gatekunst

UiB «avslører seg som inkompetent», meiner ekspert på opphavsrett

Jussprofessor meiner fjerninga av gatekunstverket «Fjordprinsessa«er i strid med åndsverkloven.

— Det finst tilfelle der det er nødvendig å fjerne kunstverk. Men ifølgje lova må kunstnaren varslast, seier professor Olav Torvund.
Publisert Oppdatert

— Universitetet skulle ha varsla kunstnaren før verket vart fjerna. Det er godt mogleg gatekunst ikkje er meint å vare. Men det er ikkje det same som at denne typen kunst ikkje har vern under åndsverkloven, seier Olav Torvund, jussprofessor ved Universitetet i Oslo.

— Ein institusjon som UiB burde ha rutinar for å handtere denne typen situasjonar og elementær kunnskap om opphavsrett, legg han til.

Det populære gatekunstverket «Fjordprinsessa» og fleire andre verk er blitt måla over med svart og dermed fjerna av Universitetet i Bergen, etter å ha stått i sju år. Det har ført til sterke reaksjonar, mellom anna frå kunstnaren sjølv, Sandie Carol Dougnac.

Etter det Khrono har fått vite er Dougnacs verk oppført utan godkjenning på førehand frå universitetet — men med hjelp av ein den gong UiB-tilsett med band til gatekunstmiljøet i Bergen. I etterkant har «Fjordprinsessa» fått offisiell anerkjenning i ei bok om UiBs kunst- og kulturarv, som universitetet sjølv bestilte.

— I praksis godkjent

Ifølgje Torvund endrar ikkje den manglande førehandsgodkjenninga på kravet i åndsverklova.

— Dei skulle uansett ha varsla kunstnaren. Det følgjer av åndsverkloven, paragraf 109. Verket har stått i sju år, då er det rimeleg å seie at ein i praksis har godkjent det, seier han.

To andre verk gatekunstverk på same bygg vart også måla over. Etter det Khrono er kjend med skal desse to verka ha fått munnlege godkjenningar til oppføring på førehand, mellom anna frå estetisk utval ved UiB.

Gatekunstnar Sandie Dougnac meiner UiB har ønskt verket velkommen til å pryde veggen på SV-fakultetets bygg. Medlem i estetisk utval ved UiB, Sigrun Åsebø, har i Khrono vist til at det ikkje har vore nokon skriftleg avtale mellom kunstnaren og UiB — og at universitetet dermed heller har noko ansvar for verket.

— Det er feil, seier Olav Torvund, som viser til at avtalar ikkje treng vere skriftlege for å vere gyldige i juridisk forstand.

Ifølgje den aktuelle paragrafen i åndsverkloven skal «opphaveren gis varsel i rimelig tid», når eit «originaleksemplar må ødelegges».

— Undervurdert

I eit innlegg på eigen blogg, skriv Torvund at «UiB avslører seg som inkompetent».

Jussprofessoren seier, utan at han vil gå inn det kunstfaglege, at det ikkje er ei rett fram sak å vurdere om eit verk er «gatekunst» og dermed noko som ikkje skal vare, eller «kunst» som må vurderast etter andre kriterium.

— Dette er ein vanskeleg kategori, og det finst rom for tolking. Kven vil kalle Picassos utsmykking av Y-blokka for gatekunst? Ein kan vanskeleg seie at denne type kunst ikkje skal ha vern, seier han.

Ifølgje Laima Nomekaite, som har skrive doktorgrad om gatekunst som kulturarv, pregar slike dilemma vurderingane av gatekunst.

— Det er to sider ved å fjerne gatekunst. På den eine sida er dette sjølve essensen, at ein fjernar kunst og gir rom for ny kunst. På den andre sida kan det innebere å ignorere verdien og betydninga av kunstnaren, identiteten det gir til ein stad og sjølve kunstopplevinga. Dette blir ofte undervurdert, og det verkar det som UiB har gjort i dette tilfellet seier ho. 

Powered by Labrador CMS