Debatt ● Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Det urimelege, det rimelege og det som kunne vore gjort

Slik dette no artar seg, mobiliserer ein for å unngå debatt, heller enn for å ta debatten. Den gylne augneblinken gjekk over, skriv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen om Kalvig-saka.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitenskap ved UiS.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Apologi er ein vanskeleg sjanger. Når nokon forsøker seg på den, vil vi uvegerleg i Noreg tenkje på Ludvig Holbergs elegante «Apologi for Fanden». Ein må mest opp på det nivået dersom ein skal unngå at apologien berre bankar inn det inntrykket ein vil ha fjerna. Noko Kolbjørn Kallesten Brønnick og Svein Tuastad oppnår ettertrykkeleg med sitt forsvar for framferda til Klaus Mohn då han vart spurd om å vere med på dialog om kjønnsproblematikken.

Eit romersk ordtak seier at ein ikkje kan splitte skodda ved hjelp av endå tettare skodde. Mitt venskaplege råd til kollega og avgåande styremedlem Svein Tuastad vil vere å unngå denne futile øvinga. Han har no kringom i ymse media fortalt meg og andre at det han kallar kritikken av Klaus Mohn, er urimeleg.

Ja vel. Eg har oppfatta omtalen av Mohns handtering av kjønnsdebatten helst som ei vurdering og ei oppmoding. For oss som voks opp med strukturalismen, er det automatisk slik at vi spør etter motsatsen til ei fråsegn, eit omgrep, eit adjektiv, for betre å byggje eit forståingsmønster. Motsatsen til «urimeleg» må vel normalt vere «rimeleg».

NAOB, ei god bokmålsordbok, definerer «rimeleg» i fyrste tolking slik: «som man må anta stemmer, rimer med virkeligheten, med det virkelige forhold; sannsynlig». Urimeleg må då vere det motsette. Altså stemmer det ikkje, det er ikkje i samsvar med røyndomen, og det er usannsynleg, den vurderinga at rektor Mohn burde gjort noko anna enn å karakterisere ein debatt medan han trekte seg frå samtalen. Det er altså urimeleg å oppmode til fri debatt og seie at rektor kunne brukt det gylne høvet han hadde til å seie at no trengst det å ta ansvaret med å setje oss ned og få gjennomdrøfta korleis vi kan få eit betre ytringsklima, og takk til dei som gjer sitt beste for å klårgjere sine standpunkt.

Dersom min rektor hadde gjort dette, ville eg for min del nøgd ha stige ned frå dei høge pauluner oppunder den lågtliggjande skodda på Ullandhaug, frå den etasjen vi i Stavanger ærbødig kallar Parketten, og seie som Mefistofeles i André Bjerkes omsetting av Faust 1: «Vårherre er en rimelig mann. Ham må jeg tale oftere med».

Oops, kva var det for ei tyding av «rimelig»? Er Vårherre i «samsvar med virkeligheten» hos Goethe og André Bjerke? Det er då den andre tydinga NAOB tilbyr: «fornuftig, forstandig, forståelig». Aha. Magne Lerø, eg og andre har ytra noko som korkje er fornuftig, forstandig eller forståeleg. Dét er attesten sin, det!

Vel, no har eg og andre faktisk gjort denne vurderinga, og om då Tuastad vel å ta dette som kritikk, så vil eg tilrå at han ikkje gløymer kva «kritikk» tyder på akademisk. Kritikk vil ikkje seie å vere usamd, det viktige er heller ikkje at ein stiller seg negativt til noko som er sagt eller gjort. Kritikk, i den opphavleg greske tydinga som også er vorten den akademiske moderne, er å finne ut av kva kriteria er for det som vert sagt eller gjort, altså kva vurderingsgrunnlaget faktisk er, kva for premiss vi nyttar oss av. Dette er no det eg prøver å lære studentane mine at «kritisk tenking» er: det er likså vél ei saumfaring av eigne fordommar og idéar som ein må korrigere for å kome nokon veg i løysinga av det forståingsproblemet ein tek føre seg.

Tuastad meiner naturlegvis at det er urett, det eg har sagt. Og for å kunne verkeleg understreke dette, gjer han noko som for humanistar er ei dødssynd: han brigdar kjeldene! Statsvitarar eg elles kjenner, plar ikkje gjere denne synda.

