USA

«Vondskapsfull ideologi». Hegseth stansar samarbeid med fleire toppuniversitet

Det amerikanske forsvarsdepartementet vil gjere det ulovleg for militære å ta bestemte utdanningar.

Columbia University i New York har vore blant dei kjende universiteta som har vore utsett for åtak frå Trump-administrasjonen.

Ifølgje USAs såkalla krigsminister, Pete Hegseth, blir amerikanske soldatar utsette for uheldig indoktrinering ved det han meiner er politisk liberale utdanningsinstitusjonar.

I februar erklærte Hegseth at det er slutt på militære utdanningar ved Harvard og at Pentagon kuttar alt samarbeid. No er 14 andre føydd til lista, ifølgje The New York Times. Blant dei er kjende toppinstitusjonar som MIT (Massachusetts Institute of Technology), Princeton, Yale, Brown, Georgetown, Johns Hopkins og Columbia.

Kennedy School, eit fakultet ved Harvard, er blant dei som har kurs og program for høgareståande militære leiarar i USA. Hegseth tok sjølv ein mastergrad der i 2013.

Trump-administrasjonen vil også redusere samarbeidet med sju tenketankar i Washington som jobbar med forsvars- og tryggleiksanalysar.

Ifølgje New York Times gjekk Hegseth hardt ut i sosiale medium fredag, timar før åtaket på Iran. Der omtalar han dei aktuelle universiteta som prega av antiamerikanske, «vonde ideologiar» og «wokeness».

Eit notat frå Forsvarsdepartementet viser ifølgje avisa at militæret no skal forby dei som er i teneste i å delta i visse masterprogram og stipendiatordningar ved universiteta Hegseth peikar ut. 

«Det er avgjerande at utdanningssystemet for krigarar sørgjer for strategiske toppleiarar som er trena i å tenke kritisk og upåverka», står det i notatet. 

Frå notatet går det også fram at utdanningstilboda kan bli flytta til andre institusjonar, blant dei kristen-konservative universitet.

Powered by Labrador CMS