Forskingsmidlar

Uroa over at dei store tek alle forskingspengane

Forskingsdirektøren ved Høgskulen i Volda er uroa over at dei institusjonane med størst støtteapparat stikk av med forskingskronene.

Høgskulen i Volda er ein av dei mindre forskings- og utdanningsinstitusjonane. Forskingsadministrasjonen går no frå to til tre personar.
Publisert Oppdatert

Norske universitet brukar millionar på konsulentar som skal hjelpa dei med å skriva gode forskingssøknader, har Khrono skrive.

(LES VIDERE ETTER ANNONSEN)

Bli varslet om siste nytt på mobilen!

LAST NED KHRONO-APPEN HER:
Download on the App Store
Tilgjengelig på Google Play

Slik er det ikkje ved Høgskulen i Volda. Der er forskingsadministrasjonen ei lita gruppe på to personar, men til hausten vert dei tre.

— Me har ikkje brukt pengar på konsulentar, seier forskingssjef Henriette Hafsaas.

Ho orsakar at ho ikkje rakk å svara då Khrono sendte ut e-post til universitet og høgskular med spørsmål om pengebruk: Arbeidsoppgåvene til ein forskingssjef ved ein høgskule er mange.

— Hos oss gjer forskarane det meste sjølv med søknader om eksterne midlar. Eg les gjennom og kjem med innspel, seier Hafsaas.

— Uheldig

Forskingssjefen stiller spørsmål ved prioriteringane som vert gjort.

Forskingssjef Henriette Hafsaas har sjølv doktorgrad og røynsle som forskar.

— Eg synest det er uheldig at ein nyttar konsulentar for å nå opp i konkurransen om midlar frå Forskingsrådet. Er det slik me som nasjon vil nytta forskingsmidlane?

I den ferske forskingsmeldinga frå høgskulen, som nyleg vart handsama i høgskulestyret, heiter det at «det er bekymringsfullt at løyvingane frå NFR går til universiteta i endå større grad enn tidlegare. Det skuldast nok ikkje berre at det er der dei beste forskarane er, men også at universiteta har eit heilt anna format på støtteapparatet rundt søknadsarbeidet».

— Alle område der ein kan søkja om pengar, må ein gå inn med pengar, sa Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo.

Han forsvarar å bruka pengar på konsulentar, og viser til at UiO har henta ut store summar, både frå Forskingsrådet og EU-systemet. Men som Khrono har skrive, finst det òg kritikarar.

— Ein har nok dårlegare førsetnader ved små institusjonar, trur Hafsaas.

Anne Tjønndal sa noko av det same til Khrono. Ho er førsteamanuensis ved Nord universitet, og skildra korleis ho i nokre tilfelle er ganske åleine - som då ho var på kurs i regi av Forskingsrådet om ERC. Der stilte andre universitet med eit heilt korps av medarbeidarar.

Kort veg til toppen

I fjor sende Høgskulen i Volda éin søknad om forskarprosjekt til Forskingsrådet. Den kom gjennom det tronge nålauga. I tillegg fekk høgskulen tilslag på ein søknad om midlar for å betra kjønnsbalansen.

—Høgskulen har eit potensial for å auka dei eksterne inntektene, men då må me òg prioritera ressursar til dette, heiter det i forskingsmeldinga.

I den same meldinga kjem det fram at vitskapeleg publisering har auka, og nokre av dei som har fått stipend for å kvalifisera seg for vitskapeleg førstestilling, har fått opprykk til professor eller dosent.

Noko har skjedd, stadfestar Kjartan Leer-Salvesen. Han er professor ved Institutt for sosialfag, og leiar det store prosjektet som er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, Politihøgskolen og SIFER ved Oslo universitetssykehus. Prosjektet «Mandatory Reporting of Intimate Partner Violence» skal forska på partnervald og profesjonsutøvarar si plikt til å hindra denne typen vald. 12 av dei 42 millionane som skal brukast til prosjektet kom frå Forskingsrådet.

— Eg opplever at den adminsitrative støtta har vorte bygd ut dei siste åra, seier Leer-Salvesen.

Han peikar på nokre fordelar ved å vera tilsett ved ein liten institusjon:

— Det er kort veg til toppen, og lett å få hjelp. Ja, det er færre personar som jobbar med forskingsadministrasjon, men terskelen for å ta kontakt er låg, seier professoren.

— Eg har fått alt eg har bede om, og har ikkje sakna noko, seier han.

Professor Kjartan Leer-Salvesen peikar på kort veg til både andre fagmiljø og forskingsadministrasjon som ein stor fordel.

Hadde etablert forskargruppe

Leer-Salvesen og forskingskollegaene søkte to gongar før dei kom gjennom nålauga. Det er slett ikkje uvanleg, og han fortel at dei var budde på å måtte gå fleire rundar.

— Tilslagsprosenten er berre om lag ti. Eg trur det som gjorde at me kom gjennom, var at me over tre år hadde etablert oss som prosjektgruppe og publisert artiklar saman, seier Leer-Salvesen.

— Kor mykje tid brukar ein på å skriva ein søknad om eksterne midlar?

— Det er vanskeleg å svara på, korleis skal ein rekna på tida ein har brukt på å utvikla forskingsideen? Men det tek nok nokre månadsverk å skriva ein god søknad.

Om lag førti årsverk, mellom anna fem stipendiatar og to professorstipend, ligg inne i prosjektet.

— Eg meiner at eg har utvikla meg som forskar gjennom å jobba med ein slik søknad. Me har fått jobba dette langsamt fram, med eit godt grunnlag og i eit godt team - ikkje berre jobba sidelengs, seier Leer-Salvesen.

Powered by Labrador CMS