleg for forsking og internasjonalisering. Det vil krevja at vi ser nøye på korleis vi brukar kvar krone i driftsbudsjettet vårt, og kanskje reviderer nokre investeringsplanar, seier Petter Aasen.

Det er lagt inn ein pris- og lønnskompensasjon på 3 prosent. Det kjem ikkje til å dekke den reelle pris- og lønnsveksten, meiner USN.

USN trekker òg fram at universiteta heller ikkje får kompensasjon for auka energiutgifter. I tillegg er det foreslått ein auke i arbeidsgivaravgifta for lønn over 750.000 kroner, som vil ramma sektoren viss ikkje det blir kompenserte.

— Det er òg gjort ytterlegare trekk for endra reisevanar. I 2022 var dette trekket 2,6 millionar kroner, og i budsjettforslaget for 2023 er det trekt nye 6,7 millionar. Det er ikkje tatt omsyn til at flercampusinstitusjoner vil ha behov for reiseverksemd mellom campusane etter pandemien, trekker USN og rektor Petter Aasen fram.

— Ikkje noko jubelbudsjett

Lise Randeberg i Akademikerne jublar heller ikkje over årets budsjett.

— Dette er ikkje noko jubelbudsjett, for å seie det forsiktig, seier ho.

Ho viser til at om ein ser på Kunnskapsdepartementet, så kan det sjå ganske så bra ut.

— Men ser du på dei andre departementa, så ligg det mange kutt på forsking, både på landbruk, nærings- og fiskeri, til og med på energiforsking og grøn plattform, seier Randeberg og meiner å lese ut av budsjettet at det reelle kuttet til forsking er ein halv milliard kroner.

— Så langt nede på andelen av bruttonasjonalproduktet (BNP) har vi ikkje vore på lenge, seier leiaren i Akademikarane.

Guro Lind, leiar i Forskarforbundet, er sterkt skuffa over at det ikkje er prioritert pengar til Fripro-utlysingane i 2023.

— Det er eg sterkt uroa over, seier Lind.

— Så no er det ikkje berre kvileskjer, men meir gravølstemning?

— Ja, absolutt. Det handlar jo om ei lang rekke tilsette som ikkje kan forske lenger, seier Guro Lind.

Statssekretæren: Saftig auke på EUs returordning

Statssekretær Oddmund Hoel er på si side nøgd med å kunne kvittere ut «ei saftig auke», som han kallar det, på returordninga til EU-løyvingane. Men han avviser eit rykte om at det er 1,7 milliardar kroner på veg inn i budsjettet som vil dekka opp for tidlegare kutt i Forskingsrådet.

— Forskingsrådet er nøgde med budsjettet sitt, har eg forstått, seier han.

— Men Fripro må framleis skyves på og dei kutt-tiltaka som er varsla tidlegare står fast?

— Ja, slik er det, seier Hoel.

Endringslogg

07.10.2022, kl. 07.20: Lagt til kommentarar frå Petter Aasen, USN.

Powered by Labrador CMS