universitetsdemokrati
Trekte seg som tillitsvald då ho vart styre-vara
Anneli Østlien ved NTNU trekte seg som tillitsvald då ho vart vara til NTNU-styret. Ved Universitetet i Bergen er det fleire kandidatar til universitetsstyret som òg er tillitsvalde.

— Det første som slo meg då eg vart spurt om å stilla til val til universitetsstyret, var at eg måtte ut av dei verva eg har, seier Anneli Østlien.
Ho er nyleg vald som vara til NTNU-styret og har sagt frå seg vervet sitt i Forskerforbundet frå sommaren.
Men medan Østlien ikkje er komfortabel med å ha fleire hattar samstundes, er det andre stader i landet ikkje uvanleg at tillitsvalde sit i universitets- eller høgskulestyre. Slik har det vore ved Universitetet i Søraust-Noreg, ved Universitetet i Oslo, og det er det ved Høgskulen i Volda.
Ved Universitetet i Bergen (UiB), som har val i desse dagar, er det representantar for tre fagforeiningar som stiller til val.
— Dersom ein ikkje ønskjer at det skal sitja representantar frå fagforeiningane i styret, er ein i sin fulle rett til å stemma på nokon andre, seier Steinar Vagstad — tillitsvald i Forskerforbundet og kandidat til ein ny periode i universitetsstyret.
Inhabil i ei sak
— Korleis held du styr på hattane?
— Det er veldig enkelt. Når eg sit i styret, har eg styrehatten på. Ikkje elles. Det er aldri eg som uttaler meg på vegner av styret, seier Vagstad.
Han seier at han tidlegare tenkte at det kunne verta rolleblanding. Men så såg han at Jørgen Melve, hovudtillitsvald i NTL, stilte til val til styret.
— Han fortalde meg at det omtrent ikkje var nokon saker der det var fare for rolleblanding. Samstundes har eg vore tydeleg på at det kan dukka opp saker, til dømes oppseiingssaker knytt til medlemmer i Forskerforbundet, der eg vil vera inhabil. Men i løpet av dei fire åra eg har site i styret har det berre vore ei sak, ei tilsettingssak, der eg var inhabil.
— Kan du kritisera leiinga ved UiB, når du som styremedlem er ein del av leiinga?
— Det må du spørja leiinga om. Dersom eg har meiningar, så kjem eg med dei, og det er ikkje sånn at eg meiner noko anna i styret enn eg gjer elles, seier Vagstad.
Breidde i kunnskapen
Melve har site åtte år i universitetsstyret og kan difor ikkje veljast igjen. Han seier at ein som tillitsvald har eit anna innsyn i arbeidsforholda til tilsette.
— Ein er ikkje nærsynt, slik ein nok kan verta når ein er tilsett ved eit fakultet eller ei eining, og ein har meir breidde i kunnskapen, seier Melve.
Han seier at det i løpet av dei åtte åra i styret ikkje har vore ei einaste sak der han har vore inhabil fordi han er hovudtillitsvald.
— Men kan det vera saker der du sit på informasjon du har fått fordi du sit i eit anna fora?
— Det vil i så fall vera saker frå universitetsstyret. Men dersom eg der får ei sak som er unnteke offentlegheit, så seier eg ikkje noko om den i nokon som helst samanheng.
Melve seier at det er mange i eit styre som har ulike roller. Han peikar på at dei som stiller til val til universitetsstyret, er engasjerte og gjerne har hatt verv på til dømes fakultets- eller instituttnivå.
— Det handlar om å vera medviten om rollene sine, og det er viktig å tenkja på at ein ikkje stiller for fagforeininga, fakultetet eller instituttet sitt, men som ein person med meiningar og erfaringar. Eg kan jo til dømes også stilla spørsmål ved kor klokt det er at leiarar stiller til val, men valreglementet seier at dette er greitt, seier Melve.

Ny NTL-tillitsvald stiller
I år stiller Linnea Reitan Jensen som representant for gruppe C, teknisk og administrativt tilsette. Ho er òg tillitsvald i NTL, men understrekar at ho ikkje er hovudtillitsvald.

— Korleis vert det å handtera fleire hattar?
— Eg ser ikkje at det vert eit problem. Mange av sakene i universitetsstyret er politiske, som budsjett.
— I nokre saker kan ein sjå føre seg at du har informasjon som dei andre i det fora du då sit i, ikkje har. Korleis skal ein då gå fram?
— Det handlar om å vera ryddig — og det er ikkje så veldig vanskeleg. Men dersom det kjem opp ei sak der eg har mykje informasjon som eg har fått i det andre vervet mitt, må eg vurdera habiliteten min, seier Jensen.
Ho har allereie site i fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet og seier at ho har lyst til å prøva noko nytt.
— Og så er eg veldig glad i UiB!
Tek ein stoltenberg
— Eg synest det er overraskande at nokon synest det er greitt å ha fleire hattar. I tillegg meiner eg at institusjonen er tent med at verv er delt mellom fleire, seier Anneli Østlien ved NTNU.
— Kvifor stilte du til val?
— Eg brukte litt tid på å bestemma meg. Men eg synest det er på tide at nokon frå NTNU Gjøvik eller Ålesund sit i styret. Og så har ein vel lært av Stoltenberg: Ein skal ta ein for laget, seier ho og humrar.
Det var Universitetsavisa som først skreiv om Østlien. I den saka er òg styreleiar for Forskerforbundet ved NTNU, Patric Wallin, intervjua. Han støttar Østlien sitt val.
— Tilsette kan verta usikre på om styremedlemmet representerer fagforeininga eller alle tilsette. Det handlar om å bygga tillit til dei som vel deg, seier han.
I Bergen stiller også Helene Stuart frå Akademikerne til val, og ved NTNU er både Bjørn Skallerud, Ronny Kjelsberg og Peder Brenne tillitsvalde. Det vil seia, Brenne, som skal inn i styret for ein ny periode, gjekk av som NTL-tillitsvald 1. mai, og Skallerud er vara til Tekna-styret.
— Eg har valt å halda ein låg profil i Tekna NTNU slik at ein ikkje skal tvila på kva hatt eg har på meg i NTNU-styret, og held meg unna alt som har med personalsaker, løn og konflikter å gjera, seier Skallerud til Universitetsavisa.
34 kandidatar
NTNU har altså allereie valt representantar til universitetsstyret for dei neste fire åra. Ved Universitetet i Oslo er, som Khrono har skrive, kandidatane klare. Sjølve valet der går føre seg mellom 19. og 23. mai.
Ved UiB er valet i gang. Til gruppene A, B og C stiller det 12, 9 og 13 representantar. Det skal veljast to frå gruppe A, som er vitskapeleg tilsette i fast stilling. Her stiller altså Steinar Vagstad til ein ny periode, det same gjer Inga Berre. I tillegg stiller desse:
- Cecilie Schou Andreassen Dániel Péter BiróTomas Mikal Lind EaganTerje EinarsenKatja EnbergAnn-Kristin Helland GujordLone HolstMonika KvernenesLeif Ove LarsenTrond Lødøen
I gruppe B, vitskapeleg tilsette i mellombels stilling, stiller det ni kandidatar. Her er Ida-Elise Seppola Asplund styrerepresentant i dag, og ho stiller for ein ny periode. Dei andre er:
- Mirey AlfarahShamundeeswari AnandanSondre Sæther BollandEivind LamoAlma E. OftedalAudun SyltevikNawar Mahmoud Ali SayyadKristian Wederhus
Ønskjer seg debatt
For gruppe C, tilsette i teknisk eller administrativ stilling, vert det altså ein ny representant. Her er det heile 13 å velja mellom:
- Ole FrieleRobert HetlelidHavjin JacobTambudzai Kanhema JakobsenLinnea Reitan JensenFrank MidtøyHiwa MålenJulie StavnesFredrik M. SalhusIngvild StrømsnesHelene StuartBjørn Tore SundAnne-Len Thoresen
Valet ved UiB varer fram til 7. mai kl 12. Steinar Vagstad skulle ønskt at det hadde vore debatt før valet.
— Det har vore påfallande lite engasjement og «valkamp» rundt val av universitetsstyrerepresentantar — spesielt i lys av all aktiviteten rundt rektorvalet, skriv han på Facebook-sida si.