sosiologi

UiB-rektor: Han var ein raus pioner

Tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen, Ørjar Øyen, er død. Han vart 97 år gamal.

Ørjar Øyen vart 97 år gamal. Her utanfor bygget som har hans namn, og som huser Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen.
Publisert Oppdatert

I 1967 kom Ørjar Øyen til Universitetet i Bergen (UiB). Her vart han.

Ved UiB var det eit ferskt sosiologisk institutt, med ikkje ukjende Stein Rokkan som professor. Då Øyen kom, tok han over ansvaret for sosiologi, medan Rokkan vart ein nestor innanfor samanliknande politikk. Saman starta desse to det som vart kalla bergensskulen innanfor sosiologi. Seinare vart Øyen både dekan og rektor ved UiB.

I helga døydde Øyen, 97 år gamal.

— Ørjar Øyen var ein fagbyggar, lagbyggar og institusjonsbyggar, skriv UiB-rektor Margareth Hagen i ein sms til Khrono.

— Brubyggar

— På 1970-talet var det ein stad det kokte, og det var ved Sosiologisk institutt i Bergen. Hit kom folk frå utlandet, og det var mange kvite flekkar på kartet, mykje me ikkje visste noko om — og berre å forsyna seg, seier Gunn Elisabeth Birkelund.

Ho er professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo og var student under Øyen i Bergen.

— Øyen var svært viktig for sosiologifaget i Noreg, seier ho til Khrono.

— Han var mild og sjenerøs, men han var òg ein strateg.

Planen ved UiB var å ha eitt samfunnsvitskapeleg institutt. Utover 1970-talet, og på byrjinga av 1908-talet, vart det i staden eit fakultet, med fleire institutt. Psykologi og juss hadde då fått oppretta eigne fakultet.

«I denne til dels turbulente perioden var Øyen som dekanus og senere rektor en sentral brobygger. Under hans lederskap maktet universitetet flytting av fag og stillinger uten for mye opprivende konflikter. Resultatet var nye tilbud og flere hundre nye studieplasser», skreiv Birkelund då Øyen i 1999 fekk Norsk sosiologforening sin heiderspris.

— Ein raus pioner, og ein rektor som evna å bygga klokt i breidda, seier rektor Hagen.

Ho seier at ho fekk feira han for to år sidan, då han fylte 95.

— Då trekte alle fram den opne døra hans og det at han var raus. Han møtte alle, studentar og tilsette, med stor respekt og generøsitet.

— Ei formande kraft

På Birkelund si Facebook-side er det fleire som minnast Øyen.

Sigmund Grønmo, sjølv sosiologiprofessor og tidlegare rektor ved UiB, skriv at både formelt og uformelt spelte Ørjar Øyen sentrale og leiande roller i utviklinga av så vel sosiologien og samfunnsvitskapen som hele universitet i Bergen.

— Ei formande kraft, skriv professor og tidlegare statsråd Gudmund Hernes, og peikar på at Øyen inspirerte og prega ein generasjon av norske samfunnsforskarar.

I same kommentarfelt vert det peika på at Øyen går inn i ei rekke av norske samfunnsvitarar som nyleg har gått bort. Både Ottar Brox og Johan Galtung døydde i februar.

— Dette er merkbart, seier Gunn Elisabeth Birkelund.

— Arne Næss var rett nok før dei, men alle desse tre var svært viktige for samfunnsvitskapen i Noreg.



Powered by Labrador CMS