Debatt astrid kvalbein

Variert og ansvarleg bruk av tilsetjings­­former er det beste for Norges musikk­høgskule

Svar til Live Maria Roggen om bruk av åremålsstillinger.

— Motivasjonen bak ei fleksibel tilsetjingsmodell er å sikre eit relevant tilbod til ein mangfaldig studentmasse i stadig endring, som i sin tur skal ut i ein omskifteleg arbeidsmarknad, skriv NMH-rektor Astrid Kvalbein.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I eit innlegg i Khrono 18. november ber professor Live Maria Roggen meg om å argumentere for bruken av åremål i deltidsstillingar ved Norges musikkhøgskole (NMH).

Spørsmålet er rimeleg. Argumentet for å bruke åremål i stillingar der skapande eller utøvande kunstnarisk kompetanse går inn som eit vesentleg element i kompetansekravet, (jf. universitets- og høgskolelova §6-4.), har vore at kunstutdanningsinstitusjonane skal sikre fagleg fornying og at studentane skal møte lærarar som er aktive på det aktuelle kunstfeltet. Det siste kan ein like gjerne vere som fast tilsett på deltid, meiner Roggen. Med rette.

I artikkelen der eg blei intervjua på bakgrunn av at LO no ønskjer å fjerne sjansen til å tilsetje på åremål i kunstnariske stillingar, viste eg til eit vedtak i NMH-styret frå 2019 der det blir etablert som ein normal at heile stillingar skal vere faste, deltid på åremål. Det som ikkje kom fram i artikkelen, var at vedtaket òg opnar for at ein kan tilsetje i faste stillingar på deltid og fulle stillingar på åremål «dersom det er gode grunner til det».

Retninga i vedtaket er mindre bruk av åremål, og dette er implementert ved at det er lyst ut fleire faste stillingar etter 2019, enn i åra før. Ein annan intensjon, som er følgd opp, er å tilsetje i større stillingar, framfor mange små. Kjernen er, slik eg les det, er at ein alltid skal grunngi kva type stilling ein lyser ut og tilset i, same kva. Dette inneber eit ansvar som vi i rektoratet tar på alvor.

For å sikre både stabilitet og fleksibilitet, kontinuitet og fornying på ein institusjon som vår, vil ei blanding av tilsetjingsformer ofte vere det beste.

Astrid Kvalbein, rektor ved Norges musikkhøgskole

Som Roggen veit, er tilsetjingspolitikk ved musikkhøgskolen eit langsiktig, komplekst arbeid. Vi har mange relativt små, spesialiserte fagmiljø, der det er viktig at ikkje éin eller nokre få personar får prege verken undervisninga, forskinga og det kunstnariske utviklingsarbeidet gjennom ein heil generasjon. Samtidig skal vi vere ein arbeidsplass som investerer i – og får igjen for – å tilsetje på lang sikt.

Balansen er krevjande. Roggen spør òg, med rette, om ikkje variasjonen og kontakten med det aktive kunstfeltet i større grad kan sikrast gjennom kortvarige engasjement, gjestelærarar, gjesteprofessorat etc., i staden for å tilsetje på åremål. Til ein viss grad kan og vil vi det, mellom anna ved å tilsetje fleire i toarstillingar og engasjere eksterne til enkeltoppdrag. Til varige undervisningsbehov kan vi derimot ikkje bruke korttidskontraktar.

For å sikre både stabilitet og fleksibilitet, kontinuitet og fornying på ein institusjon som vår, vil ei blanding av tilsetjingsformer ofte vere det beste. I praksis tyder det både heil- og deltidsstillingar, fast og på åremål. Derfor ønskjer vi, og fagmiljøa våre, at vi skal ha lov til å tilsetje på åremål også i framtida.

Motivasjonen bak lova er heller ikkje, som Roggen skriv, å kunne ha fagleg tilsette i ein slags «mangeårig prøvetid», men å sikre eit relevant tilbod til ein mangfaldig studentmasse i stadig endring, som i sin tur skal ut i ein omskifteleg arbeidsmarknad. Å ruste dei for framtida er det viktigaste oppdraget til utdanningsinstitusjonar som Musikkhøgskolen, og dermed for meg som rektor.

Les også:

Følg flere debatter i akademia på Khronos meningsside

Powered by Labrador CMS