Debatt oddgeir osland

Sjølvkansellering og den akademiske etikken

Velgrunna argumentasjon som verkar korrigerande, som skjerpar innsikter eller motargument, er drivstoffet som driv meiningsbrytinga framover.

— Akademiske normer er akademiske dygder, dei er handlingsimperativ vi ikkje kjem unna å følgje dersom vi skal realisere den akademiske etikken, skriv Oddgeir Osland.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Rapportar om sjølvkansellering, der yngre forskarar i mellombelse stillingar seier dei let vere å ta ordet i det offentlege ordskiftet fordi dei uroar seg over om det vil kunne svekke moglegheitene deira til å få fast stilling, har vore eit tema i debatten om akademisk fridom i Noreg.

Vi er nok fleire som finn dette fenomenet overraskande. Sjølv har eg oppfatta det som heilt sentralt at forskarutdanningane våre skal gje stipendiatane gode vilkår til å utvikle seg som forskingsformidlarar, gjerne også til debattantar. Det er ein viktig del av samfunnsansvaret vårt, ikkje minst når ein stadig større del av dei vitskaplege publikasjonane er på engelsk.

Og når eg sjølv har hatt personalansvar for yngre forskarar har eg lagt vekt på at det å ta ei offentleg rolle også vil verke karrierefremjande, fordi mange i sentrale posisjonar på universitet og forskingsinstitutt verdset at forskarar tek del i ålmenta: Det synleggjer det vi driv med, det kan ha verknadskraft utanfor fagfellefeltet, og det gjev ofte — i det minste for samfunnsvitarar — tilbakemeldingar og kritikk som er råstoff for nye problemstillingar og ny forsking.

Når då stipendiatar har spurt meg, men kva om eg fremjar synspunkt som er kontroversielle, har svaret mitt alltid vore: Det er då ikkje eit «problem»! Tvert om; velgrunna argumentasjon som verkar korrigerande, som skjerpar innsikter eller motargument, er drivstoffet som driv meiningsbrytinga framover, ut av dei sumpane av repeterande utsegner som alt for ofte kjenneteiknar alt for mange debattar.

Og det vert verdsett i feltet vårt. Skulle det likevel finnast organisasjonar eller leiarar som ikkje verdset det, er det kanskje uansett ikkje der du er interessert i å ta din aller første jobb.

Rapportane om sjølvkansellering, viser til ein tvil om den normative fellesskapen er så utbreidd som eg trur han er.

Oddgeir Osland, dekan ved Fakultet for samfunnsvitenskap (OsloMet)

Med dette meiner eg ikkje at usikkerheita som ligg bak sjølvkansellering er heilt ugrunna, vi kjenner jo til døme på at forskarar har vorte sanksjonerte av leiarar når dei ytrar seg offentleg. Men eg trur denne usikkerheita også hentar næring frå måten vi diskuterer trugsmåla mot akademisk fridom.

Kanskje bør vi i større grad minne kvarandre om at vi er del av ein normativ fellesskap som deler visse akademiske normer, normer som er samanknytte i ein akademisk ethos som både er eit individuelt ansvar og eit felles ansvar.

Dei felles normene det er tale om, er slike som krav om openheit, at argument og analysar kan etterprøvast, kunnskapsutvikling basert på kritikk, fridomen til den einskilde å følgje sine intellektuelle interesser og respekt for dei vi hentar data og informasjon frå.

I den pågåande debatten er det mange som — med rette — framhevar at universitet som institusjon og den einskilde må ha den autonomien som trengst for å verne om desse akademiske normene. Men vi kommuniserer sjeldnare at vi ikkje berre har rett til, men også ei plikt til aktivt å fremje dei akademiske normene, verne om dei når dei er truga, ikkje minst når ein sjølv kjenner trugsmålet, direkte eller subtilt på grensa til det innbilte.

Akademiske normer er akademiske dygder, dei er handlingsimperativ vi ikkje kjem unna å følgje dersom vi skal realisere den akademiske etikken. Og den akademiske etikken og den normative fellesskapen som hegnar om han, omfattar prinsipielt alle akademiske posisjonar, som stipendiatar, professorar og dekanar.

I eit slikt lys går ikkje konfliktlinene mellom ulike akademiske posisjonar, men mellom dei som forsvarar og dei som stiller seg utanfor den akademiske etikken. I eit slikt lys kan vi ikkje lett velje bort det å ytre oss når vi kan gje ei stemme til noko viktig som elles ikkje vert sagt.

I eit slikt lys kan vi heller ikkje velje å sanksjonere ytringar fordi dei skadar «omdømme» eller verkar provoserande, utan sjølve å stille oss utanfor den akademiske fellesskapen som normativ fellesskap.

Mangt av det som er skrive om trugsmåla mot akademisk fridom — som populisme og polarisering, leiarar med mistydd omdømmeforståing og subtile sjølvsensureringsmekanismar — peikar på reelle utviklingstrekk, også i Noreg. Men trugsmåla vert ofte framstilte som sterke drivkrefter som kastar rundt på den einskilde i eit universitetslandskap prega av kollegial forvitring.

Det som ofte manglar, er eit grep om den akademiske etikken, etiske fordringar som både er eit individuelt ansvar og ansvaret til den forpliktande kollegiale fellesskapen som utgjer universitetets grunnvoll.

Denne fellesskapen er eit ideal, men meir enn det. For mange av oss er han ein erfart realitet, ein alminneleg del av den daglege samhandlinga på eit universitet. Ofte stillteiande, som ein handlingskoreografi som verkar gjennom komitear og avgjerdsprosessar. Av og til pressa til ytterkanten av det skitne spelet universitetspolitikk også kan vere, men då gjenkjend som nettopp brot på den akademiske etikken.

For stort sett, når det kjem til stykket, står vi samla i forsvaret om dei akademiske normene, også — ja ikkje minst — i anerkjenninga av dei som framfører velformulerte argument frå fagleg-politiske posisjonar vi elles er usamde med.

Slik ser det ut frå min kant. Rapportane om sjølvkansellering, viser til ein tvil om den normative fellesskapen er så utbreidd som eg trur han er. Og kanskje bør den akademiske etikken få eit klarare institusjonelt vern, slik til dømes legeetikken har det.

Men vi vil nok alltid stå i situasjonar der den indre stemma som appellerer til sjølvsensur av frykt for sanksjonar, har rett. Det betyr likevel ikkje at denne stemma bør få siste ordet. Heller ikkje då, aller minst då.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS