høgskulen i volda

Skal drøfta om rektor framleis skal veljast

For tre år sidan vedtok høgskulestyret i Volda at ein i løpet av dei neste fire åra igjen skulle drøfta leiingsmodell. No er tida komen.

Odd Helge Mjellem Tonheim vart i 2023 vald som rektor for Høgskulen i Volda for fire år. Då hadde han vore prorektor i fire år med Johann Roppen som rektor. No skal styret vedta om høgskulen framleis skal ha ei ordning med vald rektor.

I 2022 vedtok styret ved Høgskulen i Volda at ein skal ha ei ordning med vald rektor i åra 2023-2027. No er ein halvvegs i denne perioden, og det er på tide å drøfta leiingsmodell på nytt.

Saka skal opp i det første haustmøtet i høgskulestyret. Du kan sjå møtet direkte her 11. september frå klokka 9.45:

Rektor vil ha vald rektor

— Me må gjennom denne saka, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, og viser til at det berre er vedteke at ein skal ha vald leiing fram til 2027. No er han halvvegs i sin rektorperiode, og dersom ein framleis skal ha vald rektor, må styret snart gå i gang med å legga til rette for val.

— Kva meiner du om saka?

— Eg støttar framlegget til vedtak, seier Tonheim.

Der heiter det at styret vedtek å vidareføre styringsordning med vald rektor.

Vil avklara direktøren si rolle

I saksframstillinga heiter det at når ein har leiingsmodell med vald rektor, så må ein også ha ein administrerande direktør, altså ein høgskuledirektør. 

Som Khrono har skrive før, er søkjarlista til høgskuledirektørstillinga ved Høgskulen i Volda klar, og styret får ei orientering om vidare tilsetjingsprosess i styremøtet. 

Men nettopp fordi ein no skal tilsetja ein høgskuledirektør, er det viktig å avklara kva styringsmodell ein skal ha, og dermed om dette er ei rolle ein skal ha framover, heiter det i sakspapira.

Gjennomførte spørjeundersøking

Både i 2017 og 2022 var det grundige prosessar knytt til val av styringsmodell. Begge gongar landa høgskulestyret på at Høgskulen i Volda skal ha vald rektor.

I saksframstillinga vert det vist til argumentasjonen frå 2022: I ei ordning med vald rektor får ein større autonomi som organisasjon ved å få ein intern styreleiar, i motsetnad til ordning med tilsett rektor og styreleiar utpeika frå Kunnskapsdepartementet.

I 2017 vart det mellom anna gjennomført ei spørjeundersøking blant tilsette og studentar ved høgskulen. Resultatet var at fleirtalet av både faglege og administrative tilsette, samt også studentane, stemte for vald rektor som leiingsmodell.

No er tilrådinga altså at Høgskulen i Volda held fram med vald rektor. I saksframstillinga heiter det at høgskulen er inne i ei tid med store endringar i rammevilkår, og då er det viktigare enn nokon gong med god dagleg leiing av organisasjonen. 

«Ei slik leiing krev kompetanse, men også tillit i organisasjonen. Synet på den demokratiske modellen med vald rektor har tidlegare stått sterkt ved høgskulen, og som tidlegare saker viser, skuldast dette i stor grad at ein ønsker å ta i vare den lokale autonomien som ei slik ordning representerer», heiter det.

Dette skal dei drøfta

Som Khrono skreiv i går, skal høgskulestyret også drøfte tilbakemelingane frå Kunnskapsdepartementet etter etatsstyringsmøtet tidlegare år. I tillegg til dette skal styret mellom anna handsama saker om budsjett, studieportefølje og lokale lønsforhandlingar.

Her er heile sakslista:

  • 71/25 - Godkjenning av innkalling og sakliste
  • 72/25 - Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret 19.6.2025
  • 73/25 - Orientering frå rektor
  • 74/25 - Styrande dokument - delegering til dekan
  • 75/25 - Val av leiingsmodell ved Høgskulen i Volda
  • 76/25 - Studiekvalitetsrapport for Høgskulen i Volda 2023-2024
  • 77/25 - Informasjon om budsjettprosess og endringer for 2026
  • 78/25 - Strategisk vurdering av studieporteføljen og plan for studieåret 2026-2027
  • 79/25 - Etatsstyring 2025 - skriftleg tilbakemelding til HVO
  • 80/25 - Miljøfyrtårn - orientering til Høgskulestyret
  • 81/25 - Lokale lønnsforhandlinger etter 2.5.1 og 2.5.2 2025
  • 82/25 - Orientering om prosess - tilsetjing direktør
  • 83/25 - Forlenga mellombels tilsetjing høgskuledirektør
  • 84/25 - Styreevaluering 2025
  • 85/25 - Orienteringssak
  • 86/25 - Revidert årshjul for Høgskulestyret
  • 87/25 - Ymse
Powered by Labrador CMS