nord universitet
Vidareutdanning: Svindlarjakt
Nord universitet skal tilby etter- og vidareutdanning til tilsette i bank og finans. Tema: Korleis avsløra svindlarar.
Det siste året har det vore fleire medieoppslag om økonomisk svindel på Helgeland. Men no skal Nord universitet saman med mellom andre Sparebank1 Helgeland og IT-selskapet Tietoevry tilby etter- og vidareutdanning innan korleis ein kan sikra seg mot finansiell kriminalitet. Eller, sagt på ein annan måte, korleis ein kan motverka digital svindel.
— Behovet for oppdatert kunnskap innan område som cybertryggleik, førebygging av svindel og å sikra betalingssenter er stort, seier Krister Salamonsen på Nord universitet sine eigne nettsider.
Han er førsteamanuensis ved Handelshøgskolen ved Nord universitet og prosjektleiar for denne etter- og vidareutdanninga.
Fleire treng kompetansen
Salamonsen seier at store næringsaktørar har meldt til Nord universitet at dei har behov for kunnskap om korleis ein kan kjempa mot digital, finansiell kriminalitet.
— Dei som sit på denne kompetansen til no, er små miljø i eit lite utval verksemder. Med tanke på kor breitt og altomfattande dette er, ser me at fleire organisasjonar treng å få denne kompetansen, seier Salamonsen til NRK.
Han seier til Khrono at både trendar over tid og korleis ein kan førebygga digital, finansiell kriminalitet vil vera tema på kursa.
— Det er eit kappløp, og det handlar om å forstå fenomenet digital svindel, og om at tilsette både i offentlege etatar, i bankar og revisorar skal kunne oppfatta når eller viss det skjer merkelege ting, seier Salamonsen.
Nord universitet fekk 2,25 millionar kroner frå HK-dir i vår, som ein del av bransjeprogrammet for finansnæringa. Målgruppe for vidareutdanninga er tilsette i bank og finans, og utdanninga vil vera samlingsbasert med fysiske samlingar i Mo i Rana.
Planen er at ein frå neste haust skal tilby såkalla mikroemne, som til saman vil gi 7,5 studiepoeng. Eitt av emna er digitale skift i svindeltrendar og proaktiv førebygging av svindel.
— Eg er prosjektleiar, men eg berre ein enkel siviløkonom, eg, seier Salamonsen og humrar.
— Men me kjem til å henta inn dei beste i landet til å førelesa. Etter- og vidareutdanningskurs er ganske enkle å etablera, men på sikt håpar me òg å kunne få desse temaa inn i bachelorgrada vår.
Frå gata til det digitale
Administrerande direktør i Sparebank1 Helgeland, Hanne Nordgaard, seier til NRK at dei kriminelle har flytta inn frå gata og inn i den digitale verda. Ifølgje Finans Norge vart nordmenn svindla for ein milliard kroner i fjor, og bankdirektøren er glad for at Nord universitet no startar denne utdanninga.
— Det løner seg mykje meir for dei kriminelle å sitja på store call-senter med digital kriminalitet enn å gå ut i gata og montera utstyr på minibankar. Det er digitalt det no er lettast for dei kriminelle å få tak i pengane, seier Nordgaard.
Oppdatert 22.8 kl 13.34 med kommentarar frå Krister Salamonsen

Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager