Debatt Steinar Vagstad

Universitets­demokratiet ved UiB truga av Forskerforbundet? Seriøst?

Gard Johanson framstiller det som uttrykk for demokratiforakt (ikkje mindre!) når ulike kandidatar driv valkamp på ulike måtar. Vi er på ulike klodar.

Gard Skulstad Johanson og eg er på to ulike klodar når det gjeld kva som fungerer fint og kva som bør forbetrast i universitetsdemokratiet, skriv professor og leiar i Forskerforbundet ved UiB, Steinar Vagstad.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Siste veka har vi i tre ulike Khrono-oppslag fått lese påstandar om at Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen, personifisert ved underteikna, bryt lova for å manipulere fram «våre» kandidatar til universitetsstyret.

Det handlar om desse sakene:

Journalist Njord Svendsen tek fram dei største orda, men underspelar det faktum at Det sentrale valstyret godkjende valet utan merknader. Spalteplass blir brukt på å dekke det at to av styremedlemmene ved UiB brukte styremøtet den 6.mai dels til personangrep, dels til å så tvil om legitimiteten til valet.

Eg kan forstå at Runa Falck er skuffa over å ha tapt kampen om styreplassen for Gruppe B på målstreken mot Peter Hatlebakk, og eg syns vi må ha takhøgde for at taparar må få lufte ut sin frustrasjon. Men hennar val av tid, stad og form for denne avreageringa framstår som spesiell. Universitetsstyret er ikkje ein arena for prosedering av eiga sak, og ho viser her ei rolleforståing som styrker mi oppfatning av at Hatlebakk er ein betre kandidat.

Styremedlem Gard Aasmund Skulstad Johansons høgstemte innlegg, som han syntest var så bra at det burde trykkjast og ikkje berre direktesendast, nærast roper på svar. Sidan innlegget er langt er det ikkje til å unngå at også svaret mitt må bli litt langt. Eg kjenner ingen som er ueinige i at universitetsdemokrati er viktig og må kultiverast og passast på både for å leve og overleve. Derimot er Johanson og eg på to ulike klodar når det gjeld kva som fungerer fint og kva som bør forbetrast.

Johansons idear om å regulere korleis ein skal kunne drive valkamp kolliderer fort med den grunnlovsfesta ytringsfridomen

Steinar Vagstad, leiar i Forskerforbundet ved UiB

Grunnsteinane i eit velfungerande demokrati – også universitetsdemokratiet – er i) eit godt valreglement, ii) rutiner og institusjonar som sikrar at valreglementet blir etterlevd, og iii) respekt for valresultatet. Etter mitt syn er valreglementet til UiB i hovudsak godt (med potensiale for forbetring), reglementet blir etterlevd (jf. leiaren i det sentrale valstyrets orientering på universitetsstyremøtet 6.mai), og universitetssamfunnet – med to spektakulære unntak som eg kjem tilbake til – respekterer valresultatet.

Johanson framstiller det som uttrykk for demokratiforakt (ikkje mindre!) når ulike kandidatar driv valkamp på ulike måtar og ikkje berre i form av positive innlegg i fora der alle andre kandidatar også er til stades. Det er fullstendig legitimt, og av og til nødvendig, å kritisere andre kandidatar i ein valkamp (og det er av same grunn sjølvsagt legitimt å gå til motangrep, slik Johanson sjølv gjorde i sin valkamp). Og det er fullstendig legitimt å drive meir valkamp og annleis valkamp enn konkurrentane dine.

Eg kan heller ikkje sjå det problematiske i at ein kandidat får støtte frå personar eller organisasjonar med annan innflytelse enn berre stemmeretten. Når Johanson nemner faglege leiarar som i kraft av sitt verv fremjer nokre kandidatar framfor andre reknar eg med at han siktar til dekan Helge Dahle, som brukte dekanbloggen til å anbefale folk å stemme på andre kandidatar enn Johanson (og meg).

Ein sympatisk ting med demokrati er at ein dekan (eller ein fagforeningsleiar for den del) berre har ei stemme, og eg hissar meg ikkje opp over at dekanen på eit fakultet uttrykkjer si meining om kva for kandidatar som han meiner vil vere bra for fakultetet. Valresultatet tyder dessutan på at Johanson overvurderer tyngda i slike anbefalingar. Bortsett frå førehandsfavoritten Inga Berre blei ingen av Dahles føretrekte styrekandidatar valde inn i styret.

Det verkelege trugsmålet mot universitetsdemokratiet er den låge valdeltakinga i gruppene B (midlertidige vitskapleg tilsette) og D (studentar). For å gjere noko med dette er det viktig å legge til rette for at kandidatane kan nå ut til veljarane og få presentert seg. Dette er også viktig for å redusere den enorme fordelen som ligg i å vere i posisjon. Då er det viktig at ikkje alle forsøk på å nå ut til veljarane blir stempla som ei form for ulovleg eller i det minste uetisk reklame.

Johansons idear om å regulere korleis ein skal kunne drive valkamp kolliderer fort med den grunnlovsfesta ytringsfridomen, herunder retten til å kritisere sittande representantar og andre kandidatar. Skuldingane han slenger ut har ikkje klar adresse, men viss han snakkar om sine eigne motkandidatar forstår heller ikkje han si rolle som styremedlem. Og dulgte skuldingar blir vidareformidla av Khrono utan at noko får tilsvarsrett.

SÅ til det påståtte lovbrotet. Forskerforbundet har e-postadresser og anna informasjon om medlemmene våre i vårt medlemsregister. Informasjonen i dette registeret er samla inn med eit føremål, og det er ikkje lov å bruke slik informasjon til andre ting. Vi har kontaktinformasjon i registeret for å kunne formidle informasjon til våre medlemmer på ein effektiv måte, sjølvsagt ikkje om kva som helst, men informasjon som støttar opp under Forskerforbundets føremål: «Forskerforbundet har til formål å bedre lønns- og arbeidsvilkårene innen forskning og høyere utdanning og å ivareta medlemmenes økonomiske og yrkesmessige interesser» (§ 1 i forbundets vedtekter).

Det er ei vurderingssak kva som støttar opp under føremålet, og mi vurdering var (og er!) at det å hjelpe Peter Hatlebakk til å nå ut til medlemmer i gruppe B ville vere bra for desse medlemmenes økonomiske og yrkesmessige interesser. For dei som måtte vere i tvil kan eg anbefale Hatlebakks debattinnlegg i Khrono dagen før valet opna. (Til dei som enno ikkje har fått det med seg: Hatlebakk har ikkje fått vite namn eller e-postadresse til eit einaste medlem.)

For å sette det påståtte lovbrotet i perspektiv: Eg lærte for nokre dagar sidan (etter det første Khrono-oppslaget) at alle tilsette på UiB som bruker Outlook kan sende e-post til ulike grupper, for eksempel alle stipendiatar ved UiB, ved å bruke den innebygde adresselista. (Etter litt øving greier eg dette på mindre enn to minutt.)

Hadde Hatlebakk visst om dette kunne han ha gjort det sjølv i staden for å spørre Forskerforbundet om hjelp til å nå ut, og han ville ha nådd endå breiare ut (ikkje berre til Forskerforbundets medlemmer). Sidan det berre inneber bruk av offentleg publisert kontaktinformasjon går eg ut frå at det også ville ha vore lovleg, men Runa Falck, Gard Johanson og Khrono-journalist Njord Svendsen har kanske eit anna syn på dette?

Og om dette hadde skjedd, ville dei då også ha gått ut med påstand om at UiB har hjelpt nokre kandidatar framfor andre (som ikkje hadde oppdaga denne måten å gjere det på)? Med påstand om lovbrot? Har UiB i det heile lov til å legge ut kontaktinformasjon til sine tilsette – nokon kan jo komme til å bruke denne informasjonen til noko anna enn det som er UiBs føremål med å ha denne informasjonen? Har nokon sjekka om nokon av styrekandidatane faktisk har brukt denne metoden?

Viss vi løftar blikket og ser litt utover vil eg påstå at dei to største trugsmåla mot demokrati er i) at makthavarar bruker illegitime verkemiddel for å halde på makta (for eksempel ved å hindre opposisjon tilgang til TV og andre medier), og ii) at dei som taper eit val sår tvil om valets legitimitet (det mest spektakulære eksempelet er Trumps valnederlag i fjor haust).

Det at du sjølv eller ein kandidat du liker taper eit val er ingen trugsel mot demokratiet. Heller ikkje at enkelte kandidatar i større grad enn andre står på for å formidle kva dei står for, eller at kandidatar får ulik hjelp og støtte frå aktørar som ikkje har med sjølve valavviklinga å gjere. Det er eit godt teikn for demokratiet om veljarane av og til skifter ut leiarar eller styremedlemer som har lyst til å sitte vidare. Denne gongen skjedde det berre ein gong (då Falck tapte Gruppe B-plassen til Hatlebakk med knappast mogleg margin) – alle andre som stilte til attval vann. Det er eit tankekors.

Johanson har rett i ein ting: Viss det brer seg eit inntrykk av at universitetsdemokratiet ikkje fungerer vil dette bli forsøkt brukt av krefter, både interne og eksterne, som vil avskaffe dette demokratiet. Valdeltakinga kunne ha vore høgare (spesielt blant studentane), men elles er det ingen indikasjonar på at UiB-demokratiet ikkje fungerer. Viss Johanson verkeleg vil universitetsdemokratiet vel bør han kanskje bruke litt meir «innestemme» om det han syns bør endrast? Denne oppfordringa går også til Khrono og journalist Njord Svendsen – spikarsuppe blir ikkje meir næringsrik av å sette til meir spikar.

Både Gard Johanson og Runa Falck brukte det direktesendte styremøtet til å så tvil om legitimiteten til eit val som Det sentrale valstyret har godkjent utan merknader. Eg lurer litt på korleis eg skal tolke resten av styrets stillheit – er det «illevarslande», «problematisk»,« spesielt», eller berre eit uttrykk for at dei har godtatt valet?

(Steinar Vagstad gjer også merksam på at han p.t. er leiar for valstyret ved Det sammfunsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen).

(les videre under AnnonseN)

Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktig debatt og nyheter.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-

Powered by Labrador CMS