beredskap
Slik ser eit tilfluktsrom på eit universitet ut
Dei siste åra har fleire universitet kartlagt og starta oppussing av tilfluktsromma sine. Samstundes er mange av dei i sivil bruk, som pub eller garderobe.
— Me må ta vare på sivilbefolkninga, i tilfelle det skulle bli ein «verstefallssituasjon» med krig eller væpna angrep. Då er tilfluktsrom eitt av vernetiltaka me treng, sa justisminister Emilie Enger Mehl til NRK fredag morgon, og varsla at det for første gong sidan 1998 vil koma krav om å bygga tilfluktsrom knytt til alle nybygg på meir enn tusen kvadratmeter.
Ved norske universitet og høgskular har ein dei siste åra gjennomført ei kartlegging av tilfluktsromma dei har tilgjengeleg. Dette var eit arbeid som starta med Russland sin invasjon av Ukraina tidleg i 2022.
— Me har sett av eit årleg beløp, og har ei prioriteringsliste. Men me vart ikkje ferdige i fjor, og me vert ikkje ferdige i år heller, seier Jan-Terje Nygaard, seksjonssjef for drift i eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen (UiB).
Sjekkar ventilasjonen
I Forskrift om tilfluktsrom heiter det at romma kan «gis en hensiktsmessig utnyttelse i fred», men dei må kunne gjerast om til tilfluktsrom i løpet av 72 timar.
Ved universitet og høgskular er mange tilfluktsrom difor brukt til noko heilt anna i dag, som studentpub.
— Alle våre tilfluktsrom har sivil bruk. I det nyaste byggeprosjektet vårt, Nygårdsgaten 5, er tilfluktsromma brukt til sykkelparkering og garderobe, seier Nygaard.
Det UiB no jobbar med når dei går gjennom tilfluktsromma sine, er å sjekka det tryggleiksmessige: Fungerer til dømes ventilasjon og sluser?
Seksjonssjefen seier at det nettopp er tilfluktsrom i Nygårdsgaten 5 som no vert oppgradert. Så står Realfagbygget for tur.
Ifølgje NRK føreslår regjeringa no to typar tilfluktsrom. Det eine svarar til dagens tilfluktsrom, som vernar oss mot kjemiske og radioaktive stoff og eksplosiv med høgt farepotensial. I desse romma skal det vera vassforsyning, reinsing av luft og sikker straumforsyning.
Den andre typen vil vera enklare, og gi vern mot konvensjonelle våpen. Til dette kan ein mellom anna nytta parkeringskjellarar, skriv NRK.
Ingen godkjende
I september 2022 gjorde Khrono ei kartlegging av tilfluktsrom ved norske universitet og høgskular. Då sa Frank Arntsen, eigedomsdirektør ved NTNU, at universitetet ønskte ei kartlegging.
Nokre månader seinare var ho klar, og Universitetsavisa skreiv at ingen av tilfluktsromma var godkjende i forhold til forskrifta for tilfluktsrom. Det vart mellom anna peika på punktet om at dei skulle kunne vera rydda og gjort klare i løpet av 72 timar.
— Me håpar jo at me aldri skal trenga å bruka desse romma for å beskytta oss. Samstundes er det trygt år tenka på at det finst stader å søkja ly dersom det utenkjelege likevel skulle skje, sa organisasjonsdirektør Bjørn Haugstad.
Khrono har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå NTNU i denne omgang. Men tidleg i 2023 vart det lagt ut i anbodsbasen Doffin at universitetet skulle i gang med å pussa opp 30 tilfluktsrom.
Held romma sine hemmelege
Statsbygg er eigar av mange bygg knytte til universitet og høgskular. Dei er, som i 2022, ordknappe når Khrono spør om tilfluktsrom.
Kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim viste i 2022 til Offentleglova og «Unntak av omsyn til nasjonale forsvars- og tryggingsinteresser» då Khrono ba om ei oversikt over tilfluktsrom i Statsbygg sine bygg.
— No er det fleire universitet og høgskular som har gjort ei kartlegging av sine tilfluktsrom. Har Statsbygg gjort det same?
— Eg kan ikkje seia så mykje om dette. Men å ha ein kontinuerleg kontroll av bygga våre, òg av tilfluktsromma, er noko me gjer, seier Aschim.
— Det er bygg som er under både bygging og planlegging i sektoren. Får dei nye krava konsekvensar her?
— Det er noko me må sjå på, seier kommunikasjonsdirektøren.
Justisministeren seier til NRK at det kan vera aktuelt å stilla tilfluktsromskrav til særleg sårbare verksemder, som skular, barnehagar, sjukehus eller andre.
Bygd før ein hadde tilfluktsrom
Ved UiB er også seksjonssjef Nygaard spent på kva reglar som kjem til å gjelda. Fleire av bygga universitetet har ønske om å gjera noko med, er eksisterande bygg, som allereie har tilfluktsrom.
I tillegg kom det klarsignal om nybygg for Griegakademiet i statsbudsjettet for 2025. Dette er eit bygg på 9000 kvadratmeter, men her er planlegginga truleg komen for langt til at nye reglar vil gjelda.
— Me ønskjer òg å få rehabilitert dei kulturhistoriske samlingane til Universitetsmuseet, seier Nygaard.
— Per i dag er det ikkje tilfluktsrom i dei to museumsbygga våre. Det eldste bygget er frå 1865, det var før ein laga slikt.