Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Student At Risk. Bhekumusa «Bheki» Dlamini (36) skulle eigentleg sendast ut av landet nyttårsaftan, men fekk utsett utreisefristen til 29. februar. No har ei avgjerd teken av den sørafrikanske ambassaden ført til at UNE vil sjå på saka hans på nytt.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Bhekumusa «Bheki» Dlamini frå Swaziland blei i 2015 invitert til Noreg og Universitetet i Bergen gjennom studentprogrammet Students at risk.
I romjula kom nyheita om at norske styresmakter og Utlendingsnemnda (UNE) ikkje trudde på at Bheki Dlaminia kom frå Swaziland, og dermed ville nekta den tidlegare masterstudenten ved Universitetet i Bergen asyl i Noreg.
Dagen før nyttårsaftan innvilga Politiet si utlendingseining Bheki og advokaten hans Brynjulf Risnes sin søknad om å få utsett utreisefristen til 29. februar, og dermed fekk dei litt meir tid og ro på seg til å arbeida vidare med saka.
I dag, fredag 7. februar, melder NRK at Bheki får ein ny sjanse til å få innvilga søknaden sin om politisk asyl, etter at den sørafrikanske ambassaden har bestemt seg for å granska passet hans på nytt.
Årsaka til at UNE i første omgang gav Bheki avslag på søknaden var nemleg at dei tok utgangspunkt i Dlamini sitt sørafrikanske statsborgarskap, noko han fekk ved hjelp av falske fødselspapir då han rømde frå heimlandet Swaziland.
Men no kan altså den sørafrikanske ambassaden enda opp med å annullera statsborgarskapet, skriv NRK.
— Etter at me tok ut stemning mot UNE, tok Regjeringsadvokaten kontakt med den sørafrikanske ambassaden. Dei ynskjer no å undersøka opplysingane rundt Bheki sin fødselsattest, seier advokat Brynjulf Risnes, til NRK.
Dersom statsborgarskapet no blir annullert, er ikkje advokaten i tvil om at saka må vurderast på nytt.
— Me håpar UNE no tar konsekvensen av dette og gjer om vedtaket, seier Risnes.
Dlamini er letta over at ambassaden undersøker fødselspapira hans.
— Eg har heile vegen sagt at det berre er det swazilandske passet som er ekte. No kan forhåpentlegvis ikkje UNE lenger lena seg på det sørafrikanske statsborgarskapet i vurderinga av min søknad, seier 36-åringen.
Advokat Risnes seier den planlagde rettssaka er sett på vent. Bheki får bli til UNE har vurdert saka på nytt.
— Me vil ikkje gje frå oss moglegheita til ei rettssak sånn utan vidare. Det var naudsynt å få nokre forsikringar på vegen. No kjenner me oss sikre på at dette var den rette løysinga og at det tener Bheki sine interesser, seier advokat Risnes.
Nylige artikler
Når det er krig i Europa, må forskningspolitikken endres
Unge forskere vil ha tydeligere skille mellom jobb og fritid
Eksamener avlyst på grunn av datainnbrudd
28 søkere ønsker å bli ny kommunikasjonssjef på Universitetet i Oslo
NTNU har fordømt 7. oktober-terroren, men styrer ikke hva ansatte mener
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)