I vår tid, der vår ytringsfridomsekspert Anine Kierulf og andre vyrde folk som Jan Fridhjof Bernt meiner det er legitime ytringar å brenne bøker offentleg, nyt ikkje Anne Kalvig full ytringsfridom.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Brønnick og Tuastad finn det for godt å rydde opp i kriteria eller premissane, ved å framstille to mistydingar. Den eine skal vere at rektor Mohn og UiS-leiinga refsar kontroversielle meiningar. Det har i alle høve ikkje eg sagt, eg sa derimot til Stavanger Aftenblad at det eigentleg var greiare for om lag 15 år sidan, då dei som hadde upassande meiningar vart innkalla på teppet til rektor. Då kan ein jo snakke om saka, som likestilte i diskusjonen, om enn asymmetriske i relasjonen.

Men noverande rektor tok ikkje ein telefon eingong, for å avklare eller oppklare kva det var Anne Kalvig og Kamilla Aslaksen hadde meint med å få ein dialog i gang om dei spørsmål det er usemje om. Det burde då i særskilt grad vere naudsynt lokalt ved UiS, der ein kjønsforskar har funne det for godt å melde kollegaer til politiet (politimeldinga vart sjølvsagt lagt vekk som ikkje straffbart forhold).

Den hetsen Kalvig er blitt utsett for på alle moglege måtar, er ikkje minst typifisert ved at den førnemnde professor i kjønsforsking valde å dele ei teikning på Facebook frå Natt & Dag der det openbert er Anne Kalvig som er motivet: ei blond voodoo-dokke med ei mengde nåler gjennom seg og eit ikkje særskilt levande uttrykk i andletet. I vår tid, der vår ytringsfridomsekspert Anine Kierulf og andre vyrde folk som Jan Fridhjof Bernt meiner det er legitime ytringar å brenne bøker offentleg, nyt ikkje Anne Kalvig full ytringsfridom. Tvert om er det vel å rekne som ytringsfridom å vere eksplisitt i ei nokså grufull symbolisering av korleis ein skal stoppe enkelte i å diskutere sitt syn på kvinnepolitikk.

Vår rektor ber ei rektorkåpe ved høgtidsame høve som designaren av kåpa i si tid fortalde at ho søkte inspirasjon til i katolske tradisjonar. Altså noko som liknar på ei bispekåpe frå motreformasjonstida. Men rektor er ingen biskop, det er sant og visst; ulikt ein bisp baud han ikkje inn til pastoralsamtale, for om mogleg å finne ut av korleis debattane kunne kome inn i eit spor han sjølv meinte kunne vere meir fruktbart. Eg har trudd rådgjeving var ei av rektors oppgåver, heller enn tilbaketrekking, men det er vel også urimeleg.

Nei då. I staden skreiv han i Khrono ei lengre utgreiing om kvifor han just ikkje ville ta på seg noka rådgjevings- eller dialog-plikt. Derimellom dette: «Eit eksempel på ein debatt som har gått av skaftet er ordskiftet rundt kjønn og identitet. Her sit to marginale grupper i kvar si skyttargrav, medan den store hopen av oss held oss langt unna.»

I omtalen av dei som tek del i denne debatten er det altså ikkje slik Brønnick og Tuastad seier, at rektor vår ikkje ønskjer å delta i kjønnsdebatten grunna det hardt polariserte debattklimaet. Nei, han peikar ut sjølve syndarane som har laga debattklimaet, og alle ved UiS veit kven som på denne måten er omtala.

Mohn vil altså plent ikkje seie at alle ved UiS har rett og plikt til å ytre seg om vanskelege spørsmål i det offentlege rom. Kva gjer han så i staden? Han svarar på ein invitasjon til dialog frå Kamilla Aslaksen (Universitetet i Innlandet) og Anne Kalvig (UiS), ikkje med å kalle inn til eit møte, i fyrste omgang. Nei då. Han nøler ikkje med å uttrykkje seg til Khrono, og då så klart som på nokon måte mogleg: Han vil halde seg langt unna, saman med den store hopen. Korleis skal nokon oppfatte dette, saman med nemninga «marginale og ekstreme grupper», som noko anna enn ein karakteristikk som inkluderer eller kan hende jamvel helst gjeld dei som inviterte?

I same snuen klarte dermed rektor Mohn å gje déi rett, som meiner at Kalvigs etter mitt syn alltid nøkterne debattmåte er ekstrem. Kalvig har insistert på at det er naudsynt å halde oppe kvinneperspektivet for kvinner som er biologiske kvinner, av ulike grunnar, ikkje minst politiske. Hennar standpunkt er altså at ein lett viskar ut dei enno uløyste spørsmåla når ein framhevar spørsmålet om kjønnsskifte og kjønnsidentitet som det sentrale politiske spørsmålet. Ho har då arbeidd med forholdet mellom kjønn og religion i 25 år og har vore politisk aktiv med klår feministisk profil.

Når Kalvig så uttrykte at nei, ho vil ikkje kalle transar til kvinneidentitet for «ho», braut eit helvete laus, og motparten i debatten innførte fylgjande slutningsrekkje, utanfor all logikk: Ordbruk er valdsbruk, om ein nektar å bruke særskilde pronomen, så driv ein med vald, valden går ut på at ein vil utradere minoritetar med avvikande kjønnsidentitet, altså er ein høgreekstrem, og altså fascist.

Ingen forstandig, altså rimeleg, analyse av nokosomhelst Anne Kalvig eller Kamilla Aslaksen har skrive, kan på noko sett og vis prove at dei er ekstreme. Dei prøver å finne rom for sitt syn, som jo er eit moderne og tradisjonelt syn, eit syn som føreset at naturvitskapen framleis vil halde fram med å klassifisere levande vesen etter reproduksjonsevne, eit syn som føreset at korkje kvinnekamp eller homokamp er storleikar ein berre kan føyse vekk. Ja visst uttrykkjer ein seg somtid krast i diskusjonar, men så langt eg på nokon måte kan sjå, har Kalvig og hennar meiningsfeller aldri uttrykt foraktfulle, hatske, nedverdigande, fiendslege oppfatningar om sine motstandarar.

Det motsette er derimot tilfellet. Det er ikkje grenser for kva ein stor slump personar innafor og utanfor Akademia meiner dei har forstått av kva Kalvigs meiningar er. Går du dei på klingen, viser det seg at slike «lesingar» aldri har faktisk tekstbelegg. Det er alltid oppsummerande, karakteriserande påstandar om Kalvig og hennar arbeid og hennar samarbeidande fagfeller.

Ingen forstandig, altså rimeleg, analyse av nokosomhelst Anne Kalvig eller Kamilla Aslaksen har skrive, kan på noko sett og vis prove at dei er ekstreme.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Og det har sine effektar. Ein lækjar stogga meg på måndag og var svært glad for at eg hadde sagt ifrå om at denne debatten må førast, og ikkje føysast vekk som ekstrem eller umogleg. Kvifor? Han var for det fyrste svært samd i at ein må ta kvinners utfordringar helsemessig og sosialt svært alvorleg, han såg nok fylgjer av at det ikkje vart gjort og at vi heller går mot eit meir lukka samfunn i omtalen av kvinners behov, enn det vi hadde grunn til å tru ei tid. For det andre fekk han fleire og fleire vitjingar av unge menneske som vurderte sin kjønnsidentitet, friske folk, men som stadig vekk lurer på om det er noko gale med dei. Slike prosessar må takast alvorleg av rette fagfolka, meinte då denne lækjaren, og bør absolutt ikkje drivast fram av aktivistar i det offentlege rom. Uvissa hjå den enkelte kan ha heilt reelle grunnar, men ein må ikkje oppføre seg som om ein skal rekruttere folk til eitslags kjønsparti, det skaper fleire problem enn kva som er løysande. Sa han.

I skrivande stund fekk eg ei melding frå ein student — ikkje ein av mine, ikkje ved UiS — som skriv på ei oppgåve som er diskutert i plenum mellom medstudentar, der studenten mellom anna hadde vist til Anne Kalvig. Dette hadde resultert i forskrekkelege reaksjonar i studentgruppa, og nokon hadde teke det føre seg å sende klage på vedkomande.

Så sterk er hetsen og oppattakinga av grunnlause skuldingar mot Kalvig og hennar «medskuldige» at Khrono neppe har nettplass til alle dei døme eg relativt raskt no har fått kasta på meg av utskjellingar og påstandar om folk som måtte finne på å nærme seg Kalvigs tenkjemåtar. Jamvel har eg forstått på høgt respekterte personar i vår universitetsverd, at dei rett og slett ikkje ønskjer å gå inn i ordskifte om ytringsfridom innafor dette feltet eingong, for det vil sitje fast som ei smitte og bli tolka på ein sterkt ufordelaktig måte frå fleire hald, mange ville dessutan ikkje sjenert seg for å forulempe heilt plettfrie forskarar og undervisarar på det grovaste. Andre, konkurrentar, kunne nok brukt det til å svekke vedkomande som uttala seg.

Kvifor vert så mange engstelege for å gå inn i diskusjonar om dei forhold Kalvig har teke opp? Jau, det er av di ho er blitt omtala av ein kollega, ein kjønsforskar ved UiS, for å vere høgreekstrem. Dette er ut frå alt ferdigdefinerte premiss som ut frå oppfatninga om situasjonen i kjønnsdebatten genererer slike påstandar. Kapittel 9 i boka Populism and Science in Europe har gjort eit stort inntrykk og blir samanfatta med svært grove konklusjonar på nettet mange stader. Dette kapittelet er klaga inn for Forskingsetisk Utval ved UiS. Saka er under handsaming ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Dette kan vere interessant for Khrono å lage ei eiga sak om.

