Debatt ● Svein Tuastad

Vanskelege debattar — korleis kan vi bli betre?

Situasjonen er alvorleg for akademia om vi ikkje klarer å diskutere. Ein kan finne to lærdomar i debatten om Kalvig-saka, skriv Svein Tuastad i dette avsluttande innlegget.

«Det frie og opne ytringsrommet er ein del av eksistensgrunnlaget vårt. I staden for å bruke tid og krefter på det som tidvis er mistydingar, burde vi snakke om korleis det kan etablerast eit godt ytringsrom i vanskelege debattar,» skriv kronikkforfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I dag er somme saker så konfliktfylte at mange er redde for å uttrykke si ærlege meining, også i akademia. I NRK-debatten 27. januar 2022 stod det betente temaet om kjønnsidentitet på dagsordenen, og partar som stod langt frå kvarandre, var inviterte. Det vart eit godt og opplysande ordskifte. Kvifor fekk Fredrik Solvang til å få diskutert det vanskelege temaet på ein opplysande måte — medan debatten som har vore i Khrono, så raskt spora av?

Situasjonen er alvorleg for akademia om vi ikkje klarer å diskutere. Det frie og opne ytringsrommet er ein del av eksistensgrunnlaget vårt. I staden for å bruke tid og krefter på det som tidvis er mistydingar, burde vi snakke om korleis det kan etablerast eit godt ytringsrom i vanskelege debattar. Dette trur eg er eit felles mål, om eg forstår debatten og innlegga eg kort skal referere, rett.  

Eit heller provinsielt hovudspørsmål i denne Khrono-debatten har vore kva UiS-rektor Mohn faktisk meiner om ytringsrett. Svaret på det er at Mohn meiner er at alle universitetstilsette (også på UiS) skal kunne ytre det dei vil, same kor kontroversielle meiningane måtte vere. Om nokon ennå måtte tvile på dette, kan dei kontakte Mohn sjølv og høyre. Vanskelegare er det ikkje.

Eg skal ikkje trøytte lesaren med å gjenta alle poenga i debatten. Men her i dette avsnittet følgjer kort lenketilvisingane for dei som er interesserte i å lese meir. Bakgrunnen var altså at etter Anne Kalvig gjekk av som UiS-professor retta ho kritikk mot UiS-leiinga, som rektor Klaus Mohn svarte på. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen (UiS-professor) gjekk deretter i rette med Mohn i eit oppslag i Khrono. Til slutt svara Nicolaysen, og det same gjorde Kamilla Aslaksen, til meg sjølv og Kolbjørn Kallesten Brønnick. Vi hadde forsvart Mohn.

Korleis kan vi få til å føre vanskelege debattar? Denne debatten har eg sjølv lært to nye ting av. For det første merkar eg at samanhengen mellom dei redigerte avisspaltene og sosiale medium skaper ein eigen negativ dynamikk. Eg har vore ute i debatt ei vinternatt før. Men nokre angrep i sosiale medium i denne saka oppfattar eg som uvanleg sjofle. Eg merka at dei fekk klinge med som ein undertone eg måtte streve med å få bort då eg entra dette meir ordna, redigerte ordskiftet. Det eg burde gjort om eg ville gå meir inn i debatten, var i staden å konsentrere meg om kommentarfeltet til Khrono. Debatten der ser ut til å fungere betre enn i sosiale medium og kommentarfelta til dei vanlege nettavisene ved at innlegga verkar meir saklege. Ja, kanskje Khrono og akademia kan gå føre her.

For det andre, slik det ser ut for meg, rommar debatten også lærdom om korleis debattar sporar av, og om kor fullstendig avgjerande viljen til ei viss, velvillig fortolking er for ein debatt. Debatten krasjar så lenge vi let vere å følgje essensen i dei veletablerte debatt-normene, om desse er diskursføresetnadane til Habermas, saklegheitsnormene til Næss eller ytringsvettreglane til Kierulf-utvalet.

Normsetta har som ein felles premiss at god debatt krev at ein vil forstå. Du må gje att rett det som diskusjonsmotparten meiner. Elles vert ikkje eit ordskifte som fører framover, mogleg. Eg spør meg sjølv om det kan vere slik at fordi akademisk gjørmebrytning unekteleg har klår underhaldningsverdi, vert det for lett å sleppe unna med å vere usakleg. Eg meiner fleire burde vere med å ta ansvar for at debatten er sakleg.

Fredrik Solvang i NRK-debatten etablerte rammer der deltakarane måtte følgje spelereglane for sakleg debatt. Resultatet vart eit opplysande ordskifte om kjønnsidentitet.

Så det går an.

(Dette er så langt det siste innlegget i denne debatten. Alle er velkomne til å diskutere vidare i kommentarfeltet under dette innlegget. All debatt i kommentarfelta i Khrono vert modererte i ettertid — les debattreglane her. Red.)

Powered by Labrador CMS