Kven det er som er i sentrum for den aktuelle problematikken veit vi alle ved UiS. Men det står altså som viktigast for Svein Tuastad å «forsvare» Klaus Mohn, som eg alltid har rekna som så sterk at han ikkje trong forsvar, og faktisk har trudd var glad i friske ordskifte. Men han, som vi alle, kan då trengje både å grunngje sine handlingar, forklåre dei — og tenkje seg om eitpar gonger.

Slik dette no artar seg, mobiliserer ein for å unngå debatt, heller enn for å ta debatten. Den gylne augneblinken gjekk over.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Slik dette no artar seg, mobiliserer ein for å unngå debatt, heller enn for å ta debatten. Den gylne augneblinken gjekk over. UiS insisterer på å fortelje verda at debatten må unngåast fordi dei som driv han, derimellom Anne Kalvig, driv med hets, slik altså då Brønnick og Tuastad gjentek omstendeleg og overtydeleg i sin apologi. Og oppnår altså å stadfeste dei «mistydingar» dei ønskjer å motverke. Samt utbreie nokre andre.

D’herrar Brønnick og Tuastad finn ingen døme på «at Mohn og UiS har gjort en innhaldsmessig vurdering av meninger». Nei, var det likt seg, det har då heller ingen påstått som eg har sett. Så den «misforståelsen» må ha oppstått i Brønnicks og Tuastads eige lønnkammer, eller den er ein rein konstruksjon. Derimot har ein påstått at debatten er avvist på ein uheldig måte og ein måte som ikkje viser omsorg korkje for å søkje etter utfordrande oppklaringar eller sanningar, eller for personalet. Dét er i alle høve det eg vil påstå.

Det er mest rørande at ein kjenner grunn for å liste opp prinsipp frå NOU 2022: 2, altså rapporten Akademisk ytringsfrihet frå i fjor vår. To område er diverre ikkje særleg godt behandla i denne rapporten: kva gjer ein med grupper som øver press på institusjonen for å få stoppa visse aktørar, og kva med indre konfliktar? Det er vanleg å gløyme undertittelen til rapporten som gjeld vår ytringsfridom: «God ytringsfrihet må bygges nedenfra, hver dag».

Kva skal no det, bety, då? Vel, det kunne betydd at når akademikarar kjenner behov for det, i ein trengt situasjon, så appellerer ein til rektor om å hjelpe til å få orden på «god ytringsfrihet» for å byggje denne nedanfrå. Ein kan ikkje dekretere ytringsfridom, men ein kan til ei kvar tid, kvar dag, framheve naudsynet av å presisere ytringar, finne ut av kva ytringar er og analysere vilkåra for at vi kan ytre oss skadeslause. Juristar er tydelegvis ikkje med naudsyn kjende med dei siste 100 års diskusjonar i språkfilosofi, språkbruksanalyse og tekstanalyse om akkurat dette fenomenet, vi andre reknar då helst med at ei ytring er intensjonal og at den kontekstuelt vil føresetje tilsvar, jamvel motseiing. Altså må eit godt klima for ytringar og debatt pleiast.

Jau då, NOU 2022: 2 slår fast at leiarane har eit viktig ansvar i så måte. Men den overlèt til kvar og ein av oss å finne ut av kva vilkåra for fri ytring kan vere. For å vere banal: Eit barn som er mobba i skulen kjem til ein vaksen og spør om hjelp til å diskutere med mobbarane og med dei som har ansvaret for dagleglivet. Det den vaksne og i alle høve rektor, dersom hen vert merksam på det, ikkje skal gjere, skjønt det er blitt gjort om att og om att til ei kvar tid i skulen, trass i all mobbeforsking, er å føyse barnet vekk og seie at det er sikkert og i alle høve dels di eiga skuld. Vel, no vert visst slik praksis likevel flytta opp i universiteta.

NOU 2022: 2 opplyser elles at der ligg føre rettsvurderingar på at å bruke eit anna pronomen enn det som er bede om, ikkje utgjer trakassering. Så kan vi kanskje setje dei skuldingane, som med den interessante logikken eg har observert og gjeve att ovanfor blir til grunnlaget for å skulde nokon for høgreekstremisme, heilt til sides.

Det får vere nok for i dag, nett no har eg ingen fleire perler å kaste.

Powered by Labrador CMS